Seminar: Språklæring for dei minste
26. april, kl. 09.45, Aasentunet
Fredag 26. april er det gratis seminar i Aasentunet. Seminaret er meint som fagleg påfyll for tilsette i barnehagar og studentar. Programmet byr på ei god blanding forsking, nyttig metodikk og konkrete tips som kan nyttast i eige virke.
Seminaret er i Salen i Aasentunet med 100 sitjeplassar. Vi har løpande påmelding via eiga lenke.
Vi serverer frukt, kaffi og te ved ankomst.
Vi har også tilbod om lunsj, wrap kylling/vegetar til 139 kroner. Du registrerer lunsj i påmeldingsskjemaet.
Kafeen i Aasentunet har sal av enkle kioskvarer og butikken har gode tilbod på bøker og bokpakkar til målgruppa.
Vi gler oss til å ønske dykk velkomne til ein inspirerande dag i tunet!
Program 09:45-14:00 Språklæring for dei minste
09:45 Registrering
10:00 Formidlar Ida Karin Aa. Kornberg ønsker velkomen
Barnehagen – grunnmur og springbrett for språklæring
Nynorsksenteret ved Anne Marta V. Vadstein
10.45 Song og musikk i barnehagen
ved Hildegunn Hovde
11:15 Lunsj, vandring i museet og butikken
12:15 Ørsta Mållag ved Ingebjørg Røyrhus Øyehaug
Mållaget si satsing i barnehagane
Lurivar-klubben og nynorsk i Ørsta-barnehagane
Dalane barnehage presenterer Lurivar-klubben. Lurivar-klubben syng deretter songar frå den lokale songskatten.
12.45 Om språk- og tekstkvardagen i barnehagen:
Funn frå Multilit, ved Gudrun Kløve Juuhl.
13.30 Nyare barnebøker på nynorsk
Nynorsksenteret presenterer nye biletbøker ved Heidi Fagna og Ingvild Myklebust Hovden
14.00 Avslutning
Seminaret er gratis