Festivalpoetar

Bilete av Kristin Berget
Kristin Berget. Foto: Blunderbluss

«Diktet er en måte å være i verden på» 

For Kristin Berget er det å skriva, noko som krev eit særeige blikk og ein måte å vera i verda på. Berget (f. 1975) debuterte i 2007 med diktsamlinga Loosing Louise. Ho har sidan gjeve ut fem diktsamlingar og miniatyr-romanen Sonja Sacre Cœur (2015). I Berget si nyaste diktsamling, våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her (2021), undersøkjer ho korleis menneska lever med og mot naturen. Dikta krinsar rundt det å samlast til måltid, til bøn, rundt bålet, ved kista eller når livsvilkåra vert endra. Kristin Berget har motteke Stig Sæterbakkens minnepris (2014), vore innstilt til Brageprisen (2017) og er omsett til ei rekkje språk.  

«Gjennom språket kan vi gå inn og bli andre» 

I Aina Villanger (f. 1979) si dikting er det å vera nysgjerrig til språket sjølve grunnlaget for å skriva poesi. Debutboka langsang. et flytans habitat (2012) tek utgangspunkt i eit lydbasert språk, eit dialektarbeid med røter i grenlandsspråket frå Telemark. Villanger har også interesse for historie og for forteljinga som sjanger, og i 2017 kom prosadiktverket Baugeids bok. Villanger er ein poet som stadig leitar etter det «rette» språket. Ho nyttar også språket som eit verktøy for å gå inn i ei anna rolle gjennom skrivinga si. I 2019 kom diktboka nattnød og Villanger fekk tildelt Stig Sæterbakkens minnepris for sin forfattarskap same året. Hennar fjerde og nyaste bok, Onkel Arne og månen, kom i 2021.  

Bilete av Aina Villanger
Aina Villanger. Foto: Baard Henriksen

Bilete av Jo Eggen
Jo Eggen. Foto: Stine Friis Hals

Jo Eggen 

Jo Eggen (f. 1952) er lyrikar og gjendiktar. Sidan debuten i 1980 har han gjeve ut ni diktsamlingar og tre gjendiktingar. Eggen er også gjendikta til andre språk, mellom anna av den svenske poeten Ann Jäderlund. I debutboka Ting og tings skygger og i dei to neste utgjevingane møtest politisk lyrikk og sentrallyrikk. Eggens nyaste diktsamling, Dikt om Sverige, er den førebels siste i ein serie med reisedikt, som frå før omfattar samlingane Stavkirkedikt, Øydikt og Ruindikt. Reisedikt 20072017 er ei samling av dei tre fyrste reisediktbøkene, og kjem ut våren 2022. 

Dikta til Jo Eggen er ofte omtala som komplekse, stringente og subjektivt sansande. Med overraskande perspektiv og musikalske motiv står han i ein særeigen stil innanfor norsk lyrikk. Eggen fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for debutsamlinga Ting og tings skygger (1980) og Språklig samlings litteraturpris i 2003.  

«Poesien var en slags livredning»

For den unge Steinar Opstad (f. 1971) var møte med poesien ei sjeleleg og livsendrande erfaring. Opstad er utdanna frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og ved UiO og UiB. Debutboka Tavler og bud (1996) er ei samling lyrisk forteljande dikt om oppvekst og familie. Naturskildringar og bibelske motiv står sentralt i samlinga som han vart tildelt Tarjei Vesaas debutantpris for.  

Landskapet frå heimstaden i Vestfold har stått som ein grunntone gjennom heile forfattarskapen til Opstad. Tilgjenge til det taktile; nærvær til natur og dyr og årstidene har sett ei fysisk råme for skrivinga. Poesien til Opstad er rik på klare, tankefulle bilete og vitnar om musikalsk sans. Han er ein lyrikar som er oppteken av å fortelja og som gjer det gjennom å sameina det lyriske med det episke. Opstad si nyaste diktsamling, En varig lengsel, kom i 2019. Han har motteke ei rekkje prisar og vart i år tildelt Diktartavla. 

Bilete av Steinar Opstad
Steinar Opstad. Foto: Rolf M. Aagaard / Kolon forlag

Priya Bains. Foto: Baard Henriksen

«Det er noe veldig deilig ved å skrive med utgangspunkt i flere stemmer, fordi du kan bytte stemme når du står fast et sted, og fordi du kan utdype i det uendelige»

Priya Bains (f. 1995) vart tidleg fasinert av å skriva på ein måte som minner om eit korverk.  

Bains debuterte i 2020 med samlinga Med restene av mine hender. Diktsamlinga har fått mykje merksemd og vart nominert til Tarjei Vesaas debutantpris. Gjennom eit mylder av stemmer, eit slag kor av nære og fjerne slektningar, gjev dikta liv til ein stor og utvida familie, splitta mellom eit her og eit der. Det er eit kollektiv som kan tynga med krav og forventningar, men som også gjev omsorg og kjærleik. Bains skriv om migrasjon, om å leva med ein to-kulturell bakgrunn og om korleis individet skal finna sin plass i det store biletet. Bains skriv distansert, varsamt, rått, ømt og sviande på ei og same tid. Bains er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og Forfattarskulen i København.

«Å skriva godt «er å trengje seg gjennom alt ein veit, fram mot det ukjende».

Einar Økland (f.1940), diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur og skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skriva. 

Han har gitt ut eller redigert opp mot 80 bøker i dei mest ulike sjangrar, for born, unge og vaksne. Han har òg gjendikta dikt og skodespel av mellom andre Günter Grass, Pablo Neruda og Harold Pinter. 

Alt i 1969 formulerte Einar Økland det som i ettertid kan lesast som ei programerklæring for heile forfattarskapen: Å skriva godt «er å trengje seg gjennom alt ein veit, fram mot det ukjende». Han har vore ein av dei som vil finna ut ting på eiga hand. «Ein kan ikkje vite før ein veit», seier Økland sjølv.

Bilete av Einar Økland
Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein

Bilete av Karoline Brændjord
Karoline Brændjord. Foto: May Therese Vorland.

«Jeg liker å skrive. Det er som å komme hjem,»

seier Karoline Brændjord (f. 1990) som brakdebuterte med diktsamlinga Jeg vil våkne til verden, i 2020. Med samlinga vann ho både Tarjei Vesaas debutantpris og Kritikarprisen same år. Det gjennomgåande temaet i samlinga er mora sitt sjølvmord. Dikta blir som eit slags sorgarbeid, men også noko meir; eit forsøk på å sjå samanheng mellom liv og død, sorg og glede, menneska og naturen. Kan ein koma til ro med å vera attlaten? Korleis ta innover seg det uhandgripelege? Og kva gje me når naturen ikkje kan forstå oss? Alle desse spørsmåla ligg som tankerekkjer under dikta i denne modige og kloke diktsamlinga. Brændjord er ein kjenslevar poet som skriv formsterke dikt med nye og uventa samanstillingar.

«Ei veldig akutt kjensle av at noko opnar seg opp, kanskje eit nytt rom eller at orda blir så sanselege at dei riv eit lite hol inn i noko anna, som er både velkjend og framandt.»

seier Eli Fossdal Vaage om kva ho ynskjer å gje lesaren med sine dikt. 

Eli Fossdal Vaage debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter i 2014. I 2019 kom diktsamlinga Estalåni, og i 2021 novellesamlinga Grå hoppe. Vaage skriv stilsikker lyrikk i eit klårt språk som til tider nærmar seg prosa.  

Vaage er forfattar og journalist og arbeider som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho er ein av initiativtakarane og drivarane av skrivekollektivet Blomster&Bureau. For sine to diktsamlingar fekk ho Bokhandelens forfattarstipend i 2019.

Eli Fossdal Vaage. Foto: Thor Brødreskift

Bilete av Morten Langeland
Morten Langeland. Foto: Christian Olstad.

«Poesi har muligheten til et voldsomt nærvær, ikke for å være intimiserende, men for å trekke leseren helt nært på sitt eget liv.»

Forfattar Morten Langeland (f. 1986) debuterte i 2012 med diktsamlinga Æ æ å. Diktsamlinga Svamp frå 2019 hausta strålande kritikk, og hausten 2020 gav Langeland ut si fyrste prosabok, Barbar. Han har til saman gitt ut fem diktsamlingar, ei prosabok og to romanar. Langeland er kjend for sitt leikne språk og ein skrivestil farga av idear, refleksjon, innfall, ordspel og humor. Langeland er ein poet som aldri står stille, han er i ei stadig utforsking av språkformer og stil. 

Morten Langeland er utdanna ved Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Oslo. Langeland arbeider i dag som lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han har motteke Stig Sæterbakkens minnepris og Sultprisen for sin forfattarskap. 

Mary Ailonieida Sombán Mari  (f. 1953) er ein samisk forfattar, dramatikar og biletkunstnar. Hennar nyaste diktsamling Beaivváš mánát – Leve blant reptiler  (2020) er omtala som ei vakker og konseptuelt sterk samling om ei mindre vakker historie om det maktmisbruket den samiske befolkninga har vorte utsett for. Dikta til Sombán Mari kan seiast å vera både rasande og vakre på same tid. Boka vart kåra til årets vakraste bok i 2021 av Grafill.  

Sombán Mari debuterte i 1973 med den fyrste barneboka skrive på samisk nokon gong; Ámmul ja alit oarbmælli  (Ámmul og den blå kusina). Sidan debuten har Sombán Mari skrive fleire barnebøker, poesi og prosabøker. Ho har også skrive for teater og er ein av initiativtakarane til stiftinga av Samisk Forfatterforening.

Forfatter Mary Ailonieida Sombán Mari . Foto: Yngve Olsen Saebbe

Pressefoto av Jonathan A. Lengali.
Jonathan A. Lengali. Foto: Julianne Leikanger

“Uvanleg sterk og djerv biletskaping”

er sagt om diktinga til Jonathan August Lengali (f.1993) som debuterte med diktsamlinga Jonathan og sailor j. til strålande kritikkar i 2018. I 2022 kom andre boka Yngling. Diktverket Yngling tek for seg begjær, det skeive, einsemd, ambivalens og livslyst. I dikta finn me individet i eit krysnings felt mellom barn og vaksen, gut og mann, menneske og gud, fantasi og røynsle. Gjennom eit bastant men leikent og biletrikt språk forsøkjer diktar eg-et å finna meining og lindring i tilvære.  

Odveig Klyve (f. 1954) er lyrikar, barnebokforfattar, manusforfattar og filmregissør. 

Klyve debuterte med diktsamlinga Rift i 1993 og har sidan gitt ut heile 10 diktsamlingar, ho har og gjendikta ei lang rekkje utanlandske poetar til nynorsk. Klyve sine eigne dikt er omsett til mellom anna arabisk, fransk, kinesisk, hindi og rumensk. Ho tek ofte utgangspunkt i kroppen og det sanselege i diktinga si, gjennom det poetiske språket blir desse erfaringane allmenne og eksistensielle. Klyve fekk stor merksemd for diiktsamlinga Det andre blikket (2006) der ho skildrar alderdom og demens i eit mor og dotter forhold. Odveig Klyve har si utdanning frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Stavanger.

Odveig Klyve. Foto: Tove Elin Berg.