Den kulturelle skulesekken – Les for livet: fluktrute

Bilete frå framsyninga av Les for livet: fluktrute
Formidlarane ved Aasentunet, Marita Bett Aakre og Ida Karin Aarflot Kornberg, gir 7. klasse ved Bratteberg skule ei oppgåve dei må løyse for å kome vidare til neste steg i Les for livet: fluktrute. Fto: Nynorsk kultursentrum.

I januar–mars er alle 5.–7. klassene i Volda og Ørsta inviterte til Aasentunet og eit nytt tilbod i Den kulturelle skulesekken frå Nynorsk kultursentrum. 20 engasjerte elevar frå 7. klasse ved Bratteberg skule i Volda fekk vere med på premieren 18. januar.

Handlinga i Les for livet: fluktrute går føre seg 50 000 år fram i tid. I 2020 måtte menneska flykte frå jorda på grunn av klimaendringane. Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei òg kontakten med kjenslene sine. Dette må dei lære seg på nytt no når dei endeleg kan bu på jorda igjen. Men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse eit livsviktig oppdrag.

Framsyninga formidlar litteratur på ein engasjerande måte. Elevane spelar sjølve ut historia gjennom ei såkalla fluktrute, der dei må løyse oppgåver for å kome vidare til neste steg. Oppdraget til gruppa er å finne tilbake til kjenslene, blant anna ved å lytte til utdrag frå fem ulike barnebøker. 

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år.

– Nynorsk kultursentrum er den institusjonen som gir flest elevar kulturopplevingar på nynorsk i Den kulturelle skulesekken. Vi samarbeider med forfattarar, musikarar, dramatikarar, skodespelarar og regissørar for å skape dei beste opplevingane for barn og unge, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Så å seie kvar dag fram til og med mars blir det framsyningar for nye elevar. Opplegget er tilpassa gjeldande smitteverntiltak.