Ungt språkengasjement

Norsk Målungdom i aksjonstog

Korleis ser det ut når unge tek kampen om språket, og kan engasjerte unge endre den språklege framtida? Sidan 1961 har ungdommar og unge vaksne i Norsk Målungdom organisert, argumentert og demonstrert for nynorsk. Frå starten har dei påverka og endra norsk språkpolitikk.  

I nettutstillinga Ungt språkengasjement fortel Nynorsk kultursentrum soga om Norsk Målungdom og brukar historia om organisasjonen som eit døme på korleis unge engasjerer seg. Nynorsk kultursentrum tek vare på mange gjenstandar, foto og andre minne frå Norsk Målungdom for framtida, og nokre av desse er brukte her. 

I utstillinga kan du sjå eit utval gjenstandar frå kvart tiår saman med tre tekstar: om å vere ung det tiåret, om kva Norsk Målungdom arbeidde med då, og om ei spesielt viktig politisk sak. I utstillinga finn du også andre tekstar om tema som dekkjer fleire tiår.  

Utstillinga er laga i samband med Norsk Målungdom sitt 60-årsjubileum i 2021 og Frivilligåret 2022.

1960-talet

Norsk Målungdom blir skipa i 1961 under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM). Dei lokale elevmållaga og studentmållaga hadde røter attende til 1877, då det første studentmållaget blei starta på Stord.

1970-talet

I 1972 skiftar organisasjonen namn til Norsk Målungdom, og det første eigne medlemsbladet får namnet Målfront. Kampen for nynorske læremiddel og EF-saka pregar tiåret. Tusenvis av elevar demonstrerer for lærebøker på nynorsk og bokmål til same tid og same pris.

1980-talet

Dialektaksjonane som starta i 1975, er eit viktig tiltak fram til 1985. Norsk Målungdom held fram med arbeidet for nynorske læremiddel og mobiliserer stort i kampen for å halde på skriftleg sidemålsundervising.

1990-talet

I 1994 er Norsk Målungdom på nei-sida i folkerøystinga om norsk medlemskap i EU. På slutten av tiåret kjem det på nytt store demonstrasjonar for nynorske læremiddel.

2000-talet

Arbeidet for retten til opplæring på nynorsk i ein stadig meir digital skule får stor merksemd med demonstrasjonane for nynorsk data i 2000 og 2001. Arbeidet mot nynorskforbodet i dei store riksavisene er viktig. Norsk Målungdom blir dømd for medlemsjuks i Oslo tingrett i 2003.

2010-talet

Kampen for sidemål står sentralt når læreplanen i norsk blir endra både i 2013 og 2019. Norsk Målungdom arbeider elles med språkleg mangfald, nynorsk i lærarutdanningane og utvida rettar for nynorskelevane dette tiåret.

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Flygeblad frå Studentmållaget i Oslo, truleg frå seint 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Flygebladet argumenterer for at alle kan vere medlem i Studentmållaget, og fortel om kva dei driv med. Sjå ei større utgåve av denne sida frå flygebladet her.

Avisa Apropos. Organ for Studentmållaget i Oslo (nr. 1, 1961). Apropos blei grunnlagd i 1959 og skifta namn til Fram i 1973. Avisa slutta å kome ut i 1989. Les denne utgåva av avisa her.

Avisa Vestlandsfa’n. Organ for Studentmållaget i Bergen(nr. 4, 1969)Avisene til studentmållaga blei sende ut til gymnas og bibliotek over heile landet, og for mange elevar var dei det første møtet med Målungdommen. Les denne utgåva av avisa her.

Avisa Stabekk Tidend. Meldingsblad for Elevmållaget ved Stabekk høgre skole(nr. 11964)Det vekte merksemd  det kom til eit elevmållag på Stabekk i Bærum tidleg på 1960-talet. Lokallaget hadde fleire debattmøte, vedtok fråsegner om språkpolitiske saker og gav ut eitt nummer av denne avisa. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Innmeldingsblokk for Noregs Student- og ElevmållagDenne var i bruk fram til organisasjonen skifta namn i 1972. Heilt fram til 2010-talet hadde Norsk Målungdom innmeldingsblokker på papir. Sjå eit større bilete her.

Framsida av boka Student- og elevmållag i Trondheim gjennom 50 år (Student- og Elevmållaget i Trondheim, 1966). Då landsorganisasjonen blei skipa i 1961, fanst det eit stort nettverk av elev- og studentmållag rundt i heile Noreg. Mange av lokallaga hadde allereie då ei lang historie. Sjå større utgåve av framsida på boka her.

Framsida av boka Lingual Minorities in Europe (Samlaget, 1969). I 1967 samla Studentmållaget i Oslo 35 utsendingar med bakgrunn frå 13 minoritetsspråkgrupper for å drøfte korleis dei kunne gjere det lettare å bruke mindre utbreidde språk i Europa. Nokre av innlegga kom ut som artiklar i denne boka.  Les boka her.

Handlaga plakat laga av studentane som arbeidde med avisa AproposDette var avisa til Studentmållaget i Oslo, og ho fungerte seinare som avis for landsorganisasjonen. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Eksempel på brevark forNoregs Student- og ElevmållagOrganisasjonen hadde dette namnet frå skipinga i 1961 til 1972, og blei skipa for å betre samarbeidet mellom dei mange elev- og studentmållaga som hadde dukka opp i 1950-åra. Sjå eit større bilete her.

Flygeblad med tittelen Rare ord, truleg laga av Noregs Mållag seint på 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Målet med flygebladet var å gå i rette med myten om at det er så mange rare ord på nynorsk, og vise at alle språk har mange ord som må brukast. Sjå ei større utgåve frå denne sida av flygebladet her.

Norsk målungdom på 1960-talet

Då Norsk Målungdom, den gong kalla Noregs Student- og Elevmållag, vart skipa i 1961 vart det startskotet for ein samla nasjonal ungdomsorganisasjon som arbeidde for målsaka. På 1960-talet arbeidde dei særleg for å få høgskular i distrikta.

Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) vart formelt stifta på Vinstra 3. august 1961, dagen før årsmøtet i Noregs Mållag. Målkampen mellom unge hadde utvikla seg ved ulike lærestader over heile landet og vart no formalisert på nasjonalt plan. Ved etableringa var det ikkje formelle band mellom dei to laga, og det skulle gå heilt fram til 1969 før det kom på plass ein meir omfattande og konkret samarbeidsavtale mellom dei. Dei første åra var det relativt lite samhandling, bortsett frå at dei heldt landsmøta sine i samband med kvarandre fram til 1967.   

