Dei store gåtene og den gode viljen – Tarjei Vesaas 125 år

10. september, kl. 13.00, Lekve Gard

Føredrag og felespel ved Stein Versto og Knut Hamre.

Det er i år 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i dette programmet hyller spelemannen Knut Hamre og forfattaren Stein Versto diktaren frå Vinje med eit program i ord og tonar.

Tarjei Vesaas skriv fram undringa over tilveret med personskildringar, sansingar, naturstemningar og bilete som får det til å søkkja i lesaren, samstundes som det renn eit etisk alvor gjennom forfattarskapen som i dag kanskje er meir aktuelt enn nokon gong.

Knut Hamre (f. 1952) er kjend som ein spelemann med eit poetisk sinnelag, og har samarbeidd mykje med lyrikarar, mellom dei Olav H. Hauge og Jon Fosse. Han har motteke ei lang rekkje prisar for spelet sitt, og har vunne Landskappleiken heile sju gonger.

Stein Versto (f. 1957) er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann, utdanna ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø. Han debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar.

Type:
Føredrag og felespel

Tid:
10. september, kl. 13.00

Stad:
Lekve Gard

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre