Fagdag: Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen
6. juni, kl. 11.30, Høgskulen i Volda
Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong før, etter at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i 2023. Korleis enda vi opp med at litteratur på mindretalsspråket nynorsk vinn internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Med desse spørsmåla ønskjer vi å få betre innsikt i samanhengen mellom omsetjing og statusen til det nynorske skriftspråket.
Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda og Nynorsk kultursentrum i samband med Festspela 2024.
Program kl. 11.30–16.00:
11.30 Registrering
11.45 Velkomst og velkomsttalar
12.00 Nynorsk litteratur i verda der ute
Margit Walsø, direktør ved NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet
12.30 Lunsj
13.30 Jon Fosse sine omsetjingar av Ibsen til nynorsk
John David Crosby, redaktør i tidsskriftet Mellom
14.15 «Ein målmann dristar seg ut» – Aasmund Olavsson Vinje i verda
Guy Puzey, førsteamanuensis ved Universitetet i Edinburgh [deltek digitalt]
14.45 Kort pause
15.00 Pioneren Henrik Rytter som omsetjar av verdslitteratur til nynorsk
Sindre Hovdenakk, litteraturkritikar
15.30 Jane Austen som døme på omsetjing av verdslitteratur i nynorsk skriftkultur
Marie Nedregotten Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda
16.00 Avslutning