Verdas poesidag: «Poet på Guds jord»

21. mars, kl. 19.00, Lekve Gard

Føredrag om Jon Fosse sitt liv og verk ved forlagsredaktør Cecilie N. Seiness

I biografien Poet på Guds jord kjem me tett på forfattaren Jon Fosse og får høyra om alt frå oppvekst med gitar og danseband i heimbygda, 12-åringens hemmelege skriverom, cocktailparty i Paris og til dei store teaterscenene i Europa. Me får høyra om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, om forlagsrefusjonar og kritikarhyllest, og om ein mann som meiner han framfor alt er ein poet på Guds jord. 

Cecilie N. Seiness er Jon Fosse sin redaktør i Samlaget og er sjølv frå Hardanger, nærmare bestemt Jondal. Seiness kjenner godt lynnet til poeten frå Strandebarm, og kanskje det er nøkkelen til kvifor ho kjem så tett på den private og for mange litt mystiske Fosse. Gjennom ei rekkje samtalar om liv, kunst og dikting har Seiness skrive eit nært og spennande forfattarportrett av nobelprisvinnaren.   

I føredraget Poet på Guds jord vil Seiness leggja særleg vekt på den poetiske delen av Fosse sin forfattarskap. Sjølv om Fosse har gitt ut heile åtte diktsamlingar er det overraskande lite me eigentleg høyrer om den delen av forfattarskapen. Verdas poesidag kan truleg ikkje feirast på betre vis enn ved å lyfta fram “verdas beste poesi” frå Hardanger. 

Me gler oss!  

«Det er ikkje noko større!», sa Cecilie N. Seiness (f. 1972) då Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i fjor. Det kan me ikkje vera meir samde om! Seiness er utdanna cand. mag og journalist. Ho har gitt ut fleire bøker og arbeidde i mange år i vekeavisa Dag&Tid.  

Type:
Foredrag

Tid:
21. mars, kl. 19.00

Stad:
Lekve Gard