Høgtlesing med Lurivar og juleverkstad

4. desember kl. 13.00, Aasentunet

Illustrasjonsbilete av Lurivar og boka Jakob og Neikob

Søndag 4. desember er Lurivar endeleg tilbake på besøk i Aasentunet. Kvar haust arrangerer Aasentunet barnekunstutstilling saman med barnehagar i regionen. I år har over 250 ungar bidratt med kunst som tek utgangspunkt i boka Jakob og Neikob og tidsmaskinen. Lurivar gleder seg til å lese høgt frå boka og sjå kunsten i lag med publikum. Kanskje blir det ein song eller to også? Etter høgtlesinga blir det juleverkstad i kafeen.

Type:
Høgtlesing og juleverkstad

Tid:
Høgtlesinga varer omlag 30 minutt

Stad:
Høgtlesing i salen og juleverkstad i kafeen i Aasentunet