Museumsvertar ved Haugesenteret

Illustrasjonsfoto frå Haugesenteret. Foto: André Hustoft Nesheim

Me søkjer museumsvertar ved Haugesenteret! 

Me har behov for nye, dyktige museumsvertar som vil skapa gode opplevingar for gjestene våre gjennom sommarsesongen. 

Arbeidsoppgåvene som museumsvert inneber å ta imot publikum, halda omvisingar i utstillinga om Olav H. Hauge sitt liv og arbeid, og ekspedera i museumsbutikken. Du må lika å formidla informasjon og kunnskap til våre gjester, halda god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. Interesse for lyrikk og litteratur vil gjera arbeidet ekstra spennande. 

Sommarvikarperioden er 4 veker i juli/august, og helgevakter i perioden 4. mai til 15. september. Vaktplanen blir fordelt på fleire museumsvertar og høver difor godt for studentar og deltidstilsette. Vertane speler også ei viktig rolle under Poesifestivalen som vert arrangert 13.-15. september 2024. 

Alle vertar vil få god opplæring. Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Det er ein fordel om du er stødig også i engelsk.  

Du som søkjer bør helst vera over 18 år. Løn etter lokalt lønssystem. 

Haugesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for lyrikk med utgangspunkt i den lokale diktaren Olav H. Hauge. Me har som mål å vera ein viktig møtestad for lokalbefolkninga, så vel som eit attraktivt reisemål for turistar. 

Poesibygda Ulvik byr på fantastisk natur og er eit attraktivt reisemål. Her kan du kombinera sommarjobb med aktiv fritid på fjord og fjell. 

For meir informasjon om stillinga kontakt Vertskaps- og programansvarleg Heidi Lund Berg, 56 52 70 70, heidi.lund.berg@nynorsk.no

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 25. februar til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. 

 

Arbeidsstad:
Haugesenteret, Ulvik

Tittel:
Museumsvert

Søknadsfrist:
25. februar 2024

Oppstart:
4. mai eller etter avtale

Stillingstype:
Sesong