Mitt språk – min song: Enslaved

Ivar og Grutle frå Enslaved
Ivar og Grutle frå Enslaved har skrive og produsert ein ny song for Nynorsk kultursentrum. Foto: Roy Bjørge

Nynorsk kultursentrum har invitert fire artistar og band til å skrive ein ny song med nynorsk tekst. Sist ut er Grutle Kjellson og Ivar Bjørnson frå det Haugesund-baserte ekstremmetall-bandet Enslaved. 

«Sjølv om det aller meste av det ein les i både massemedia og dels også i litteraturen foregår på bokmål, kjennest det framleis mest naturleg å uttrykkje seg på nynorsk. Me har vakse opp i nynorskkommunar, hadde nynorsk som hovudmål i grunnskulen, og tekstforfattar og vokalist Kjetil Grutle har no også flytta attende til kommunen der han vaks opp etter å ha budd store deler av sitt vaksne liv i bokmålbastionane Bergen og Stavanger. 
 
Som tekstforfattarar har Kjetil og Ivar òg skrive mesteparten av norskspråklege tekstar på nynorsk. Ellers freistar dei så mykje som råd er å skrive både e-postar og til og med tekstmeldingar på nynorsk. Det kjennest både rett reint personleg, og sekundært også som bidragsytande til å ivareta ei språkarv dei meiner det er særs viktig å ta hand om.
 
Dette seier Grutle om teksten til Strie Draumar:
– Når det gjeld sjølve teksten så er den veldig inspirert av livet her på vestlandet, men i ei tidsepoke som trass i at det berre er nokre få generasjonar attende i tid, framstår som veldig fjern. Det er vanskeleg for oss no, fem tiår inn i oljealderen og velferdsstata å tenkje på det livet våre beste-, olde- og tippoldeforeldre levde, i ei relativt nær fortid. Det var ofte fattigslige kår, hardt arbeid og svært lite hjelp å få for dei som ikke evna å lukkast med å brødfø seg sjølv eller sin familie. I tillegg må ein og hugsa på at samfunnet her omkring på den tida var svært prega av streng Lutherianisme, og det var ikkje mange sprella ein skulle gjere før ein havna i unåde hos både lensmann og prest.
 
– Ein av mine eigne oldefedre havna diverre i ei slik ulykke, og utan at eg kjenner alle detaljane om livet hans, so veit eg at han blei skriven ut av familesoga i 1921. Seinare fann eg ut at han, som mange andre på den tida, blei lobotomert og «send vekk». Han budde ein annan stad i landet, i kjellaren til ein familie «på betaling» som det heitte, og enda sine dager så seint som i 1952. Då hadde han levd i over 30 år åtskild frå sin eigen familie. Kva som feilte han og kva som var årsaka til behandlinga han fekk, er det ikkje lenger nokon levande menneske som kan fortelja om. På den tida han levde, var det diverre ikkje rom for å vera sjukelig og sinnslidande, og i staden vår tids psykiske helsevern, blei oldefar og mange andre gøymd vekk i kjellarar for å skjula skammen. 
 
– Denne historia har ligge og ulma heilt sidan eg fekk vita om denne uretten oldefar blei utsett for, ein gong på 90-talet. Musikken Ivar laga her, var den siste brikka eg trong for å forsøke å beskrive denne historia om ei ikkje altfor stolt fortid.
 
Om musikken og innspelinga fortel Ivar: 
– Eg ville nytte dette høvet til eit litt anna musikalsk uttrykk. Hovudkjelda for inspirasjonen kan oppsummerast i to ord: Jimmy Page. Ok og kanskje eit par andre musikarar og band då! Me kan kanskje snakke om Folk-Rock som ein tradisjon; ein tradisjon som saman med Metal og Prog-Rocken utgjer grunnstamma for musikken eg skriv for Enslaved. Kvar det eine sluttar og det andre byrjar er korkje lett å spore, eller viktig: at sjangrar kveilar og spinn inn i og ut av kvarandre er sjølve essensen i komposisjon for meg. 
 
– Blandinga av rock og folk passa også særskild godt til denne forteljinga Grutle har tekstleggjort som Strie Draumar; som så ofte tek me eit dykk ned i både historia vår – denne gongen kanskje nærare i tid, stad og person enn nokon gong før – og då gjerne den mørkare delen. Er det ein stad i verda som treng meir lys og åpna vindauger; så er det pokker meg det mørke Vest- og Sørland, der dei rusa sjela på skam og sjeleleg slavehald i dei nære århundra. Nokon driv vel på slik den dag i dag. Det er dét som er noko å skamme seg over; ikkje mental sjukdom og annleistenkande verksemd på bygd og i by.»

Strie draumar

Fanga i strie draumar
Såg den vesle guten mot vest
Etter håp i bylgjer og straumar
For å skjenkje dei gamle ein gest
 
Det var mørkt og lågt under taket
Der i stova til hovding og trell
Kryla ryggjar med sigd og rake
I skjærselda er morgon som kveld
 
Der borte, han tenkte, skal eg byggja mi borg
Longt vekke frå åker, frå tæring og sorg
 
Tankane fenglsa, og tjora si not
Guten blei vaksen , og lagnaden smidd
Her skulle byggjast, med staur og med grjot
Draumane blei som graset avsvidd
 
Dåra satt der, heilt einsam og grein
Den er vesal som kan tankane styra
Ein dag kom skøyta og sola skein
Då låg dåra og blenkja i myra