Feiring av Magnar Grøndal i Aasentunet

Onsdag 12. oktober blir tonediktaren Magnar Grøndal feira med musikk og utdeling av stipendet i hans namn til to unge talent frå Sunnmøre.

Bilete av Magnar Grøndal
Magnar Grøndal. Foto: Magnar Grøndals legat
Bilete av Jan Hovden og Harald Bjørkøy
Jan Hovden og Harald Bjørkøy. Foto: Magnar Grøndals legat

Tonediktaren Magnar Astrup Grøndal var fødd i Langevåg 26. september 1919. Gjennom eit langt liv tonesette han meir enn 1100 salmar og dikt. Den første tonesamlinga, Takk vere Gud, gav han ut på eige forlag i 1973. Samlinga omfattar 58 melodiar til tekstar av nynorske lyrikarar, mellom dei Ivar Aasen og Olav Nygard. Seinare kom det i alt 34 hefte, der eit 40-tals nynorske lyrikarar er representerte. Han tonesette også dikt frå Island og Færøyane.  

I Aasentunet vil songarane Harald Bjørkøy, Jeanette Ekornåsvåg Goldstein og pianist Jan Hovden presentere eit utval songar av Grøndal frå utgjevinga Magnar Grøndal – songar i utval som kom i 2019. Alle tre er røynde og prislønte kunstnarar med erfaring frå store operascener og viktige utdanningsinstitusjonar som m.a. Griegakademiet.  

Under arrangementet vil det bli delt ut eit stipend frå Magnar Grøndals legat til to unge, lovande utøvarar av klassisk song og musikk frå Sunnmøre.   

Vinnarane av stipendet har blitt annonsert og vil delta under arrangementet. Prisvinnarane for 2022 er Stine Regina Tusvik frå Sykkylven og Eirik Stave frå Ørsta. Tusvik studerer for tida klassisk song og korleiing ved Universitetet i Agder. Stave er pianist og elev ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule.   

Arrangementet er tilskipa av Magnar Grøndals legat i samarbeid med Aasentunet. Billettar på nynorsk.no. Vel møtt!