Joleverkstad, høgtlesing og jolesongar på Vinjesenteret

Illustrasjonsbilete av ei kattejulekule
På joleverkstaden får de prøve å lage kattejolekuler! Foto: Nynorsk kultursentrum / Mari Tveiti

Laurdag 10. desember blir det jolestemning på Vinjesenteret og Vinjar gjennom heile ettermiddagen og kvelden. – På dagtid skal me ha joleverkstad, høgtlesing og jolesongar på Vinjesenteret. På kvelden blir det ein stemningsfull jolekonsert på Vinjar, fortel barne- og ungdomsformidlar Drifa Gudmundsdottir.

Frå kl 13.00 til 17.00 kan små og store lage kattejolekuler i joleverkstaden. I tillegg til høgtlesing kjem Gøril Ramo Håve for å synge og spela jolesongar. – Det blir òg gløgg og peparkaker i kafeen, seier Gudmundsdottir. Kl. 18.30 blir det konsert i Vinjar med trioen Frå høge himmel.

– Trioen gjev tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland ny drakt, fortel vertskaps- og programansvarleg Ingebjørg Edland. – Me er sikre på at dette blir ein kveld med jolestemning og ein pause frå førjolsstria.

Konserten blir arrangert i samarbeid med Vinje og Nesland sokneråd. Barnearrangementet er del av eit større samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, Folkeakademiet, Vinje Folkebibliotek og Vinje Mållag. Gjennom heile hausten har profesjonelle og frivillige hatt høgtlesing i barnehagane, og fire laurdagar har det vore litteraturarrangement på biblioteket eller Vinjesenteret. Målet er å vise fram alle dei fine nynorske barnebøkene. Samarbeidet held fram utover våren 2023.

Illustrasjonsbilete høgtlesing for barn.
Få med deg høgtlesing på Vinjesenteret laurdag 10.desember. Foto: Gudrun Semons.
Bilete av trioen Frå høge himmel.
Trioen Frå høge himmel, Andreas Ulvo, Åshild Vetrhus og Morten Barrikmo. Foto: Elisabeth Bjørkhaug