Ledig stilling: Forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum

Vil du leie og utvikle forskings- og samlingsarbeidet til Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur?

illustrasjonsbilde frå arkivet i aasentunet
Illustrasjonsbilde frå Aasentunet. Foto: André Hustoft Nesheim

Nynorsk kultursentrum forvaltar og formidlar verdifulle samlingar for nynorsk skriftkultur, inkludert boksamlingane til Ivar Aasen og Olav H. Hauge. Avdeling for forsking og samling forskar på og utviklar skriftkulturen i samspel med vår formidlingavdeling, som har tre museum og aktivitet i heile landet. Som forskings- og samlingsleiar får du ansvar for dyktige tilsette i ei viktig, strategisk satsing for stiftinga. Vi ser etter ein fagleg sterk leiar som vil bidra til eit levande og trygt arbeidsmiljø. 

Avdelinga består av fire konservatorar, ein spesialrådgjevar, ein bibliotekar og ein forskar II. Som avdelingsleiar blir du ein del av leiargruppa og bidreg i det samla, strategiske utviklingsarbeidet til organisasjonen. 

Søknadsfrist 28. februar.
Les meir om stillinga her.