Dei elev- og studentmållaga som no slo seg saman i NSEM, med 25 år gamle Eirik Aksel Larsen som den aller første formannen, hadde tidlegare vore lokallag i Noregs Mållag. Kjellaug Jetne vart første kvinnelege leiar i 1966. NSEM fekk no status som fylkeslag i Noregs Mållag, men heldt på ordninga med interne lokallag ut frå geografi og særleg lærestad. Dette hang saman med at medlemslaga for det meste var elev- og studentmållag ved vidare og høgare utdanning. Fram til 1968 var Studentmållaget i Oslo (SmiO) laget sitt hovudsete. Det året tok Studentmållaget i Bergen over leiarroret, før det vart flytta attende til Oslo i 1970.  

Avisa Apropos, som kom ut første gong i 1959, vart eit viktig organ for utviklinga av det unge mållaget. Ho var i utgangspunktet knytt til Studentmållaget i Oslo, men fungerte etter kvart òg som ei medlemsavis for NSEM sidan SmiO var hovudsete for begge. Unge, skarpe og lærde pennar sette standarden for korleis avisa og målarbeidet utvikla seg utover på 1960-talet. Mot slutten av tiåret og vidare utover på 1970-talet var opplaget oppe i fleire tusen, og avisene vart flittig delte ut på skular og studiestader over heile landet. Sentralt i arbeidet til NSEM stod etter kvart kampen for distriktshøgskular, i tillegg til den mangeårige bokstavstriden om i-mål eller a-mål som norm.

Arbeid for nynorskbrukande studentar

Studentane og studentmållaga har vore særleg viktige i arbeidet for retten til å bruke nynorsk ved universiteta og høgskulane. Studentmållaga hadde allereie vore aktive i mange tiår då Norsk Målungdom vart starta opp i 1961. Kampen tok til allereie på 1800-talet og held fram også i dag, mellom anna gjennom Norsk Målungdom sin digitale klageportal for klage på manglande nynorskoppgåver på eksamen.

Studentar har alltid vore viktige forkjemparar for nynorsk, og det første studentmållaget, Målvinarlaget på Stord (skipa i 1877), var ein av dei eldste studentorganisasjonane i landet. Studentmållaga skapte miljø for nynorsk på universiteta og høgskulane og har arbeidd for retten til å bruke nynorsk i høgare utdanning.   

Studentmållaga, som dei vi finn i Bergen (1946), Trondheim (1916) og Oslo (1900), har vore arenaer for språkpolitiske diskusjonar som har resultert i tiltak som har betra vilkåra for nynorsken. Studentmållaget i Oslo har til dømes arbeidd for alt frå distriktshøgskular og pensumlitteratur på nynorsk til å få ferdig nynorskomsetjinga av Bibelen. Laget stod sentralt både då Noregs Mållag vart skipa i 1906, og då Norsk Målungdom kom til i 1961. Dessutan har mange sentrale nynorskforkjemparar fått kveikt engasjementet sitt i studentmållaga.   

Etter at Ivar Aasen utforma det nynorske skriftspråket på midten av 1800-talet, vart det tidleg eit mål å skape rom for nynorsk i heile skuleverket. Det tok tid før det vart mogleg å bruke nynorsk i høgare utdanning: I 1883 fekk teologistudenten Ivar Mortensson Egnund nei til å bruke nynorsk ved teologisk embetseksamen, men brukte det likevel på ein munnleg eksamen. I 1901 var journalisten Albert Joleik den første som skreiv eksamen på nynorsk ved Universitetet i Oslo, og sidan dette ikkje var lov, var det like før han fekk strykkarakter. Først 5. mai 1908 vedtok regjeringa at studentar kunne velje sjølv om dei ville skrive nynorsk eller bokmål i oppgåvesvara sine ved universiteta.   

Kravet om eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål vart fremja første gong av Studentmållaget i Oslo allereie i 1921. Det gjekk likevel heile 66 år før denne retten i 1987 vart forskriftsfesta. Sidan den gong har det vore ei viktig oppgåve for studentmållaga og Norsk Målungdom å passe på at nynorskstudentane fekk eksamen på nynorsk. På 2010-talet laga dei ein digital klageportal på nettsida si der studentar kunne be Norsk Målungdom klage på deira vegner om nynorskoppgåva mangla. I 2018 vart det sett rekord då Norsk Målungdom sende 69 slike klagar til 14 universitet og høgskular.   

Den språklege kvaliteten på eksamensoppgåvene har òg vore ei viktig sak. I 2016 vekte ein særleg dårleg omsett eksamen på nynorsk nasjonal oppsikt. Då fekk byggingeniørstudenten Ingeborg Steine Jensen ei eksamensoppgåve ved NTNU på Gjøvik som inneheldt «nynorske» ord som «kvisleis» og setningar som «Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny». Norsk Målungdom la då vekt på at universiteta og høgskulane måtte lage seg system som sikra både at oppgåvene kom på nynorsk, og at den språklege kvaliteten var god nok etter eventuell omsetjing.   

Retten til eksamensoppgåver på nynorsk gjeld berre for studentar på offentlege utdanningsinstitusjonar. Det har vore eit mål å utvide retten til òg å gjelde på private utdanningsinstitusjonar som får offentlege midlar. Norsk Målungdom fekk ein førebels siger då det offentlege utvalet som greidde ut ny universitets- og høgskulelov i 2020, foreslo å utvide retten skulle til å gjelde for alle studentar.   

Studentmållaga har òg arbeidd for å sikre pensum på nynorsk, mellom anna via Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo. Dei har sidan 1902 gitt økonomisk støtte til pensumlitteratur på nynorsk. Studentmållaga har elles gitt ut ordlister for ulike fagfelt på nynorsk, slik som Medieordlista (2002), Realfagsordlista (2005) og Økonomisk ordliste (2007). Dei siste tiåra har det i møte med engelsk òg vore ein kamp for å sikre norsk fagspråk generelt, og ikkje berre nynorsk. 

Ung på 1960-talet

Å vere ung på 1960-talet var prega av at 9-årig obligatorisk grunnskule vart innført, at norske heimar fekk TV for fyrste gong og alternative rørsler som hippie-rørsla kom til Noreg. Dei unge får no i større grad enn tidlegare eigne motar, uttrykk og organisasjonar.

Utover på 1960-talet vart det meir vanleg med fellesklassar, altså at gutar og jenter gjekk saman i same klasse. 20 år tidlegare var til dømes berre 20 prosent av klassane på landsbasis fellesklassar. Utviklinga gjekk òg i retning av meir skulegang for fleire. 9-årig obligatorisk grunnskule vart innført i 1969. Før det hadde obligatorisk skule vore 7-årig, med påfølgjande framhaldsskule eller 3-årig realskule for dei som ikkje gjekk ut i arbeid eller i lære. 

20. august 1960 vart fjernsynet etablert i Noreg. Alt i 1962 nådde tv-signala ut til over to millionar nordmenn. Programtilbodet krinsa kring sport, nyhende og fjernsynsteater, med kunnskapstevlinga Kvitt eller dobbelt som ein familiefavoritt. Barneprogrammet Lekestue for de minste vart først sendt i 1967. Den laurdagsfaste Tippekampen gjekk på skjermen i 1969 og var med på å styrkje banda mellom fotballinteresserte unge og vaksne.

Sjølv om tv-bileta som strøymde utover landet, var i svart-kvitt, vart 1960-talet etter kvart ei blomstrande og fargesterk tid for ungdommen. Mot slutten av 1950-talet var det komne eigne butikkar for ungdomsklede, og hippie-rørsla som kom til Noreg midt på 1960-talet, stod som ein smeltedigel av motar, politisk medvit og sanselege opplevingar. Natur og ungdom vart stifta i 1967, i ei tid der det å leve på landet eller i byane vart eigne teikn på identitet. 

Klistremerke med slagordet «Tal dialekt, skriv nynorsk», truleg laga av Norsk Målungdom på 1970-talet. Sjå ei større utgåve her.

To utklipp frå Vestlandsfan (nr. 5, 1975), med påskrifta «Slå eit slag for MÅLSAKA» og «Kamp for nynorske læremiddel». Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke laga av Noregs Mållag i 1978 med påskrifta «Nynorsk byggjer på dialektane. Snakk dialekt. Skriv nynorsk.». Sjå ei større utgåve her.

Plakat med påskrifta «Studentmållaget i Oslo 75 år» frå jubileumsfeiringa til lokallaget i 1975. På plakaten er det bilete av ein del av eit norsk flagg, ein hane og eit handskrive utdrag frå fortalen til Norsk Grammatik (1864) av Ivar Aasen. Sjå ei større utgåve her.

Innmeldingsblokk Norsk Målungdom frå arkivet til Studentmållaget i Volda. I denne tida var det lokallaga som passa på at medlemmene betalte medlemspengar, og alt av arbeid med økonomi gjekk for seg på papir. Sjå ei større utgåve her.

Korleis bør norskopplæringa vera? (Noregs Mållag og Norsk Målungdom, 1979). På 1970-talet drøfta målrørsla om og korleis dialektar burde brukast i skulen. Dette var òg det første tiåret med obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring for alle elevar etter at ungdomsskulen blei innført i 1969. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Studiebok om Noreg og fellesmarknaden. (Norsk Målungdom, 1972). Same år som denne boka kom ut, var den første rådgjevande folkerøystinga om Noreg skulle bli med i EU eller ikkje. Norsk Målungdom og studentmållaga arbeidde mot norsk medlemsskapDigital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Organisasjonshefte for Norsk Målungdom (1976)Eit hefte med lovene og tufta (det politiske grunnlagsdokumentet) for organisasjonen som forklarte korleis og på kva grunnlag Norsk Målungdom arbeidde. Dette tiåret var det harde ordskifte mellom dei som ville argumentere for nynorsk ut frå sosiale grunnar, og dei som ville arbeide ut frå nasjonale argument. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 7, 1976). I denne utgåva var det læremiddelaksjonane i 1976 som var hovudsaka. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 1, 1972). Målfront var det første eigne medlemsbladet til Norsk Målungdom, og hadde det namnet i perioden 19721979. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.Les den første utgåva av avisa her.

Norsk målungdom på 1970-talet

Organisasjonsbygging, ideologi, framtidstru og aksjonslyst prega Norsk Målungdom gjennom 1970-åra. Organisasjonen skifta namn frå Noregs Student- og Elevmållag til Norsk Målungdom for å også kunne nå andre ungdommar enn elevar og studentar. Viktige saker for Målungdommen på 1970-talet var læremiddelsaka, tilhøva for dialektene og distriktspolitikk, noko dei starta fleire aksjonar rundt. Gjennom 1970-talet var det stor usemje om Norsk Målungdom skulle arbeide for ei såkalla eittspråkslinje, altså at nynorsk skulle bli det einaste norske skriftspråket, eller ei tospråkslinje, der nynorsk skulle vere eitt av to norske språk.

Organisasjonsbygging, ideologi, framtidstru og aksjonslyst prega Norsk Målungdom gjennom 1970-åra. Organisasjonen gjekk inn i tiåret med eitt namn og ut av det med eit anna. Med song og slagord bygde laget seg opp som ein vital og høglydt ungdomsorganisasjon. 

I 1970 søkte den norske regjeringa om medlemskap i EF, og to år etter var det folkerøysting. Målungdommen engasjerte seg mot norsk medlemskap fordi dei meinte det ville gå ut over primærnæringane og bygdene. Mellom anna ville det rasere grunnlaget for nynorsken. Motstanden var òg ideologisk og prinsipiell, og dei frykta for det nasjonale sjølvstendet. Fleire såg saka som ein parallell til unionsstriden rundt hundreårsskiftet, som endte med unionsoppløysinga frå Sverige i 1905. Tiåret førte òg med seg ei interesse for det historiske opphavet til målrørsla. Mange ungdommar såg attende til Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Olaus Fjørtoft og andre sentrale personar og hendingar i målhistoria. 

I 1972 skifta organisasjonen namn frå Noregs Student- og Elevmållag til Norsk Målungdom. Ein viktig grunn for namneskiftet var ønsket om òg å nå andre grupper enn elevar og studentar.  

Tre år etter fekk Målungdommen formelt status som ungdomsorganisasjon for Noregs Mållag. Frå å ha vore ein ung organisasjon i tiåret før styrkte Målungdommen seg gjennom 1970-åra. Fokuset på organisasjonsbygging gav resultat, og medlemstalet var i sterk vekst gjennom tiåret. Ei anna medverkande årsak var at nynorsken stod sterkt dette tiåret. I takt med kvinnerørsla i resten av samfunnet kom òg fleire og fleire kvinner inn i organisasjonen. I 1972 flytta sentralstyret i Målungdommen igjen til Bergen, og til Oslo igjen i 1976.  

Gjennom heile 1970-talet var læremiddelsaka ei av dei viktigaste sakene for Målungdommen. Dei kjempa for at elevane skulle få rett på læremiddel på nynorsk. Sjølv om dette vart lovfesta i 1974 for vidaregåande opplæring, følgde ikkje pengane med. Læremiddelsaka og aksjonar stod derfor på dagsordenen gjennom resten av tiåret. 

Det distriktspolitiske engasjementet stod sterkt i Målungdommen gjennom heile tiåret. Ingen bygder, ingen nynorsk. Dialektrørsla fekk fotfeste, og i 1975 stod organisasjonen i bresjen for den første dialektaksjonen. Slagordet var «Fram for dialektane», seinare «Tal dialekt – skriv nynorsk» saman med mororganisasjonen Noregs Mållag. Til ut på 1980-talet vart det halde årlege landsomfattande aksjonar for meir bruk av dialekt. Dialektrørsla lukkast med å få folk til å bruke og vere stolte av dialekten sin.  

Gjennom 1970-talet var organisasjonen likevel prega av fraksjonar og indre målstrid, særleg frå midten av tiåret. Det politiske klimaet i samfunnet kom inn i organisasjonen, med partipolitikk og ideologi i sentrum. Av enkeltsaker skapte spørsmålet om språkstrategi mest intern debatt. Skulle laget jobbe for at Noreg skulle ha eitt eller to norske språk, og korleis skulle skriftspråket utviklast vidare? Etter harde diskusjonar vart det i 1976 vedteke at organisasjonen gjekk inn for eittspråkslinja – å jobbe for at nynorsk skulle verte det einaste norske skriftspråket.

Kampen for læremiddel på nynorsk

Kampen for læremiddel på nynorsk har frå starten vore ei hovudsak for Norsk Målungdom. Dette vart ein lovfesta rett i grunnskulen i 1969, men ikkje i vidaregåande opplæring. Etter fleire aksjonar, mellom anna med elevstreikar over heile landet, vart det i 1974 lovfesta at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skulle kome på både nynorsk og bokmål, til same tid og til same pris. Men frå denne lova kom til på 1970-talet har mange nynorskelevar likevel fått bokmålslærebøker og andre læremiddel på bokmål, anten fordi dei berre kjem ut på bokmål eller fordi skulane ikkje kjøper inn nynorskbøker. Kampen for læremiddel på nynorsk held fram også i dag.

Kampen for læremiddel på nynorsk har vore ei hovudsak for Norsk Målungdom frå organisasjonen vart stifta, til i dag.  

Med grunnskulelova frå 1969 vart det lovfesta at lærebøker i andre fag enn norsk skal liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Men dette gjaldt berre for grunnskulen, og målungdommar og andre jobba for at jamstillinga av læremiddel på nynorsk og bokmål òg måtte gjelde vidaregåande opplæring.  

I 1971 gjekk Norsk Målungdom saman med Noregs Mållag og Norges Gymnasiastsamband om ein storaksjon. Det året streika over 30 000 elevar ved over 110 vidaregåande skular for å få lærebøker på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Skular frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør var med på aksjonane, og også skular i Oslo og Bergen. Dette var den første av mange slike aksjonar. Tre år seinare, i 1974, vart det vedteke i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris.  

Det gode samarbeidet mellom Målungdommen og elevorganisasjonane førte til at det våren 1974 vart skipa ei felles aksjonsnemnd mellom ulike organisasjonar som skulle arbeide for læremiddelsaka, Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS). Fleire elev- og studentorganisasjonar vart med, med Norsk Målungdom som ei drivande kraft i aksjonsnemnda. Sjølv om retten til læremiddel på nynorsk no var lovfesta, vart det ikkje løyvd nok midlar til å gi nynorskelevane læremidla dei hadde rett på, noko som førte til at aksjonane heldt fram.  

Sidan 1990-talet har læremiddelstriden stått spesielt om definisjonen av læremiddel og læringsressursar eller læringsverktøy. Skiljet mellom dei vert meir og meir viska ut. Når skulane tek i bruk læringsressursar i undervisinga som ikkje er utvikla spesifikt for skulebruk, er dei ikkje omfatta av kravet om at dei skal liggje føre på både nynorsk og bokmål. Dette kan vere mobilappar, digitale nettressursar og anna. Eit viktig krav frå både Målungdommen og resten av nynorskrørsla har derfor vore å få eit lovverk som sikrar rettane til nynorskelevane i den digitale skulekvardagen. 

Då regjeringa i 1997 la fram ei ny opplæringslov, førte det på nytt til aksjonar. Sidan det i lovteksten om parallellutgåver ikkje lenger var nemnt læremiddel, berre lærebøker, frykta Målungdommen igjen ei undergraving av rettane til nynorskelevane. Dette var den største aksjonen sidan aksjonane på 1970-talet. 30 000 elevar streika for retten til nynorske læremiddel. Då Stortinget seinare det året vedtok den nye lova, var det med dei same rettane som nynorskelevane hadde før.  

Rundt tusenårsskiftet handla læremiddelkampen om å få nynorsk inn i ein skulekvardag som vart meir og meir digital. Nynorsk data vart ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. I 2000 tok «Aksjon Nynorsk Data» til for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. 21 000 elevar over heile landet streika for språkleg rettferd også i den digitale skulen. Saman med Elevorganisasjonen blåste Norsk Målungdom nytt liv i Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen, no med krav om at retten til læremiddel òg må gjelde programvare brukt i skulen. 

I 2021 var det læremiddelaksjonar i Øystese og Volda. Aksjonane var ei markering av at det var 50 år sidan den første storaksjonen. Eit framlegg til ny opplæringslov kom òg i august 2021, og igjen såg Målungdommen behovet for å aksjonere for å sikre rettane til nynorskelevane i lovverket. 

Ung på 1970-talet

På 1970-talet var det stadig fleire ungdommar som gjekk på vidaregåande skule og fleire unge tok vidare utdanning. Unge kvinner kunne òg i større grad enn tidlegare ta utdanning og fekk rom til å velje eit liv med eiga karriere. 1970-talet førte òg med seg eit større skilje mellom ungdom og vaksen, med eigne ungdomsprogram på TV og eigne «ungdomsopprør ».

1970-talet såg ein markant auke i elevtalet i den norske grunnskulen, då kalla folkeskulen. Vedtaket om 9-årig obligatorisk grunnskule i 1969 innebar at alle i aldersgruppa 14–16 år no fekk dagleg skulegang. I tillegg gjekk skuleveka ned frå seks til fem dagar, og det vart eit tydelegare skilje mellom kvardag og helg. Utviklinga førte òg med seg auka sentralisering. Talet på grunnskular vart halvert i løpet av 1970-talet, og skulebuss vart ein sentral del av kvardagen for mange.   

Vidare skulegang vart aktuelt for stadig fleire unge, men likevel med sterke band til arbeidslivet som venta dei. Lov om vidaregåande opplæring frå 1974 hadde som målsetjing at 80 prosent av vidaregåande skule skulle vere yrkesfagleg.  

I 1975 passerte folketalet i Noreg fire millionar, og ein tredjedel av desse var under 20 år. Medietilbodet retta mot born og ungdom vaks sterkt. NRK synte ungdomsprogrammet ½ 7 kvar laurdag, og kvardagen krinsa for mange kring musikk og Apache-syklar. Samstundes auka polariseringa mellom unge og vaksne. Pønkrørsla mot slutten av tiåret innebar at ungdom tok til gatene med krav om respekt for eigen identitet.   

Unge kvinner i utdanning fekk ei ny framtid. Før 1970-talet var det mindre vanleg at gifte kvinner var yrkesaktive. No kom ein eksplosiv auke på dette området, parallelt med at offentleg sektor såg ein stor auke i sysselsetjinga. Born sine rettar stod òg i stadig større grad på dagsordenen, og mot slutten av 1970-talet fekk borna endeleg rett til å ha med foreldre ved behandling på sjukehus. 

