Lesestund: Knokedunk

11. oktober, kl. 12.00, Haugesenteret

Boka Knokedunk av Åsmund H. Eikenes
Knokedunk/Samlaget

Sjå på alle dei rare dyrehendene!
Me menneske har hender med fem fingrar. Hos dyra ser hendene nokså annleis ut, og me kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller vengjer. Men ser me på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så ser me at dei liknar på kvarandre. Hendene er viktige verktøy, både for menneske og dyr.

Bli med på lesestund med boka Knokedunk der me lagar vår eigen knokedunk-dans. Me let oss inspirera av rørslene til mennesket, tigeren, kvalen, elefanten, ein axolotl og ein robot. Saman lagar me ein dans der me brukar rørsle, rytme, tempo, takt og dynamikk som illustrerer å klappa, klora, klatra, grava, symja, fly og knokedunke.

Høver for born i alderen 1-4. klasse.
Fri inngang.

Type:
Lesestund

Tid:
11. oktober, kl. 12.00

Stad:
Haugesenteret

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre