Julegjest

9. desember, kl. 19.00, Ulvik kyrkje

Bilete av Sigbjørn Apeland, Frank Henrik Rolland og Marit Karlberg
Sigbjørn Apeland, Frank Henrik Rolland og Marit Karlberg. Foto: Hanne Solheim.

Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland inviterer til konsert med nokre av dei gamle og gløymde, men vakre og særprega melodiane til advents- og jolesalmane i songtradisjonen i Valdres. Lyttar du litt ekstra på fela kan du også høyra melodivariantar frå Hardanger og Nordmøre. Songane er funne i folkemusikkarkiv og gamle notenedskrifter. Trioen har latt dei få følgje av hardingfele, trøorgel, langeleik, lyre og vokal. Dei har også funne plass til eit par nyskrivne songar, og nokre verdslege jolesongar som høyrer jolegjestebodet til.

I Valdres finn me ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen.

Velkomen til jolekonsert i Ulvik kyrkje.

Marit Karlberg – song, langeleik og lyre
Frank Henrik Rolland – song og hardingfele
Sigbjørn Apeland – song og trøorgel

Type:
Konsert

Tid:
9. desember, kl. 19.00

Stad:
Ulvik kyrkje

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre