Lesestund: Reisa til verdas farlegaste land
13. oktober, kl. 12.00, Haugesenteret
Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek barna med på ei spøkelsesreise gjennom eit hus med mange rom og mange grufulle opplevingar. Du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. I verdas største slott er det både skrekk og grusom gru, men ikkje ver redd, følg med – det fins ein veg ut!
Bli med på lesestund med formidlar Anja. Ho syner teikningane frå boka på storskjerm medan me les. Etter at me har har vore med på reisa til verdas farlegaste land set me oss i Poesiverkstaden og skriv eigne grøssarhistorier!
Høver for born i alderen 4-7. klasse.
Fri inngang.