Digitale festspel 2020

Etter punktum

Berit Rødstøl les utdrag frå romanen Etter punktum, som kjem ut på Samlaget hausten 2020.

Etter punktum handler om ei tragisk bussulykke der ei ung jente døyr. Etter femten år vender dottera til bussjåføren attende, og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro og om retten til å sørgje. Om å arve ein annan si skuld og om å ikkje kome seg vidare.

Berit Rødstøl, Foto: Oda Berby

Berit Rødstøl (f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar frå Rauma, busett i Moss. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande. I 2015 kom barneboka/økofabelen Frøppeldunk. Rødstøl arbeider også med dokumentarfilm og kommunikasjon for ulike oppdragsgjevarar.

Les meir på heimesida til Berit Rødstøl