Vertskaps- og programansvarleg Haugesenteret

Er du glad i å møta nye menneske og få gjestar til å kjenna seg velkomne? Er du dyktig på å organisera og halda orden? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har ledig stilling som vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret i Ulvik.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst formidlar nynorsk for hjarte og hovud til heile landet. Me har over 25 tilsette som arbeider frå Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta. I tillegg har me mange samarbeidspartar i heile landet og når om lag 100 kommunar kvart år med arrangement og utstilling. Våre kjerneoppgåver er formidling, forsking og samling ved arenaene våre, turnear og digitalt.

Vertskaps- og programansvarleg er med på å utvikla publikumstilbodet ved Haugesenteret saman med resten av formidlingsavdelinga i Nynorsk kultursentrum. Du står for dagleg drift av resepsjon og museumsbutikk, og utarbeidar turnus for museumsvertar i helgar og ferie. Du koordinerer førespurnadar frå grupper om besøk og omvisingar i utstillinga, og oppdaterer sosiale medium og nettstad.

Vertskaps- og programansvarleg samarbeider med arenaleiar om utvikling, planlegging og gjennomføring av formidling til ulike grupper. Til stillinga ligg planlegging, avtalar, økonomi og logistikk for Poesifestivalen og andre kulturarrangement.

Me ser etter deg som set gjestene våre i sentrum, og gjev dei gode og trygge opplevingar i møte med oss. Du er strukturert, van med digitale reiskapar og har forståing for grunnleggjande økonomisk og administrativt arbeid i verksemder. Interesse for lyrikk, litteratur og språk kjem godt med.

Aktuell utdanning kan vera frå kultur, administrasjon, publikumskontakt, sal eller marknadsføring. Det er fordel med bachelor eller anna høgare utdanning. Du bør ha erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling og lagerteljing.

Den som vert tilsett må rekna med nokre reiser og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.   

Stillinga er ledig frå 11. april 2023 og har kontorstad ved Haugesenteret i Ulvik i Hardanger.

Grip sjansen! Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 11. februar til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. 

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Du kan opplysa om at du ynskjer å bli unnateke offentlegheit. Dette kan du søkja om og grunngje i e-posten som fylgjer med søknaden din.

Ta kontakt med arenaleiar Geir Netland, tlf. 90 03 82 86 for meir informasjon.

 

Arbeidsstad:
Haugesenteret, Ulvik

Tittel:
Vertskaps- og programansvarleg 

Utdanning:
Bachelor eller anna høgare utdanning

Søknadsfrist:
11. februar 2023

Oppstart:
11. april 2023 eller etter avtale

Stillingstype:
Fast stilling, 100 prosent