Mona Vetrhus sine skrivetips

Mona Vetrhus er lyrikar og radioprogramleiar. Ho er utdanna innan litteratur, språk og psykologi. I fleire år har ho arbeidd som litterær rådgjevar i foreninga «Leser søker bok». Her deler ho sine skrivetips.

Finn næraste bok i rommet, slå opp på ei tilfeldig side og les første setning. Så skriv du eit dikt om mor di eller far din med setninga frå boka som første linje. Når diktet er ferdig kan du, om du vil, stryke den første linja. Og bryt gjerne reglane! Om første linja set deg i gang med eit dikt om noko heilt anna enn mor di, som til dømes sjakk eller heimebrygga øl, er det også fint.

Helsing
Mona Vetrhus

Skriv eit kort til ein slektning, ei venninne eller ein ven. Fortel mottakaren av kortet kva du høyrer når du er heilt stille. Ikkje snakk, og høyr godt etter, kva fortel lydane deg? Du kan også gjere diktet om til ei gåte, la lesaren gjette på kvar du er ut i frå det du høyrer og skriv ned.

Helsing
Mona Vetrhus

Vel deg ut eit barndomsminne som du hugsar godt, så skal du skildre menneska der som ulike dyr. Kva for dyr liknar menneska på? Kan det til dømes bli eit middagsselskap med ei kråke, ein bjørn og eit ekorn? Og kva et dei? Kva for lydar lagar dei? Er dei glade?

Helsing
Mona Vetrhus

Sjå på dette bilete av Olav H. Hauge. Korleis står han? Kva gjer han? Kvar er han? Korleis held han hendene? Kva ser han på?

Skriv eit dikt om han som byrjar med setninga: «Det er den svarte prikken».

Helsing
Mona Vetrhus

Kjenn på handa di, eller handa til han eller ho som står deg nærast. Knip i ho, smak på ho, stryk på ho. Korleis kjennes huda ut? Korleis reagerer handa?

Skriv:
Handa høyres ut som …
Handa kjennes som …
Handa smakar som …
Handa ser ut som …

Byt ut ordet «handa» med eit abstrakt ord som til dømes «forelsking», eller «sjalusi». Prøv gjerne ut fleire abstrakte ord for å sjå om det blir morosamt eller overraskande. Så skriv du det heile om til eit dikt.

Helsing
Mona Vetrhus