Glade dyr og levande jord

11. november, kl. 19.00, Syse gard

Bilete av boka Glade dyr og levande jord
Glade dyr og levande jord / Skald

Det er eit stille bondeopprør på gang. Bønder står i skvis mellom kravet om å bli større og meir effektive, og forventningane frå forbrukarar om rein og lokal mat, betre dyrevelferd og biomangfald. No går stadig fleire bønder nye vegar for å produsere mat på lag med naturen, med omsyn og kjærleik til både dyra, miljøet og dei som skal kjøpe og ete maten. Dei vil ha levande jord og glade, friske dyr.

Marit Bendz og Oddleiv Apneseth er aktuelle med boka “ Glade dyr og levande jord”. Her portretterer dei femten bønder frå Lofoten i nord til Jæren i sør, som med kunnskap og rein viljestyrke vågar å tenkje annleis. Saman utgjer dei eit nytt håp for eit klimasmart og miljøvenleg norsk landbruk.

Denne kvelden kjem forfattar Marit Bendz til Ulvik for å gje oss eit møte med nokon av bøndene i boka. Det vil også vere ope for spørsmål frå salen etter føredraget.
Boka er “Glade dyr og levande jord” er utgiven på Skald forlag i år

Type:
Foredrag

Tid:
11. november, kl. 19.00

Stad:
Syse gard

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre