Forfattarane les: Opplesingar ved Forfattarskulen. Leia av Kathrine Nedrejord
7. juni, kl. 16.15, Utstillinga, Aasentunet
Elevane ved Samlagets forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring deler sjølvskrivne tekstar. Opplesingane er leia av Kathrine Nedrejord.
Forfattarskulen er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Målsettinga er å skape eit større litterært mangfald og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen.