FLOKE; ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd

10. september, kl. 11.30, Ulvik folkebibliotek

Bilete av Ida Eva Neverdahl
Ida Eva Neverdahl. Foto: Gry Dahl.

Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Ein dag får han eit viktig oppdrag:
Han skal redda verda frå ragnarok. Men for å gjera det må han leggja ut på ei lang reise. I denne siste
delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, gudanes heim. Der møter dei mellom
andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender,
men korleis skal ein godlynt liten sprett hindra den store undergangen?

Teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl kjem for å lesa, teikna og fortelja om korleis det er å vera teikneserieskapar med stor fantasi og fasinasjon for norrøn mytologi og fantasidyr.

Ulvik folkebibliotek.
Høver for born i alderen 6-11 år.
Fri inngang

Type:
Høgtlesing

Tid:
10. september, kl. 11.30

Stad:
Ulvik folkebibliotek

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre