Aleine saman – korona og kulturen

Eikemo og Eide strøymer seg bort

*Dette er eit opptak av programmet som vart sendt fredag 28. mars 2020

Marit Eikemo og Linda Eide tar fredagskvelden tilbake og strøymer seg bort saman med gjestene Bjørn Tomren og Åse Britt Reme Jakobsen.

Frå den koronastengde baren på Cornerteateret i Bergen snakkar Eikemo og Eide om det dei ellers ville ha snakka om på ein bar ein fredag kveld: Litteratur, kunst, musikk og språk, om mødre og døtre, om konkurranseinstinkt – og kva som er den gode forteljinga. Dei lover å opptre med kvar sine evner – saman med dei to eminente musikarane Bjørn Tomren og Åse Britt Reme Jakobsen, som har både salmesong, popsong, visesong, countrysong, strupesong og jodling på repertoaret.

Det blir lagt ut ei lenke til sendinga på denne eventen på fredag. Så då snakkast vi!

Programmet er støtta av Nynorsk Kultursentrum, og er ein del av formidlingsprosjektet deira: Åleine saman. Kultur i koronatida.

Linda Eide er journalist, forfattar, programleiar og scenekunstnar frå Voss, bur i Bergen. Ho er ein av våre mest folkekjære programleiarar, som dei siste åra er mest kjend for Norsk attraksjon, Smæsj og Eides språksjov. Eide har skrive ei rekke bøker: Då gamlemor baka seg i hel: moderne skillingsdikt, Kvardagstraume i utval, Radioradio, lyd i journalistikk, Norsk attraksjon: Guide til det du ikkje finn i guidboka. I 2012 kom Oppdrag mottro: Jakta på gamler dager, og i 2018 hadde ho stor suksess med soloførestillinga med same namn, av og med Linda Eide sjølv. Og ho skulle vore på turné med framsyninga akkurat no.

Marit Eikemo er forfattar og kulturarbeidar frå Odda, bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda og forlagsredaktør. Ho er dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen, og i august overtar ho stillinga som kunstnarisk rådgjevar for Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Eikemo debuterte med romanen Mellom oss sagt i 2006. Ho har til saman gitt ut fem romanar, den seinaste er Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar, og i 2019 kom hennar første novellesamling Hardanger.

Bjørn Tomren er eit multitalent frå Tomrefjord i Møre og Romsdal, bur i Bergen. Han er jodlar, strupesongar, visesongar, komikar og komponist. Tomren blei først kjend under artistnamnet Polkabjørn i polka- og jodleduoen Polkabjørn og Kleine Heine. Tomren har forsert Norge på langs på 4 ulike måter, på ski, til fots, padlande og roande Han er låtskrivar og speler i visegruppa «Kniven på strupen» saman med Ole Paus, strupesangtrioen «Huurd Altan Hangai Tu», americanabandet «The Thomas Quickstep Experience», salmesongtrioen «Samantha Foxtrot», elektronikaduoen «FIK», pønkbandet «Tomra Konfeksjon», coverbandet «Ni Hong And te Clay He Hos» og salmesongkollektivet «Tomra Pjolter- og Salmesangforening». I 2019 gav han ut si første soloplate: Bad Science Fiction, til strålande mottaking.

Åse Britt Reme Jakobsen er ein svært særprega og mangfaldig musikar frå Lyngdal, busett i Bergen. Ho er både vokalist, trommis og gitarist, og ho har spelt med ei rekke band og artistar, både som fast bandmedlem og freelancer. Reme Jakobsen har dei siste åra vore frontfigur i Bergen Bonanza og har flere band i lag med HP Gundersen, mellom anna som vokalist i det kritikarroste bandet Chinatown Bluesband som fekk terningast 6 for debutalbumet «Silvertones», som kom ut våren 2019. Åse Britt var også medverkande som vokalist og arrangør på Bjørn Tomrens kritikarroste debutplate, Bad Science Fiction som kom ut hausten 2019.»

©Cornerteatret, Marit Eikemo og Linda Eide (2020) 

Bilete av Linda Eide og Marit Eikemo.

Marit Eikemo (f. 1971) er ein forfattar og kulturarbeidar som i bøkene sine har utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan.

Les meir på:

Linda Eide (f. 1969) er programleiar og kåsør. Journalistisk humor og uventa påfunn, gjerne med eit kvinneblikk, er blitt varemerket hennar.

Les meir på: