Krimkveld med Randi Fuglehaug

21. mars, kl. 19.00, Salen, Aasentunet

Randi Fuglehaug. Foto: Jon Hunnalvatn Ton/Kagge forlag
Foto: Jon Hunnalvatn Ton / Kagge forlag

Då vossingen Randi Fuglehaug skulle skrive sin fyrste roman, vende ho seg til heimbygda for inspirasjon. Dei to første bøkene i trilogien med journalist Agnes Tveit i hovudrolla har motteke strålande kritikk. Siste bok i krimtrilogien, Skallebank, kjem ut 14. februar på Kagge forlag. 

Torsdag 21. mars kjem den bokaktuelle forfattaren til Aasentunet for å fortelje om krimtrilogien sin – og om korleis fredelege Voss har vorte om til samlingsplass for skurkar og drapsmenn i bøkene hennar.

Museet held ope kl. 18.00-21.00 med vanleg tilbod i kafeen. 

omslag til boka skallebank av randi fuglehaug
Skallebank / Kagge forlag

Type:
Forfattarbesøk

Tid:
21. mars, kl. 19.00

Stad:
Salen, Aasentunet