Eventyrstund og karnevalsfest

18. februar, kl. 13.00, Haugesenteret

Illustrasjonsbilde. Foto: Wikimedia Commons / Frank Kovalchek / CC-BY-SA-3.0

Kom og høyr eit spennande eventyr, lag ei fargerik karnevalmaske og slå deg laus på fest med leik og dans!  

Eventyrstund frå kl. 13.00 der formidlar Anja les Dei tre mostrene. Eventyret handlar om ei jente som reiser til kongsseter for å læra seg å klara seg sjølv. Der møter ho store utfordringar og treff på nokre uventa hjelparar. Forteljinga fylgjer flotte illustrasjonar av Marianne Gretteberg Engedal, kjend for bøkene om Pølsetjuven. Høver godt for born frå 4 år og oppover.  

Etter eventyret vert det discodans, morosame leikar og piñata. Det er fritt fram å kle seg ut, og om du manglar litt pynt kan du laga ein flott hovudpryd i maskeverkstaden.  

Ta med deg ein ven, ein bestefar, eit godt smil og bli med på festen!

Type:
Eventyrstund og karneval

Tid:
18. februar, kl. 13.00

Stad:
Haugesenteret