Forfattarbesøk i skulen: Kampen
9. september, kl. 12.30, Brakanes skule
Høyrespel med Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen.
I Kampen møter me 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrja i 7. klasse. Han gler seg til å spela fotball med bestevenninna Sara og dei andre frå klassen, og attskapa alle kampane frå fotball-VM. Men ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Det er feil lag, men han er framleis søt. Andreas kjenner at hjartet slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar til han, og han veit ikkje kva han skal svara henne.
Kampen er ein barneroman om sklitaklingar og hjartebank, venskap, kjærleik og sjalusi. Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig barnebok om skeiv kjærleik på bygda.
Eiksund og Koppen vil besøkja 5.–7. klasse ved Brakanes skule denne dagen. Forfattar Geir Egil Eiksund les og fortel frå boka medan musikar Henrik Koppen framfører musikk, lydeffektar og lydkulissar i møte med teksta.
Arrangementet er i samarbeid med Ulvik herad og Den kulturelle skulesekken.