Framtida Junior er Årets nynorskbrukar 2023

Svein Olav Langåker, Redaktør i Framtida Junior, og elevar ved Kinsarvik skule. Foto: Svein Olav Langåker.

Barneavisa Framtida Junior er kåra til Årets nynorskbrukar 2023. – Framtida Junior får prisen for å bryte veg for meir nynorsk i digitale medieflater, med varierte emne for 7–13-åringar, seier styret i Nynorsk kultursentrum.

Prisen Årets nynorskbrukar er på 100 000 kroner og vert delt ut på opningsdagen av Festspela i Aasentunet torsdag 8. juni. Prisen vert delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og at dei gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.

– I eit medielandskap der nynorsk er for lite synleg i dei nasjonale dagsavisene, prøvde Framtida Junior seg i 2017 på noko modig. Dei skipa ei nett- og papiravis på nynorsk for barn. Det er ingen tvil om at Framtida Junior gjer det lettare å vere nynorskbrukar, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

– Det er utruleg stor stas å bli heidra og verdsett på denne måten! Eg vil takka alle i redaksjonen som har bidratt til dette store løftet, og til alle gode samarbeidspartnarar og bidragsytarar, seier redaktør i Framtida Junior, Svein Olav Langåker.

– Målet vårt har heile tida vore å vise fram og styrke engasjementet til barn. Når me gjer det på nynorsk, så er me òg med på å styrke nynorsken og vise at han kan brukast til å skriva om og for framtida vår. Denne prisen viser at me er på rett veg, og det gir ein ekstra kveik til det kjekke arbeidet vårt, legg han til.

Framtida Junior er ei redaksjonelt uavhengig avis for barn mellom 7 og 13 år. Avisa har som mål å auke og synleggjere engasjementet til barn og unge, i tillegg til å styrke nynorsken. Framtida Junior har eit nettmagasin og ei månadleg papirutgåve. Framtida Junior er eit samarbeid mellom ABC Startsida, stiftinga Magasinett og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Fleire lokalaviser samarbeider om å gi ut papiravisa.