Med eit rått og ærleg uttrykk blandar Morgonrode tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk. Spelelista spenner frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar – både tradisjonelle slåttar og nye sjølvskrivne songar. Med ein fot i fortida og den andre i framtida står Morgonrode i eit særeige og nyskapande musikalsk landskap. Musikken deira er omtala som drivande, tankefull, var og utforskande.
Morgonrode er ein eldre skrivemåte for “morgonrauda”, den raude himmelen ved ein soloppgang, og er eit godt bilete på bandet sin måte å spela folkemusikk på. Her står musikken fritt til å utfalda seg i nye himmelretningar etter kvart som soloppgangen tiltar og solstrålane brer seg utover dagen.
Etter å ha pløgd ny jord i folkemusikkverda kom bandet med debutalbumet «Morgonrode» i 2019. Året etter kom «Du milde verden». Bandet har vitja ei rekkje festivalar og folkemusikkscener dei siste åra. Poesifestivalen er svært glade for å stå på besøkslista til det unge bandet denne hausten!
Morgonrode er Helga Myhr (hardingfele og song), Rasmus Kjorstad (oktavfele), Andreas Skår Winther (slagverk) og Selma French Bolstad (nøkkelharpe, hardingfele og song).