«Kom som du er» – den nye venskapssongen

«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med deg venar, klassa eller skulen og øv inn både songen og den tilhøyrande dansen.

– Endeleg har vi fått ein venskapssong også på nynorsk. Det var på høg tid, seier formidlingsleiar Tone Slenes i Nynorsk kultursentrum. Vi håper dette blir ein song og ein dans som vil gå igjen både i venegjengar, klasser og på skuleavslutningar i sommar. Det er Nynorsk kultursentrum som står bak prosjektet i samarbeid med Nynorsksenteret.

«Kom som du er» er komponert av Synne Vorkinn, også kjent som Synne Vo, i samarbeid med Bjørn Helge Gammelsæter. Line Dybedal,er vokalist. Dansepedag og og miljøterapeut Trude Hustad Hovdenakk har laga koreografien til dansen, og barne- og ungdomsarbeidar Hilde Østhuus har omsett refrenget til teiknspråk.

Engasjerte danseelevar ved Ørsta og Volda Ballettskule har spelt inn instruksjonsfilmar til dansen til «Kom som du er». Dei gler seg til å lære dansen vidare til andre barn og unge over heile landet. 

– Songen handlar om venskap, seier danseelevane i kor. 
– Han handlar også om at du må vere deg sjølv, seier ei av jentene.
– At vi passar på kvarandre og er trygge på kvarandre, legg ein av dei unge dansarane til. 

Trykk på knappen under for å kome til tekst, tekstvideo og ulike lydfiler til songen i tillegg til filmsnuttar med danseinstruksjonar. Det er berre å setje i gang å øve og bli ein del av fellesskapen!

Bilete av elevar og instruktørar ved Ballettskulen i Ørsta og Volda
Elevar og instruktørar ved Ørsta og Volda Ballettskule. Framme frå venstre: Thomas Zidko (9), Vilhelm Storebø (9), Camilla Seljelund Sætre (9) og Tora Øye Hjellbrekke (10). Bak frå venstre: Sigrid Brekke Vestøl (10), Ragne Hovdenakk Skjerdal (10), instruktør Ingvild Aasen Grimstad, instruktør Heidi Margrethe Kile-Ottesen, Siobhán van Bemmel (9) og Elias Flåskjer Brautaset (10). Foto: Ingvild Myklebust Hovden.