Skeivt – tema i norsk litteratur

Av Hanne Marie Johansen 

Mot slutten av 1900-talet var den skeive rørsla i Noreg i framgang og ambisjonane var mange. Ikkje berre gjaldt det å stå opp mot urettvise lover og diskriminering. Ein tok òg mål av seg å syne fram skeiv kultur, skeive spor i allmenn-historia og i litteraturhistoria. Forskinga begynte med aktivistane, og akademikarar følgde opp. I intervju med Skeivt arkiv (2018) fortel Jan Olav Gatland om motstand, men òg interesse og støtte han fekk då han som aktivist og faglitterær forfattar begynte å skrive om den litterære homohistoria og publisere om skeive og gløymde skjønnlitterære forfattarskap og biografi (Skeivt arkiv, 2018). Kva for skeive spor fanst i moderne norsk litteratur? Korleis spegla desse spora skeiv sjølvforståing, levekår og kamp?    

Frå om lag 1900 ser ein konturane av ei skeiv litteraturhistorie. Samfunnsforholda var blitt slik at skjønnlitterære og faglitterære forfattarar kunne begynne å skrive meir ope enn før om seksualiteten. Sekulariseringa førte med seg auka debatt om gamle religiøse påbod, som at sex var forbode før og utanom det heterofile ekteskapet. Seksualreformrørsla vaks fram etter fyrste verdskrigen. Den stilte krav om seksuell frigjering for alle, og den dreiv folkeopplysing om slikt som prevensjon, abort, onani og at det finns ulike seksuelle preferansar (Johansen 2019: 103-105 og 108). Kring 1900 var eit nytt syn på likekjønna sex undervegs. Tidlegare var det sett på som synd og lovbrot. Etter 1900 blei det i vide krinsar oppfatta som utslag av eit spesielt, fastlagd karaktertrekk (legning). Psykiatrien sette fram teoriar om at menneske som hadde trong til sex med likekjønna var råka av «degenerert arv». Den utvikla eit nytt omgrepspar: homoseksuell og heteroseksuell. Det innebar ei forståing av at seksualitet spring frå eit fast personlegdomstrekk. Freud sine skrifter og psykoanalysen fekk oppslutnad på 1900-talet. Det bidrog til forståing for at homoseksualitet kan være resultat av «uheldig» påverknad i tidleg barndom og feile band til mor og far.  

I skyggen av Karl Johan. Fragmenter av en kvindes liv (1912) av Gjert Øvre Richter Frich blir rekna som starten på litterære skildring av homoseksualitet i norsk 1900-tals litteratur. Frich gav ut boka under pseudonymet Rita Freimann. Hemmelege homonettverk i Oslo var det som boka handla om, men fortellerstemma tilhøyrer den heterofile. (Johansen 2019, 106, Gatland 1990: 87 og 95, Rafto 2017: 76). Også Drude Helmers ekteskap (1913) av Ranka Knudsen fortel om mannleg homoseksualiteten, sett utanfrå. Drude Helmers ektemann svik ho, ved å innleie ein seksuell relasjon til ein annan mann. Då er ektemannen eit av desse «halvmandfolkene», og skilsmål er einaste utveg (Rafto 2017, Johansen 2019: 107). Richter Frisch og Knudsen gjer uttrykk for det som var oppfatninga i både medisinsk og psykologisk forsking i samtida: Homoseksualitet fanst, men var ikkje greitt. Det var noko ein gøymde bort eller vende seg frå.  

Romanen Strengen brast av frå 1923, av Alf Martin Jæger tar tak i homoperspektivet frå den homofile mannen sitt perspektiv. Leif Wang heiter han og er forlova med ei kvinne, men forelskar seg i ein mann. Ei natt hamnar Leif Wang til sengs med den mannlege vennen. Var det gale? Wang er ambivalent, men fell ned på at det «behøver det ikke være det». I 1920-åra er omgrepet homoseksuell kjend i vide kretsar, men likevel var det sjeldan å sjå i prent. Då Jæger gav ut romanen Odd Lyng i 1924 våga han sette det nye, dristige faguttrykket homoseksualitet på trykk. Visstnok var han då mellom dei aller første norske skjønnlitterære forfattaren som gjorde det. Tidlegare var homoseksualiteten meir indirekte referert til, og mellom linene.  (Gatland 1990: 87, Rafto 2017, Johansen 2019, 106–107).  

Ronald Fangen tematiserte homoseksualitet i tre ungdomsromanar, De svake (1915), En roman (1918) og Krise (1919). Fangen gir synsvinkelen til dei homoseksuelle romanfigurane sine. Ein av dei seier: «Jeg hører til det gale i naturen, men jeg hører den til» (Gatland 2017, Skeivopedia). Seinare i livsløpet ville ikkje Fangen ha med desse bøkene på produksjonslista si. (Gatland 1990: 101, Waage 2008: 24). Kan hende var det av omsyn til posisjonar han fekk i religiøse miljø. Fangen blei med i Oxford-rørsla i 1930-åra. I 1945 starta han den kristelege dagsavisa Vårt Land.  

Då DNF-48-pioneren Øivind Eckhoff i 1957 gav ut boka Vi som føler annerledes i 1957, under pseudonymet Finn Grodal, presiserte han i innleiinga at «vi» var homofile menn. Sjølv mangla han førstehandskunnskap om «den lesbiske verden» (Johansen 2019: 124).  

Var skeive kvinner eit mogleg tema å dikte om? I Norsk litteraturhistorie (publisert i 1975 og i 1983) står det at Nini Roll Ankers roman Enken (1932) er ein betydeleg roman frå mellomkrigstida som handlar om kvinneliv. Gatland påpeikar at hovudtemaet faktisk er homoseksualitet mellom kvinner (Gatland 1990: 144). Ebba Haslunds roman Det hendte ingenting frå 1948 er nemnd som Noregs første lesberoman av aktivistavisa Blikk. Haslund sjølv ville ikkje gå god for den kategoriseringa. For henne var temaet i romanen berre «forboden kjærleik». Då boka kom ut var ho visstnok ikkje ein gong kjend med omgrepet homoseksuell. Like fullt trykte Blikk ein nekrolog då Haslund døydde i 2009, og nemnde henne som pioneren som skreiv lesbehistorier (Blikk 2009). 

1950- og 1960-åra var omgrepet lesbe kjend i offentlegheita, men ikkje mykje brukt. Ein snakka helst om homofile (til erstatning for det meir seksualiserte omgrepet «homoseksuelle»), og det omfatta begge kjønn. Bøker som kom inn på at kvinner kunne forelske seg i kvarandre heldt lenge på diskresjonlina. Kanskje var det fordi forfattarane ikkje hadde klårt for seg at kvinner erfarte homoseksualitet, eller at dei ikkje ville skrive ope om eit så tabu tema. Begrepet «lesbe» kom ikkje inn i skjønnlitteraturen før på 1970-talet. 

Det som «homo-romanane» frå det meste av 1900-talet hadde til felles, var at homoseksualiteten (eller mogleg homoseksualitet) var skildra som ulukke (Johansen 2019: 107). Plottet munna ut i skilsmisse, flukt (utvandring til Amerika), sosial isolasjon og einsemd, sjølvforakt eller sjølvmord. Litteratane bidrog langt på veg til å stadfeste det som psykiatrien held fram: Homoseksualitet var om ikkje synd, så sjukdom og problematisk. 

Homo-pioneranes sjølvbiografiar og memoarar som byrja komme frå 1970-åra braut med den einsidige elende-historia og fekk fram korleis skeive folk erfarte verda på høgst ulikt vis, alt etter kjønn og sosial bakgrunn. Denne litteraturen handla ikkje minst om nettverksbygging, fest og skjemt. Sjølvaste homogeneralen Kim Friele var svært aktiv som skribent og viste veg. Memoarar ho gav ut fortalte om opplevd utanforskap, men òg om korleis skipsreiar-far hennar skjemta om at hennar medlemskap i Arbeidarpartiet var mykje meir sjokkerande enn homofili (Henmo 2015).  

