Ro - Om Sognefjorden og ein lang rotur heim

15. februar, kl. 19.00, Salen, Aasentunet

Bilete av Sigri sandberg
Sigri Sandberg. Foto: privat.

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. 

Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro, og bestemmer seg for å ro og fortelje Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt.  

Sigri fortel: 

«Eg startar ytst i havet der eg budde som lita, og ror innover mot garden der eg delvis bur no. Undervegs fortel eg om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Er fjorden eigentleg frisk? 

Eg ror med mannen min, venninner og mor mi – på ulike strekk. Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn eg ro?» 

I føredraget Ro – om Sognefjorden og ein lang rotur heim fortel Sigri om vår lengste fjord og eit forsøk på å finne heim.

Museet er ope kl. 18.00- 21.00.

Ro/Samlaget

Type:
Foredrag

Tid:
15. februar, kl. 19.00

Stad:
Salen, Aasentunet