Om Haugesenteret

Ved Haugesenteret kan du oppleva dikt og songar i mange former på tvers av språkgrenser. Senteret ligg vakkert til ved fjorden og med utsyn til fjellet frå det gamle heradshuset i Ulvik i Hardanger. Utstillinga rommar fortellingar knytt til dikt av Olav H. Hauge og andre verdspoetar, og gir opplevingar både for barn og vaksne.

Bøker med mange tankar  
Olav H. Hauge fann seg heime i bøkene. I eitt av dei mest omfattande dagboksverka i verdslitteraturen skriv han om det han har lese og reflekterer rundt tilvære. Diktaren og fruktbonden Olav H. Hauge har skrive dikt frå kvardag og natur og gjort seg mange tankar om livet og litteraturen. Alle kan kjenne seg att i Olav H. Hauge si dikting. I utstillinga kan du òg møte Hauge som opplesar og på film.  

Songar og dikt frå heile verda 
Haugesenteret arbeider med lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Du kan sjølv prøva deg på å skrive dikt i poesiverkstaden og i lyrikkbiblioteket kan du oppleve lyrikk frå heile verda.  

Kattejakta 
Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylgje kattespora finn ungane katten på uventa stadar, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Ved fullført kattejakt ventar det ein liten kattepremie i resepsjonen.  

Arrangement 
Haugesenteret byd på eit spennande kulturprogram for barn og vaksne. Høgdepunktet er Poesifestivalen som vert arrangert i september annakvart år. Poesifestivalen presenterer eit mangfald av nasjonale og nordiske poetar, både gjennom song og dikt.   

Butikken 
I museumsbutikken vår finn du bøker for barn og vaksne. Her kan du oppdage nye og spennande gåveartiklar til både små og store i alle prisklassar. Butikken har eit rikt utval av nynorske barnebøker. 

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.  

Bilete av Hagesenteret