“Maten er halve føda” – fagleg frukost om nynorsk og næringsliv før og no

Tysdag 11. mars 2025 kl. 08.15-10.00

Bilde av Monika Haanes Waagan, Stine Stennes Hovdenakk og Stina Aasen Lødemel.
Frå venstre Monika Haanes Waagan, Stine Stennes Hovdenakk og Stina Aasen Lødemel. Foto: Nynorsk kultursentrum

“Språk er makt”, seier somme. “Pengar er makt”, seier andre. Når Nynorsk kultursentrum inviterer til ein fagleg frukost om språk og næringsliv, vil vi utforske nokre nyansar som ligg mellom desse utsegnene. Vi vil sjå nærare på ulike punkt der språk og næringsliv kryssar kvarandre – i fortida og i vår eiga tid. Vi skal ete saman, og prate, nett slik dei gjorde på dei mange kaffistovene som vart etablerte her i regionen på byrjinga av 1900-talet. “Maten er halve føda”, sa Ivar Aasen. Denne morgonen blir fagleg påfyll den andre halvparten.  

Etter frukost i kaféen i Aasentunet blir det presentert tre ulike inngangar til temaet språk og næringsliv, med eit ekstra fokus på det nynorske og særtrekk ved den lokale nærlingslivskulturen. Vi ser tilbake på historia, og vi ser på den tida vi no lever i.  

Stina Aasen Lødemel set stemninga ved å ta oss tilbake til tida då kaffistover og bondeheimar først vart etablerte i fylket, og ho viser kor viktig norskdomsrørsla var for denne oppbløminga. Stine Stennes Hovdenakk rettar blikket mot Ørsta og til Grepa-gründeren Havtor Hovden, noko som opnar for refleksjonar rundt relasjonen mellom kristendom, norskdom og industri. Til slutt vil Monika Haanes Waagan fortelje om stoda for nynorsk i næringslivet i dag, og meir spesifikt om kva som pregar språkpraksisen i den maritime næringsklynga på Sunnmøre. Vi avsluttar med ein spørsmålsrunde, der alle som vil kan lufte tankar om språk og næringsliv i regionen vår.  

Program:  
Kl. 08.15 til 08.45: Frukostservering i Kaféen i Aasentunet 
Kl. 08.45 til 09.45: Føredrag og diskusjon i Salen 
Kl. 09.45 til 10.00: Tid for å drøse over ein ekstra kopp kaffi i kaféen 

Arrangementet kostar 75 kr.

Kort om føredragshaldarane: 
Stina Aasen Lødemel jobbar som spesialrådgjevar ved Nynorsk kultursentrum. Stine Stennes Hovdenakk er utdanna historikar og jobbar som konservator same stad. Innlegga dei skal halde er basert på dei vitskaplege artiklane dei har skrive i antologien
Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? Næringslivshistorie frå Møre og Romsdal (Museumsforlaget, 2024). Monika Haanes Waagan har mastergrad i nynorsk skriftkultur og jobbar i dag ved kommunikasjonsavdelinga i Nynorsk kultursentrum. Waagan er også styremedlem i Noregs Mållag og leiar for Nynorsk bedriftsforum. 

Type:
Fagleg frukost

Pris:
75 kr

Tid:
Tysdag 11. mars 2025 kl. 08.15-10.00

Stad:
Aasentunet

Illustrasjonsbilde av språkfordeling i den maritime klynga på Sunnmøre