Lytt til lyrikken: Erlend Ropstad & Endre Ruset

17. november kl. 19.00, Strand Fjordhotel

Bilete av Erlend Ropstad og Endre Ruseth.
I samtaleserien Lytt til lyrikken samtalar Erlend Ropstad og Endre Ruseth om å skrive, og om å leve av og med songar og dikt. Foto: Heidi Furre, Martin Solvang
Samtaleserien Lytt til lyrikken er klar for ein ny vestlandsturne. Songpoeten Erlend Ropstad møter lyrikar Endre Ruset til ein samtale om å skrive, og om å leve av og med songar og dikt.

Songar, musikar og låtskrivar Erlend Ropstad debuterte som soloartist i 2006 og har sidan då gjeve ut åtte album. Han har vore nominert til Spellemann i ulike kategoriar heile åtte gonger. Ropstad nyter stor anerkjenning etter han starta å skrive på norsk. Han har laga filmmusikk, vore med i oppsetjing på Nationaltheateret, og i 2011 hadde han si første filmrolle i Himmelen bak huset.

Endre Ruset debuterte med den kritikerroste diktsamlinga Ribbeinas vingespenn i 2001. Etter dette har han motteke både Bjørnsonstipendet for boka Kims lek (2005) og Bokhandlerforeningens forfatterstipend. Ruset er aktuell med diktsamlinga Deretter (2021) som han har skrive saman med den engelske forfattaren Harry Man.

Type:
Samtale

Tid:
17. november kl. 19.00

Stad:
Strand Fjordhotel