Poesifestivalen 2024

13.–15. september

Tema for Poesifestivalen 2024 er diktsamlinga På Ørnetuva av Olav H. Hauge.  

På Ørnetuva kom ut i 1961 og reknast som Hauge sitt store gjennombrot. Diktsamlinga tek opp tematikkar som einsemd, kjærleik, makt og maktesløyse. Sentralt står òg dikt som handlar om kva poesien gjer og kvifor den er nødvendig. Her finn ein eit stort poetisk overskot og dikting som skal særmerkje forfattarskapen til Hauge, som forankringa i den norrøne tradisjonen, dialogen med andre forfattarar og kombinasjonen av tradisjonelle og modernistiske trekk.

Årets Poesifestival tek pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i På Ørnetuva som utgangspunkt. 

Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt.  Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen. 

Denne helga i september tek Poesifestivalen heile bygda i bruk. I det tradisjonsrike ungdomshuset Elvatun finn du konsertar, Hauge-samtalen og festivalkro med lokale smakar på fat og i glas. Diktopplesing kan opplevast mellom epletre og sidergardar på landets einaste Frukt- og siderrute. I Haugesenteret finn du utstilling om Hauges liv og verk, lyrikk i mange former og museumsbutikk. Festivalen har òg arrangement i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.  

Ulvik herad er med i det internasjonale Cittaslow-nettverket og legg vekt på miljø, berekraft, lokale tradisjonar, innovasjon og gjestfridom. Under festivalen vil du møta engasjerte og gjestmilde frivillige på dei mange arenaene våre.  

Ver velkomne til ein innhaldsrik festival i Cittaslow-bygda Ulvik!  

Bli frivillig

Vil du vera med på laget som lagar fest, moro og unike opplevingar i Ulvik i september? På kvar festival er alle dei frivillige med på å gjera Poesifestivalen til ei unik oppleving for både utøvarar og publikum.

–Innsatsen til dei om lag  60 frivillige er heilt avgjerande for at me skal få til ein tre dagars poesifesten her inst i Hardangerfjorden. Festivalhjula går ikkje rundt utan desse engasjerte frivillige, seier programansvarleg Heidi Lund Berg.

Som frivillig på Poesifestivalen får du gode opplevingar i eit godt felleskap. Du får òg nye bekjentskap med deg på vegen.

Som frivillig kan du melda deg som:
Poesivert
Arrangementsansvarleg
Sjauar
Poesisjåfør

Lurar du på kva arbeidsoppgåvene dine vil vera? Kva får du og kva må du sjølv bidra med? Meir informasjon finn du ved å trykke på knappen under.
Ynskjer du å bli frivillig på Poesifestivalen? Send ein e-post til heidi.lund.berg@nynorsk.no

Illustrasjonsbilete av frivillige under Poesifestivalen.

Praktisk informasjon

Arena og parkering

Haugesenteret
Promenaden 7, 5730 Ulvik

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km

Transport

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss. Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid. Festivalen oppmodar alle sine utøvarar og gjester om å reise grønt og miljøvenleg, så sant det er mogeleg. 

Vy (tog)

Skyss  (buss) 

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen. Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

Norwegian

SAS 

Overnatting og mat

Ulvik har fleire overnattingsstader å by på, anten du vil bu på hotell, i hytte eller camping. Ulvik har også ei eiga tretopphytte og fleire Airbnb i naturskjønne omgjevnader. 

Ta gjerne kontakt med Turistinformasjonen  i Ulvik for meir informasjon. 

Her finn du arrangøren

Kontakt Poesifestivalen

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Bilete av Jorid Lekve Eide

Jorid Lekve Eide

Arenaleiar
Mellombels illustrasjon for portrett

Heidi Lund Berg

Vertskaps- og programansvarleg

Tilskotsgivarar og samarbeidspartnarar

Tilskotsgivarar
Ulvik herad 
Vestland fylkeskommune
Sparebanken Vest
Sparebankstiftinga Hardanger
Fritt Ord
Kulturrådet

Samarbeidspartnarar
Brakanes hotell
Det Norske Samlaget
Frukt- og siderruta
Norsk Forfattarsentrum
Norsk kulturråd
Slow Food Hardanger
Ulvik herad
Venelaget Olav H. Hauge
Sprilt