Festspeldiktar Knut Ødegård i samtale med Peder Gravem og opning av utstilling om festspeldiktaren

28. april, kl. 14.00, Salen, Aasentunet

Viktig informasjon til studentar
Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda inviterer studentar til lesesirkel med utgangspunkt i Ødegårds forfattarskap 23. april. Deltakarar får fribillett til arrangementet i Aasentunet. Les meir om tilbodet her: Tekst og tanke | Høgskulen i Volda (hivolda.no)

Aasentunet har gleda av å invitere til førespel søndag 28.april kl. 14.00 med festspeldiktar Knut Ødegård. Knut vil samtale med Peder Gravem, og lese utdrag frå ei rekke utvalde verk.  

Ødegård bur i Molde og i Reykjavik. Tema som menneskeverd, psykisk sjukdom og demens, religion og ulike kulturar er ofte spegla i diktinga hans.  

Ødegård er den mest omsette nolevande norske poeten, med diktbøker som er utgitt på 42 språk. Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og var mellom anna den første nynorskbrukaren som vart vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.  

Peder Gravem er professor emeritus i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap frå Menighetsfakultetet i Oslo, med stor interesse for filosofiske og teologiske tema. Kjærleiken for litteratur har følgt Peder heile vegen, og han har i denne samanhengen vore oppteken av korleis tru og livstolkingar av ulike slag også viser seg i dikting.  

Ødegård og Gravem er jamgamle og kjenner kvarandre frå gymnastida i Molde på 1960-talet.  

Bli med på ein samtale mellom to vener om tema i litteraturen som lidenskapleg opptek dei begge.  

Vi opnar også utstillinga om Knut Ødegård denne dagen. Utstillinga inneheld personelge gjenstandar og bøker på utlån frå festspeldiktar Knut Ødegård og gir deg mogelegheita til å bli betre kjend med både forfattarskapen og festspeldiktaren som person.  

Aasentunet er ope 12.00-16.00.  

Kafeen har sal av enkle kioskvarer og bakverk.  

Type:
Samtale

Tid:
28. april, kl. 14.00

Stad:
Salen, Aasentunet