Aktuelt

Bilde av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas

Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø?

Sumaren 2025 vil Vinjesenteret tilby omvisingar i diktarheimen Midtbø som ein del av formidlingstilboda frå Vinjesenteret. Midtbø var heimen til ekteparet og forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.   

Les meir
Illustrasjonsbilde av Olav H. Hauge og eit handskrive dikt

Vinnarane av diktkonkurransen er kåra

Haugesenteret takkar for alle diktbidraga som har kome inn til konkurransen vår i høve Verdas poesidag! Folk frå ulike deler av landet, i alderen 10-68 år, har sendt inn sine dikt. Det gjev oss god tru på diktet si framtid!

Les meir
Bilde av Neteland, Helset og Haugen

Presentasjon av dialektendringsstudie

Tysdag 18. mars kl. 18.00 i Aasentunet presenterer professor Stig J. Helset, professor Tor Arne Haugen og førsteamanuensis Randi Neteland resultat frå dialektendringsstudien som dei gjennomførte mellom 184 ørstingar og voldingar i alderen 14-83 år hausten 2023.

Les meir
Bilete av Olav H. Hauge

Diktkonkurranse – verdas poesidag 21. mars 

Håp og framtid – to små, men også store ord. Kva tenkjer du om dei? Har du ord som lengtar etter å koma på papiret? Tankar om framtida, draumar om noko nytt, eller eit håp som spirer i ei uroleg tid? Med utgangspunkt i verdas poesidag 21. mars inviterer Haugesenteret alle til å setja ord på si eiga forståing av håp og framtid.

Les meir
Bilete frå arkivet i Aasentunet

Nynorsk arkivplan på høyring

Korleis skal me sikre at arkiv som dokumenterer nynorskhistoria vert tekne vare på? Første utkast av Nasjonal bevaringsplan for privatarkiv knytt til nynorsk skriftkultur 2025–2029 er no ute på høyring. Denne vil Nynorsk kultursentrum gjerne ha innspel på fram til høyringsfristen 10. mars.

Les meir

Litterær morsdag: Song til mor

På sjølvaste morsdagen kjem Olin til Ulvik for å snakka om boka ho sjølv kallar “ein kjærleikssong til mamma”. Mødrer, døtrer, fedrar og besteforeldre er alle velkomen til ein kveld i orda og kjærleiken si kraft. Velkomen til litterær morsdag!

Les meir