Blir ny arenaleiar ved Vinjesenteret

Petra Helgesen er tilsett som ny arenaleiar ved Vinjesenteret for dikting og journalistikk, frå og med 1. mai 2022.

– Denne moglegheita kjennest som ei gåve. Nynorsk kultursentrum er ein formidlingsorganisasjon som stadig veks seg større, og som eg ser fram til å vere ein del av, seier Petra Helgesen som kjem frå ei stilling som prosjektleiar for Uprisen og Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les.

Helgesen er oppteken av å gjere nynorsk språk, kultur og litteratur kjend, og har mellom anna ein master i litteraturvitskap og grunnfag i historie. Ho har også arbeidd som lektor i vidaregåande skule, vore forlagsredaktør i Mangschou forlag og vore gründer og medeigar i Språkfolk AS.

– Vinjesenteret er ei ekstra spennande oppgåve fordi den nynorske skriftkulturen har djupe røter i regionen samstundes som sjølve senteret er nyopna. Eg håpar at vi skal klare å vise fram den tradisjonen som allereie finst på nye måtar og til nye målgrupper. Sist, men ikkje minst: Eg gler meg til å gjere telemarking av meg, seier den nye arenaleiaren.

Fleire nytilsetjingar
Helgesen er ein av tre nytilsetjingar i Nynorsk kultursentrum med kontorstad på Vinjesenteret. Drifa Gudmundsdottir tok til som barne- og ungdomsformidlar 17. januar i år. Ho kjem frå ei stilling som barne- og ungdomsbibliotekar ved Viken fylkesbibliotek.

1. mars tek også Mari Tveiti til i stillinga som digitalformidlar. Ho kom inn i staben ved Vinjesenteret gjennom eit engasjement som kommunikasjonsarbeidar før opninga i fjor, og er dermed kjend med organisasjonen frå før.

– Vi gler oss til å få dei nye medarbeidarane på plass. Samla sett har vi no ein kompetanse som vil vere viktig for den vidare etableringa av Vinjesenteret lokalt og regionalt, og i tillegg styrke organisasjonen i det nasjonale arbeidet vårt, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Petra Helgesen.
Petra Helgesen er ny arenaleiar ved Vinjesenteret frå og med 1. mai 2022.