Årets nynorskbrukar

Frå utdelinga av Årets nynorskbrukar 2024 til Alti og Coop Nordvest. Foto: Nynorsk kultursentrum

Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Tidlegare Vinnarar

2000

Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001

Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002

Ringstabekk skole

2003

Redaktør Martin Toft

2004

Musikkgruppa Side Brok

2005

Forfattar Kjartan Fløgstad

2006

Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007

Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008

ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010

Forfattar Maria Parr

2011

Bloggar Linda Sæbø

2012

Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013

Filosofen Gunnar Skirbekk

2014

Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015

Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg

2016

Facebook- og dataspelomsetjar Martine Rørstad Sand

2017

Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta

2018

Høgres generalsekretær John-Ragnar Aarset

2019

Frisørkjedene Floke og Balanzera ved adm.dir. Irene Stana og eigar Trude Lundevall

2020

Lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag Geir Sverre Braut

2021

Bergen kommune

2022

Klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord

2023

Framtida Junior

2024

Alti og Coop Nordvest