Museumsmedarbeidar Vinjesenteret – engasjement

Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt og gjennom arrangement og utstillingar i heile landet. Nynorsk kultursentrum har tre museum: Vinjesenteret i Vinje, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta.    

Er du glad i å møte nye menneske og få gjester til å kjenne seg velkomne? Likar du å organisere og å halde orden? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har eit ledig engasjement som museumsmedarbeidar ved Vinjesenteret. 

Vinjesenteret er eit museum for litteratur og journalistikk. Vinjesenteret har også formidling i Vinjestoga og driftar festivalen Litteraturdagane, i tillegg til andre arrangement i og utanfor senteret. Nynorsk kultursentrum har per i dag fem fast tilsette som arbeider ved Vinjesenteret.

Arbeidsoppgåvene for museumsmedarbeidaren vil mellom anna vere 

  • Planlegging og avvikling av Litteraturdagane i Vinje, arrangement og turnéar
  • Vertskaps- og driftsoppgåver ved Vinjesenteret
  • Oppgåver knytt til vandreutstillingar og andre nasjonale prosjekt i regi av Nynorsk kultursentrum

Vi ser etter deg som er strukturert og rutinert, er van med digitale verktøy, og har forståing for grunnleggjande administrativt arbeid. Interesse for journalistikk, litteratur og musikk kjem godt med. 

Aktuell utdanning og erfaring kan vere frå kultursektoren eller innan administrasjon. Det er krav om bachelor eller anna høgare utdanning.

Den som blir tilsett må rekne med noko helge- og kveldsarbeid.

Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.  

Stillinga er ledig omgåande og har kontorstad ved Vinjesenteret i Vinje kommune i Telemark. Stillinga er eit engasjement fram til 31. desember 2024, inntil 60 %.

Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stillings- eller yrkestittel i søknaden.

Søknader blir behandla fortløpande og tilsetjing skjer så snart som råd.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Ta gjerne kontakt med arenaleiar Yngve Knausgård på e-post yngve.knausgaard@nynorsk.no eller telefon 950 27 251 dersom du har spørsmål. 

Arbeidsstad:
Vinjesenteret, Vinje

Tittel:
Museumsmedarbeidar

Utdanning:
Bachelor eller anna høgare utdanning

Søknadsfrist:
Omgåande

Stillingstype:
Engasjement fram til 31. desember 2024, inntil 60 %