I 1970-åra rekrutterte norsk homorørsle, også lesbisk rørsle, frå radikale parti og rørsler, som AKP-ml og den nye kvinnerørsla. Homsar og lesber blei politiserte, men kulturelle aktivitetar stod òg høgt i kurs. Skeive danna eigne musikkgrupper og teatergrupper med artige namn, som «Livets mangfold». Gerd Brantenberg si kjende bok Opp alle jordens homofile kom ut for første gong i 1973. Viktig hensikt med boka var nett på humoristisk vis å kritisere diskresjonskulturen, som hadde stått så sterkt i DNF-48.  

Var tabuet heilt borte for diktarar og skribentar i Noreg etter 68-generasjonen? I 2009 ga Arnfinn Nordbø ut sjølvbiografien Betre død enn homofil? Å vere kristen og homo. Nordbø skriv om erfaringar frå «bedehusland» i Noreg, og korleis familie og kyrkjelyda viste han bort då han «kom ut» (Nordbø 2009). Boka hans er ei påminning om at Den norske kyrkja, andre kyrkjesamfunn og konservative, kristelege organisasjonar har vore seine med å inkludere skeive folk. Religiøs fridom og rettar støytar enno i dag saman med skeive folk sine krav på likehandsaming.  

Kan ein vente fleire skjønnlitterære verk om skeivt? Dikting og formidling stoppar ikkje opp. Men papirboka har fått konkurranse frå podkastar og sosial media. Reality-reportasjar verker ha meir slagkraft enn skjønnlitteraturen. Historier frå trans-miljø får mykje merksemd i desse nye kanalane. Det er eit tydeleg teikn på retninga som skeiv rørsle og skeiv samfunnsdebatt har tatt: Transfolket er inkludert og det er ei viss uro om gruppa får helsehjelp som gagnar.   

  

Referansar og meir lesing: 

Blikk (2009, 12. juli). Ein pionér er død. Henta frå https://blikk.no/uncatogorized/en-pionr-er-dod/156697 

Fangen, Roald (1919) Krise. Kristiania.  

Fangen, Roald (1918) En roman. Kristiania  

Fangen, Ronald (1915) De svake Kristiania: 

Frich, Gjert Øvre Richter (1912) I skyggen av Karl Johan. Fragment av en kvindes liv. Christiania. 

Friele, Karen Christine (1990) Troll skal temmes. Oslo. 

Friele, Karen Christine (1985) De forsvant bare. Fragmenter av homofiles historie. Oslo:  

Friele, Karen Christien (1975) Fra undertrykkelse til opprør. Om å være homofil – og være glad for det. Oslo. 

Gatland, Jan Olav (1990) Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Oslo. 

Grodal, Finn (1957) Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet. Oslo.  

Johansen, Hanne Marie (2019). Skeive linjer i norsk historie. Frå norrøn tid til i dag. Oslo.  

Jordåen, Runar (2010) Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. Avhandling (PhD.)  Universitetet i Bergen. 

Jæger, Alf Martin.1924. Odd Lyng. Kristiania.  

Jæger, Alf Martin. 1923. Strengen brast. Kristiania. 

Nordbø, Arnfinn (2009) Betre død enn homofil. Oslo. 

Skeivt arkiv (2018, 1. august). http://skeivtarkiv.no/jan-olav-gatland-fodt-1949 [lasta ned 06.02.2018]. 

Rafto, Heidi Rhode. 2017. Drude Helmers ekteskap. Melk (3), 76–79. 

Waage, Lars R (2008) «Et galt og skjævt menneske.» To litterære skildringer av homoseksualitet på tidlig norsk 1900-tall. Tidsskrift for kjønnsforskning, 32(3), 23–41. 

Bilete av Hanne Marie Johansen
Hanne Marie Johansen. Foto: Samlaget

Hanne Marie Johansen er professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved Universitetet i Bergen. Johansen har tidlegare skrive læreboka Skeive linjer i norsk historie: frå norrøn tid til i dag (2019).