«Den som trur at den som brukar dialekten sin, blir sett på med vørnad sjølv i tjukkaste Oslo, må tru om att – trass i at vi skriv 1976»

«Ei dame frå Notodden hadde jobba i ei damefrisørverksemd i Oslo. Slik det var naturleg for ho snakka ho Notodden-dialekt. Men det gjekk ikkje så bra. Ho hadde ikkje vore lenge i arbeid før arbeidsgjevaren tok fatt i måten ho snakka på og gav klar beskjed om at ho måtte snakke Oslo-mål. Ikkje nok med det, ho måtte snakke slik dei gjorde på vestkanten i Oslo. Elles ville ho misse jobben.»

«No er ordet nynorskfanatikere komme i hermeteikn, mens det i første artikkelen var utan. Vi kan jo ikkje anna enn seie oss glade for at ein har tatt litt til vettet».

Utklipp av illustrasjon frå Vestlandsfa’n (nr. 1, 1981) med påskrifta «JEG. Bokmål. Riksmål. Språk er makt. Jeg er mektig. Eg. Æ. Je. I. E.» Frå 1975 til 1985 hadde Norsk Målungdom og samarbeidspartnarar årlege dialektaksjonar for å gjere det lettare å bruke dialekt. Sjå ei større utgåve her.

Utklipp av illustrasjon frå Vestlandsfa’n (nr. 1, 1981) med påskrifta «Gid så morsomt de taler». Illustrasjonen var brukt til å illustrere ein vanleg reaksjon målungdommar og andre fekk om dei brukte dialekta si i dei store byane. Sjå ei større utgåve her.

Tre klistremerke med slagord brukte på 1980-talet. 
«Nynorsk er tøft. Noregs Mållag. Norsk Målungdom.» Truleg frå slutten på 1980-talet. «Dialekt + nynorsk = sant». Truleg laga av Noregs Mållag i samband med dialektaksjonane. «Ja til sidemål». Laga i 1983 i samband med at Norges Gymnasiastsamband hadde ei røysting på vidaregåande skular for å finne ut kva elevane meinte om sidemål. Norsk Målungdom og Ungdommens riksmålsforening møtte kvarandre til debattar på skular over heile landet. Sjå ei større utgåve her.

Framsida på eit flygeblad med tittelen «Kva er Norsk Målungdom?» Truleg frå tidleg 1980-tal. Flygebladet hadde som mål å fortelje om dialektarbeidet og andre saker Norsk Målungdom arbeidde med, for å få lesaren til å melde seg inn. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Plakat med påskrifta «Studentmållaget i Bergen. Eit kulturpolitisk alternativ.» Truleg laga av Studentmållaget i Bergen på 1980-talet. Det er eit ope felt der studentmållaget skreiv opp arrangement som var i vente. Sjå ei større utgåve her.

Heftet Nynorsk hovudmål (Norsk Målungdom, skolemålsnemnda, 1982). Eit hefte med argument og informasjon til elevar som vurderer å byte til nynorsk som hovudmål. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Ei side frå flygebladet Skriv enkelt og klart – skriv nynorsk, laga av Norsk Målungdom på tidleg 1980-tal. Sjå ei større utgåve av sida her.

Medlemsbladet Folkemål. Avisa til Norsk Målungdom (nr. 23, 1983). Medlemsbladet Målfront skifta namn til Folkemål i 1980. Det namnet hadde bladet fram til 1985, då det først skifta namn til Gygr og deretter fekk namnet EGDigital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Lokallagsbladet Vestlandsfan, Organ for Studentmållaget i Bergen (nr. 1, 1981). Dette var det første nummeret av bladet som kom etter at avisa tok ein pause i 1978. Vestlandsfa’n skifta i 1986 namn til Tal og kom ut under dette namnet til 1993. Les denne utgåva av bladet her.

Bladet NMU-nytt (nr. 2, 1981). NMU-nytt var eit blad som blei starta opp for å betre informasjonsflyten internt i organisasjonen, særleg mellom sentrallekken og lokallag. Bladet blei starta opp i arbeidsåret 19761977 og kom ut som eige blad heilt til det gjekk inn i Folkemål i 1982. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladether.

Norsk målungdom på 1980-talet

Målorganisasjonane brukte mindre tid på læremiddelkampen i starten av 1980-talet og vende merksemda si til arbeidet med retten til å nytte dialekt i ulike samanhengar. Det var framleis sterk usemje innanfor og mellom målorganisasjonane om korleis ein skulle skrive nynorsk og kva for ei form for nynorsk dei skulle arbeide for. Samstundes pressa mellom andre Riksmålsungdommen og Unge Høge på styresmaktene om å svekkje eller fjerne sidemålsopplæringa i skulane.

Etter fleire år med hovudsete i Bergen vart sentralstyret i Målungdommen flytta tilbake til Oslo i 1976. Med seg på flyttelasset hadde det eit formål om at nynorsk skulle vere det einaste riksmålet. Dette vert gjerne kalla den nasjonale linja. I Oslo møtte styret eit Studentmållag som arbeidde for «folkemålslinja», altså tanken om at nynorsk og bokmål kunne leve saman som skriftspråk. Målungdommen heldt likevel på den nasjonale linja, eller «eittspråkslinja», sjølv om ei av dei sentrale formuleringane i prinsippvedtaket kunne tolkast i minst to retningar: «Norsk Målungdom (NMU) arbeider for full språkleg frigjering for heile det norske folket, i tale som i skrift». Det nye namnet som medlemsbladet fekk i 1980, og som det bar fram til 1984, var òg eit teikn på noko heilt anna enn full semje bak vedtaket: Målfront vart til Folkemål.   

Ved inngangen til 1980-talet rekna dei læremiddelkampen som vunnen. Målungdommen hadde i samarbeid med fleire partar fått medhald i at læremiddel skulle kome på begge skriftspråk, og no tok dei i større grad fatt på arbeidet med retten til å nytte dialekt i ulike samanhengar. Slik det ofte er etter ein strid som er vunnen, vart organisasjonsaktiviteten likevel noko redusert.   

Det var likevel god fyr i usemja om kva mål- eller språklinje dei skulle leggje seg på. Med valet av Ingebjørg Rivedal som leiar for SmiO i 1985 fekk tilhengjarane av folkemålslinja den leiaren dei ønskte i dette viktige lokallaget. Det skulle likevel ikkje gå meir enn to år før Målungdommen vedtok eit prinsipprogram som gjekk andre vegen. Ivrige representantar for elevmållag i Nord-Noreg var mellom fleire som fram mot halvårsmøtet i 1987 arbeidde fram eit fleirtal for eittspråkslinja, i opposisjon til studentmållaga i både Bergen og Oslo. Striden om ei prinsipiell linje førte etter kvart til at Målungdommen braut ut av det formelle samarbeidet med Noregs Mållag. På same tid hadde særleg Riksmålsungdommen og Unge Høgre gått i bresjen for å avvikle heile sidemålsopplæringa, og frontane her var steile. 

Kamp for dialektene

Norsk Målungdom har til alle tider hatt som føremål å arbeide for både dialekt og nynorsk. Eit av høgdepunkta var dialektaksjonane mellom 1975 og 1985. På denne tida fekk Målungdommen slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!». Etter den siste dialektaksjonen i 1985 har Norsk Målungdom halde fram med å skape merksemd om og feire dialektmangfaldet i Noreg. Eit døme er den årlege Dialektprisen, som Norsk Målungdom sidan 2001 har delt ut til eit godt dialektføredøme for ungdom.

Norsk Målungdom har til alle tider hatt som føremål å arbeide for både dialekt og nynorsk, men kor viktig dialektarbeidet har vore, har variert. Eit av høgdepunkta var dialektaksjonane mellom 1975 og 1985.   

Målrørsla har sidan starten arbeidd for både det nynorske skriftspråket og dei norske dialektene. Ivar Aasen skreiv og gav sjølv ut bøker på både dialekt og landsmål, og nynorsk er bygd på arbeidet Aasen gjorde med å samle og forske på dei norske dialektene. Då Det Norske Samlaget vart skipa i 1868, var det for å kunne gi ut bøker på landsmål eller bygdemål. Stortinget vedtok i 1878 at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog.» Dette var eit viktig vedtak for i det minste på papiret å få slått fast at lærarane ikkje aktivt skulle lære elevane av med å snakke dialekt.  

På 1950-talet var det uro over dialektbruken til dei som flytta frå bygdene til dei store byane. Presset var stort for å endre dialekta si til å vere likare bydialektene, særleg sidan offentleg bruk av dialekt frå Bygde-Noreg vart sett ned på. På same tid hende det at mellom andre studentar frå Nord-Noreg ikkje fekk leige somme hyblar i Oslo, og i avisene var det ikkje uvanleg at det stod «Nordlendinger ønskes ikke» i utleigeannonsane. For å unngå at desse studentane bytte til eit bokmålsnært talemål, arrangerte Studentmållaget i Oslo vinteren 1959–1960 kurs i å snakke normert nynorsk. Dette bidrog til at fleire av dei 75 kursdeltakarane enda opp med å snakke eit dialektfarga normert nynorsk.   

På 1960-talet var det fleire som meinte at elevane i skulen burde lære å snakke eit normaltalemål. Storparten av målrørsla var mot framlegga, sidan dei meinte det ville vere ei nedvurdering av dialektene. I tillegg ville dette føre til at fleirtalet, som gjekk på bokmålsskular, ville lære å snakke normert bokmål sjølv om dei hadde ei nynorsknær dialekt. Desse framlegga bidrog til meir merksemd kring dialektbruk. Ei av sakene var om dei tilsette på butikkar i Oslo kunne bruke dialekt på jobb. I 1966 undersøkte Studentmållaget i Oslo saman med det finare varemagasinet Steen & Strøm korleis dei handlande reagerte om dei tilsette brukte dialekt. Resultatet var at kundane hadde godteke dialektbruken og at det var få språkvanskar.   

I studentmållaga og Målungdommen ønskte mange å arbeide med dialektsaka også på 1970-talet. Resultatet vart dialektaksjonane frå 1975 til 1985, med demonstrasjonar og eit valt hovudemne kvart år. Første året var Norsk Målungdom åleine, men seinare kom Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og andre med. Det var mykje strid om kva slagord dei skulle setje på plakatar og banner. Eit sentralt spørsmål var om aksjonane skulle handle berre om dialekt, eller om dei skulle leggje vekt på samanhengen mellom nynorsk og dialekt. Eit fleirtal meinte det siste, noko som gjorde at mange organisasjonar utanfor målrørsla ikkje ville vere med på dialektaksjonane. Mindretalet, som ville ha reine dialektmarkeringar, sette saka på spissen då dei på humoristisk vis demonstrerte med parolen «Snakk!». På denne tida fekk Norsk Målungdom slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!» mellom anna med bakgrunn i dialektaksjonane.   

Etter den siste dialektaksjonen i 1985 har Norsk Målungdom halde fram med å skape merksemd om og feire dialektmangfaldet. Eit døme er den årlege Dialektprisen, som Norsk Målungdom sidan 2001 har delt ut til eit godt dialektføredøme for ungdom. Prisen har mellom anna har gått til kjendisar som Therese Johaug, Lothepus (Leif Einar Lothe) og Victor Sotberg. Statusen til Dialektprisen bidrog òg til at Norsk Målungdom i åra etter kunne markere seg i samband med fleire andre dialektsaker, til dømes at den lokale dialekten skal brukast i ferdiginnlesne meldingar i kollektivtransport som bussar, tog og båtar. 

Ung på 1980-talet

I 1980-åra vart fleire tv-kanalar, vekeblad og motar retta direkte mot ungdom og deira identitet i større grad enn tidlegare. Fleire ungdomsmiljø og -organisasjonar dukka òg opp, med ei tydeleg stemme i til dømes miljøsaka eller andre politiske saker.

I 1981 fekk Noreg sin første kvinnelege statsminister. Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet var utdanna lege og hadde vore miljøvernminister på 1970-talet. No vart ho også eit symbol på dei to førre tiåra sin kamp for likestilling mellom kjønn og like rettar i utdanning og arbeid. Den første regjeringstida hennar var likevel kortvarig. Høgre og statsminister Kåre Willoch tok regjeringsmakta same året, før Brundtland tok fatt på sin andre regjeringsperiode i 1986.   

Kvardagen i skule og utdanning var no prega av stabilisering etter to tiår med store endringar. Mønsterplanen av 1987 var ein verdiplan, med fokus på å sikre eit verdigrunnlag for både enkeltindivid og samfunnsgrupper.   

Samstundes stod 1980-talet etter kvart fram som eit svært kommersialisert tiår. Gjennom reklame, musikk, filmar og motar kom eit pulserande, hektisk og særleg engelskspråkleg ungdomsliv inn på soveromma til norsk ungdom. I byane hadde ein tilgang til eigne tv-kanalar for ungdom, MTV, Sky og Super Channel, og medietilbodet vaks vidare med oppstarten av kanalar som TVNorge og TV3. Vekeblad som Topp og Det nye skreiv fram tida mellom barn og vaksen som ein heilt eigen identitet. Som kontrast til verdiforankring og kommersialisering heldt opprørskulturen stand både i by og land. Blitz-miljøet i Oslo vart eit sentrum for opposisjon og alternative tankesett, men i kvar ei grend og bygd fanst det ungdom kledd i islendar, militærstøvlar og palestinaskjerf.  

I spennet mellom medium, ungdommeleg engasjement og opprør slo miljøsaka til for fullt. I 1986, same året som ein kjernekraftreaktor eksploderte i Tsjernobyl i Ukraina, vart miljøorganisasjonen Bellona etablert. Slike hendingar og generell frykt for at eit stadig større forbruk skulle øydeleggje planeten vår, prega både born og unge. 

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Klistremerke med slagordet «Stogg urbanismen». I 1999 gjennomførte Norsk Målungdom kampanjen Stogg urbanismen. Bakgrunnen var at dei opplevde at mange i samtida rekna kulturen i byane som det gjævaste og såg ned på bygdene. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Knus bokmålsveldet. Kjøp nyNORSKE lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal. Dei som ville arbeide for nynorsk fordi det var norskare enn bokmål, vann fram i Målungdommen frå midten av 1980-talet, og målet om å knuse bokmålsveldet – altså å få slutt på at bokmål dominerte i samfunnet – blei viktig. Ein konkret måte elevar kunne bidra på, var å kjøpe nynorske lærebøker. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Nynorsk for alle!». Truleg frå seint 1990-tal. Sjå ei større utgåve her.

Klistremerke med påskrifta «Nei til EU». Frå kring 1993, laga av Nei til EU eller Ungdom mot EU. Norsk Målungdom og lokallaga arbeidde mot norsk medlemskap i EU. Sjå ei større utgåve her.

Eine sida av eit flygeblad med påskrifta «Knus bokmålsveldet! Kjøp (ny)norske lærebøker!» Flygebladet fortel kva Norsk Målungdom meiner, og korleis lesaren kan melde seg inn. Sjå ei større utgåve av denne sida av flygebladet her.

Klistremerke med påskrifta «Bokmålet drep dialektane. Kjøp nynorske lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal. Sjå ei større utgåve her.

Plakaten «Gratis læremiddel på nett» frå 1997. Dette året braut gruppa Nynorsk elevgerilja i Norsk Målungdom åndsverklova ved å omsetje læreboka Programvarebok Word 6.0 og Excel 5.0 Informasjonsbehandling grunnkurs (Utdanningsforlaget, 1997til nynorsk og leggje henne ut gratis på internett i protest mot at boka berre fanst på bokmål. Målungdommen blei saksøkt og seinare dømd i Oslo namsrett til å fjerne boka og betale 25000 kroner dagen til boka var fjerna, og måtte betale Utdanningsforlaget sine sakskostnader på 13762 kroner. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Plakaten «Norsk målreising mot EF» frå 1990. Laga etter ei innleiing om EF, som EU heitte då, på eit seminar på Stord hausten 1989. Plakaten har ein tekst om kvifor Norsk Målungdom då var imot EU, illustrert med politiske teikningar. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 2, 1999). Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 5, 1998). Medlemsbladet skifta namn frå Eg til Motmæle i 1997. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Bilete frå demonstrasjonen Aksjon for språkleg rettferd i skulen arrangerte i Bergen 13. mai 1997Den dagen aksjonerte kring 35000 elevar mot at Arbeidarparti-regjeringa foreslo å fjerne retten til læremiddel i opplæringslova, og at det ikkje lenger skulle stå i lova at nynorske lærebøker skulle kome til same tid som bokmålsbøkene. Biletet er frå biletarkivet i Norsk Målungdom. Sjå ei større utgåve her.

Norsk målungdom på 1990-talet

Då EU-striden byrja å blusse opp att tidleg på 1990-talet, vart det drøfta kva konsekvensar ein eventuell EU-medlemskap ville ha for nynorsk og bygdene. Norsk Målungdom stod støtt på nei-sida gjennom heile 1990-talet og var mellom anna ein sentral aktør i samband med etableringa av Ungdom mot EU. Dei tok òg opp igjen kampen om nynorske læremiddel, sidan nynorskelevar framleis ikkje fekk læremidla sine på si eiga målform.

Mykje av striden i Norsk Målungdom, heilt tilbake til 1960-talet, hadde politisk forteikn. Dei politiske skiljelinjene vart endå meir markerte utover på både 1970- og 1980-talet. Og då EU-striden byrja å blusse opp tidleg på 1990-talet, vart det i alle fall tydeleg at språkkamp òg er politikk. Norsk Målungdom stod støtt på nei-sida gjennom heile prosessen og var mellom anna ein sentral aktør i samband med etableringa av Ungdom mot EU. I Program for ei nasjonal framtid frå 1990 vart det skrive inn at den norske målstriden ikkje var noko isolert fenomen, men stod i samanheng med den kampen for språkleg og nasjonal frigjering dei såg i andre land.   

Etter kvart hadde det òg blitt meir tydeleg at kampen om læremidla ikkje var vunnen éin gong for alle. Etter fleire år med språklege parallellutgåver av lærebøker hadde motstanden vakse seg stor frå fleire hald. Gro Morken Endresen vart vald til leiar for Norsk Målungdom i 1992, og stod saman med styret framfor store og sentrale utfordringar. I 1993 kom det på plass ein ny samarbeidsavtale mellom Norsk Målungdom og Noregs Mållag. 28. november 1994 landa folkeavstemminga på eit nei til norsk EU-medlemsskap. Medlemsbladet EG skifta namn til Motmæle.  

Arbeidet mot norsk EU-medlemskap hadde verka samlande på Målungdommen. 1996 vart Ivar Aasen-året, ei storstilt markering av 100-årsminnet for Ivar Aasens død, initiert av mellom andre Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Landssamanslutninga for nynorskkommunar. Saman med Ivar Aasen-sambandet arrangerte Norsk Målungdom Ivar Aasen-konferansen med over 200 deltakarar frå heile landet. Dette var ei av dei største tilskipingane det året.   

1997 vart eit nytt aksjonsår med nye streikar for retten til nynorske læremiddel. Her samarbeidde Målungdommen med Norges Gymnasiastsamband og Norsk Elevorganisasjon, som saman skulle verte til Elevorganisasjonen i 1999. Slutten på tiåret såg eit målungdomslag som friskt køyrde fram stadig nye og hardtslåande kampanjar. Med Magnus Bernhardsen som leiar var bodskapen i 1999 klar: «Stogg urbanismen!» 

Kamp mot norsk medlemskap i EU

Målrørsla har stort sett vore mot at Noreg skal vere med i Den europeiske unionen (EU), og var på nei-sida ved folkerøystingane i 1972 og 1994. Norsk Målungdom meinte at om Noreg vart medlem i EU ville det truge norsk språk og kultur og bidra til dårlegare tilhøve for distrikta. I 2013 valde Målungdommen å ikkje lenger meine noko om saka.

Kva og kor mykje Norsk Målungdom skal meine om store politiske spørsmål som ikkje handlar direkte om nynorsk, har variert opp igjennom tidene. Målrørsla har stort sett vore mot at Noreg skal vere med i Den europeiske unionen (EU), og var på nei-sida ved folkerøystingane i 1972 og 1994. Likevel valde Målungdommen i 2013 å ikkje lenger meine noko om saka.   

Det som i dag vert kalla EU, gjekk tidlegare under namn som EF, EEC og Fellesmarknaden. Noreg søkte saman med andre land om medlemskap både i 1962 og 1967. Frankrike la ned veto mot at Storbritannia skulle bli medlem, og derfor vart heller ikkje Noreg med. Saka vart likevel drøfta i målrørsla, mellom anna i Studentmållaget i Oslo.   

