Feirar Tarjei Vesaas med fagdag om litteratur

Som ei forlenging av Festspela markerer Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda Tarjei Vesaas-året med fagdagen Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap, måndag 13. juni. 

Forfatter Tarjei Vesaas med katt på skulderen. Foto: Rolf Chr. Ulrichsen
Forfattar Tarjei Vesaas. Foto: Rolf Chr. Ulrichsen, Aftenposten, NTB scanpix

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897–1970) blei fødd. Han var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden, og blei i 1964 den første norske forfattaren som fekk Nordisk råds litteraturpris. Måndag 13. juni markerer Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda Vesaas-året med fagdagen Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap.

– Tarjei Vesaas sin litteratur er rik og mangfaldig, og har mykje å gje oss i dag. På fagdagen skal forskarar fortelje om forsking på Tarjei Vesaas sin forfattarskap, spreiinga av bøkene hans i utlandet og om å setje musikk til litteraturen. Litteraturforskarane Per Esben Myren-Svelstad, Inga Henriette Undheim, Jan Inge Sørbø og Lisbeth Pettersen Wærp skal snakke om deira spanande inngangar til litteraturen, fortel avdelingsleiar Tone Slenes i Nynorsk kultursentrum.

– I framkant av 125-årsjubileet har Nynorsk kultursentrum bidrege til å skaffe meir kunnskap om korleis Tarjei Vesaas har kome ut i verda. Professor i historie Narve Fulsås har leita i gløymde arkiv og funne spanande materiale som fortel om norsk litteratur  internasjonalt på 1900-talet. Han har forska på korleis bøkene til Tarjei Vesaas kom ut i utlandet etter andre verdskrigen, held Slenes fram.

– Vesaas sin litteratur har vandra frå bøkene til teaterscenene, filmlerreta og inn i musikken. Professor og komponist Magnar Åm har tidlegare laga opera av romanane Is-slottet og  Kimen, og skal fortelje om røynslene med å setje musikk til Tarjei Vesaas sin litteratur, avsluttar professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda.

Fagdagen går føre seg måndag 13. juni kl. 9.00–16.00 på Høgskulen i Volda i Berte Kanutte-huset, store auditorium. Det er mogleg å følgje fagdagen både fysisk på Høgskulen i Volda og på nettet. Fagdagen er gratis, og du kan melde deg på fagdagen på hivolda.no. Påmeldingsfristen til fagdagen er 8. juni. Her finn du meir informasjon om Festspela 9.–12. juni og høve til å kjøpe festivalpass og billettar til festivalen.

 

Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap

Fagdag om litteraturen og forfattarskapen til Tarjei Vesaas
 
Program
 

9.00       Registrering, kaffi og noko lite å bite i

9.15       Velkomst ved programleiaren
               Opningshelsingar ved Per Halse, professor og prodekan for forsking ved Høgskulen i
               Volda, og Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum

9.30       Jan Inge Sørbø: I ansvars naud. Om etikken i Tarjei Vesaas litteratur

10.15     Kort pause

10.30     Inga Henriette Undheim: Visjonar ifrå djupaste dæld.
               Frå «Draumkvedet» til Brannen (1961)

11.15     Lunsj

12.00     Narve Fulsås: Den lange vegen til verda.
               Tarjei Vesaas’ internasjonale publiseringshistorie etter krigen

13.00     Per Esben Myren-Svelstad: Tett ved jordi.
               Pastoral homoerotikk i odelsromanen Det store spelet (1934)

13.45     Kort pause

14.00     Lisbeth Pettersen Wærp:
               Eksistens og eksperiment – Båten om kvelden (1968)

15.00    Magnar Åm: fugleskrift.
              Om å tonesetje Vesaas. Med musikk frå Volda Vokal.

15.45    Avslutning

Med atterhald om endringar.