Arenaleiar Vinjesenteret

Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, forskar på og formidlar nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar ved dei tre arenaene våre i Vinje, Ulvik og Ørsta, og i heile landet.  

Me søkjer etter deg som har lyst å leie Vinjesenteret, den nasjonale kulturinstitusjonen som ligg i kulturbygda Vinje i Telemark! Grip sjansen no!  

Vinjesenteret for dikting og journalistikk opna i august 2021, og har ei stor utstilling med fokus på forteljingar, fakta og fantasi i det norske samfunnet, med utgangspunkt i diktinga og journalistikken.  

Då leiaren av Vinjesenteret har gått vidare i anna arbeid, ønskjer me oss ein ny inkluderande og offensiv arenaleiar som vinn tillit lokalt og respekt nasjonalt. 

Som arenaleiar er du sentral i å gjere Vinjesenteret synleg i samfunnet. Du vil få brukt kunnskapen din om kultur og litteratur. Det er ein fordel med eit strategisk blikk og erfaring med økonomi, men vel så viktig er evna di og gleda over å vera ein trygg og tydeleg leiar og medarbeidar. 

Det kan vere nyttig om du har bakgrunn frå museum, anna kulturinstitusjon eller journalistikk.  

Viktige oppgåver er: 

  • Personalansvar for fire tilsette på Vinjesenteret 
  • Ha oversyn, bidra til god kommunikasjon og arbeidsflyt mellom dei tre arenaene 
  • Leie arbeidet med å utvikle og drive publikumstilbodet på Vinjesenteret for det lokale og regionale publikummet gjennom året 
  • Bidra til å leie og gjennomføre nasjonalt formidlingstilbod med turnear og vandreutstillingar i heile landet 
  • Etablere Vinjesenteret som eit spennande reisemål 
  • Arrangere og utvikle den årlege festivalen Litteraturdagane, også til nye målgrupper 

Du vil arbeide tett saman med mellomleiarar i Haugesenteret og Aasentunet, men også dei andre medarbeidarane i organisasjonen. Alle nye medarbeidarar skal få grundig opplæring. Det ligg noko reising og noko helge- og kveldsarbeid i stillinga. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.  

Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein open bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.   

Tilsetjing etter avtale. Kontorstaden er ved Vinjesenteret i Vinje kommune.
Stillinga er fast og 100 %. 
  

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.  

Søknadsfrist: 24. september 

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.  

Ta gjerne kontakt med konst. direktør Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 79 eller 47 33 41 44 om du har spørsmål.  

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.  

Arbeidsstad:
Vinjesenteret, Vinje

Tittel:
Arenaleiar

Søknadsfrist: 
24. september

Oppstart:
Etter avtale

Stillingstype:
Fast stilling, 100 %

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre