Arenaleiar Haugesenteret

No har du høve til å drive og utvikle ein viktig arena og arbeidsplass for nynorsk, lyrikk og kulturopplevingar. Nynorsk kultursentrum søkjer ny arenaleiar for Haugesenteret i eple- og poesibygda Ulvik i Hardanger. 

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst formidlar nynorsk for hjarte og hovud til heile landet. Me har over 25 tilsette som arbeider frå Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta. I tillegg har me mange samarbeidspartar i heile landet og når om lag 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar. Våre kjerneoppgåver er formidling, forsking og samling ved arenaene våre, turnear og digitalt. 

I Ulvik i Hardanger driv me Haugesenteret. Dette er eit poesimuseum med særleg vekt på Olav H. Hauge. Me leiter etter deg som vil leie arbeidet med å utvikle og drive formidling av lyrikk i mange former og nynorsk skriftkultur lokalt, regionalt og nasjonalt. Du må ønskje å byggje nettverk mot kommunale og regionale styresmakter, frivillige organisasjonar og aktuelle samarbeidspartar både lokalt og nasjonalt. 

Gjennom basisutstillinga, arrangement, festival og samarbeid med forskings- og samlingsavdelinga formidlar senteret diktinga til Olav H. Hauge, saman med song- og skriftlyrikk frå mange ulike tider og stader. Leiaren får høve til å formidle lyrikk til mange ulike målgrupper, både dei mest interesserte og dei som trudde dei ikkje likte dikt. Du deltek også aktivt i formidling, programmering av Poesifestivalen og anna praktisk arbeid med drift av Haugesenteret. Den tilsette får økonomi- og personalansvar, i tillegg til overordna ansvar for HMS og drift av arenaen. 

Du kjem til å samarbeide tett med formidlingsleiar i Ørsta og arenaleiar i Vinje om å nå dei overordna strategiske måla for formidling i organisasjonen. De utgjer eit lag som saman utviklar arenaene og dei nasjonale formidlingstilboda for å formidle nynorsk for hjarte og hovud til heile landet. Ved Haugesenteret i Ulvik er 1,5 årsverk knytt til lokal og regional formidling og 1,5 årsverk til forsking og nasjonal formidling. Organisasjonen har ulike stillingar som saman arbeider med å nå måla, uavhengig av kor ein er lokalisert. 

Me ser etter deg med høgare utdanning, engasjement for kunst- og kulturformidling, nynorsk skriftkultur, litteratur og særleg lyrikk. Røynsle frå kulturarbeid, litteraturformidling, skrivekunst, museum, bibliotek og/eller festivaldrift er ein fordel. 

Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring i Ørsta, Ulvik og Vinje. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein open bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.
 
Stillinga er ledig frå 1. mai 2023. Det er høve til fullt betalt opplæring og introduksjon i mars/april ved høve. Kontorstaden er ved Haugesenteret i Ulvik kommune. Stillinga er fast og 100 prosent.

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 13. november til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. 
 
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark (tlf. 90 81 21 96) svarer gjerne på spørsmål. 
 
Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.

Arbeidsstad:
Ulvik, Hardanger

Tittel:
Arenaleiar

Utdanning:
Høgare utdanning

Oppstart:
1. mai, 2023

Stillingstype:
Fast stilling, 100 %