Runar Gudnason og Jørgen Nordeng om dialekt og heim i rap. Samtaleleiar Olav Opsvik Øyehaug

7. juni, kl. 18.30, Salen, Aasentunet

Jørgen Nordeng og Runar Gudnason er begge artistar, kjende for val av språk i songtekstane sine. No går dei djupare inn i kvifor dialekt er så viktig i dikting, kva det betyr for dei å bruke talemålet sitt og korleis tema som heim og heimstad ligg der som eit bakteppe i mange av tekstane.

Jørgen slo gjennom som nordnorsk rappar i bandet Tungtvann, som gav ut sitt første album i 1999. Bandet er kjend for  bruken av nordnorsk dialekt i tekstane og er nærast pionerar i norsk rap-historie. Jørgen er også frilansjournalist og har skrive mykje om rap og hip hop.

Runar er rappar, regissør og omsetjar, og starta hiphop-gruppa Sidebrok i 2000. Innhaldet i tekstane er originalt, satirisk, humoristisk og gjennomsyra av dialekt. Dei handlar om heimstad og identitet, og skildrar ofte rånemiljøet i heimbygda Ørsta.

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 18.30

Stad:
Salen, Aasentunet