I 1972 kom saka heilt fram til ei rådgivande folkerøysting. Den norske regjeringa starta prosessen i 1970. Same året vedtok studentmållaga i Oslo og Bergen at dei var mot medlemskap. Det gjorde også Norsk Målungdom og Noregs Mållag i 1971. Dette førte til strid i Noregs Mållag, ettersom dei viktige nynorskavisene Norsk Tidend og Gula Tidend var for medlemskap. Norsk Målungdom meinte at EF truga norsk språk og kultur og kunne bidra til å svekkje grunnlaget for næringslivet i bygdene, og ville halde på sjølvråderetten.   

Studentmållaga vart med i Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden (Folkerørsla), som vart ei brei grasrotrørsle med over 130 000 medlemmer. Norsk Målungdom gav ut Studiebok om Noreg og Fellesmarknaden (1972), og studentmållaga skulerte medlemmene sine. Dei bidrog seinare i aksjonar både i byane der dei studerte, og i lokalsamfunna dei kom frå. Nei-sigeren i 1972 gav målungdommane sjølvtillit og tru på at det gjekk an å stå imot ei samfunnsutvikling dei meinte ikkje var fordelaktig for nynorsken.   

Fram gjennom 1980-talet vakna EU-saka til live att, og i overgangen til 1990-talet sette også Målungdommen saka på dagsordenen. Målungdommen vedtok eit program der dei sette EU-saka i samanheng med striden for nynorsk og nasjonal sjølvråderett. Noregs Mållag var med på å skipe Nei til EU i 1990, Norsk Målungdom var med på å skipe Ungdom mot EU i 1991, og fleire av studentmållaga bidrog aktivt til dei lokale Studentar mot EU-laga på universitet og høgskular.   

Som på 1970-talet var målungdommar viktige fotsoldatar i nei-arbeidet fram mot røystinga: Dei var med på dør-til-dør-aksjonar, stod på stand for å møte veljarane og bidrog i 1. mai-tog med slagord som «Eitt Noreg nynorsk og fritt – Nei til EF og EØS». Miljøet kring Studentmållaget i Oslo laga bladet Fram i 1994, som vart eit viktig Nei til EU-blad. Bladet var laga av både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, men alle tekstane vart omsette til nynorsk. Norsk Målungdom hadde tre konferansar med EU-tema og eit eige EU-nummer av medlemsbladet EG.   

Målungdommen vart ikkje alltid inkludert i opprop og tiltak som Ungdom mot EU gjorde opptak til. Mange på nei-sida var opptekne av å bruke internasjonale argument mot EU, som miljøvern og solidaritet med den tredje verda. Dei likte dårleg at Norsk Målungdom brukte nasjonale argument som sjølvråderett og sjølvstyre. Ei anna usemje var om motstanden var mot berre EU eller både EU og EØS.   

Også i 1994 vart det nei-siger. Norsk Målungdom var tydeleg på nei-sida i både EU- og EØS-debattar i åra etter, og identifiserte seg med internasjonale rørsler som kjempa mot globalisering. Målungdommen var mot handelsavtalar, Verdsbanken og fleire EU-direktiv. Samstundes auka motstanden mot EU til nær 70 prosent nei-fleirtal utover på 2000-talet, og den tydelege EU-motstanden gjorde EU-saka mindre aktuell.   

Då Norsk Målungdom på landsmøtet i 2010 vedtok ny tuft (politisk grunnlagsdokument), var argumenta om nasjonal sjølvråderett, som tidlegare hadde vore så viktige for argumentasjonen mot EU, tekne ut. På landsmøtet i Fredrikstad i 2013 tok organisasjonen EU-debatten, og eit stort fleirtal gjekk inn for at organisasjonen ikkje lenger skulle meine noko om norsk EU-medlemskap. Resten av tiåret meinte organisasjonen lite om slike internasjonale spørsmål. 

Ung på 1990-talet

1990-talet var prega av ei sterk internasjonalisering og globalisering. Fleire unge nytta seg av stadig meir opne grenser mellom norsk og internasjonal underhaldning og utdanning. Internett tok gradvis steget inn i folk flest sine kvardagar, og Noreg fekk sin første riksdekkjande tv-kanal med reklame.

Utover i 1990-åra steig talet på elevar og studentar i vidaregåande og høgare utdanning til godt over 400 000. Talet på studentar som tok førebuande fag ved universitet, vart dobla til over 10 000 i same perioden. Samordna opptak vart ei permanent ordning i 1993, og Reform 94 innebar at all norsk ungdom fekk rett til minimum 3-årig vidaregåande opplæring ut over obligatorisk grunnskule. I 1997 vart det i tillegg innført 10-årig skulegang. I det heile inneheldt 1990-talet ei sterk formalisering av trekk ved skulevesen og høgare utdanning vi reknar som sjølvsagde i dag.  

1990-talet såg òg stadig meir opne grenser mellom norsk og internasjonal utdanning. I 1994 var nærmare 9000 norske studentar registrerte ved utanlandske lærestader. På same tid var over 11 000 studentar ved norske universitet og høgskular fødde i andre land enn Noreg. Denne utviklinga kom saman med ein auke i talet på grunnskuleelevar med framandspråkleg bakgrunn, særleg i byane. I Oslo-skulane var dette elevtalet opp mot 25 prosent, mot om lag 5 prosent på landsbasis.   

Elev- og studenttilværet innebar eit rikt tilbod av kultur- og organisasjonsaktivitet. Ungdom var med i filmklubbar og student- og lokalradio, etablerte eigne kunst- og teaterscener og var aktive i politiske og idealistiske organisasjonar. I 1991 fekk Noreg sin første riksdekkjande kommersielle tv-kanal ved etableringa av TV 2. Frå midt på 1990-talet vart internett tilgjengeleg for folk flest. Universitet og høgskular følgde opp med å tilby stadig meir spesialisert og teknologiretta utdanning innanfor medieverksemd, med Den norske filmskolen på Lillehammer som eit godt døme. For mange gjekk kunst, kultur og massemedium frå å vere identitetskamp og opprør til å verte ein reell leveveg. 

« Me treng virilitet og humør. Me treng folk som anten me likar det eller ikkje sel målsaka i den marknaden som er. Me treng nokon som kan gjera dei halsbrekkande kunststykka»

Plakat med bilete av ei tenkt Dagbladet-framside med hovudsaka «Språksensuren er endeleg over: Dagbladet slepp til nynorsken». Laga i 2003. Frå kampanjen Norsk Målungdom hadde i 2003 og 2004 for å få Dagbladet til å oppheve nynorskforbodet sitt og tillate journalistane sine å skrive nynorsk i avisa. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Klistremerke med påskrifta «ULOVLEG. Denne boka finst berre på bokmål og er difor ulovleg å bruka i undervisninga.» Truleg frå 2003. Klistremerka hadde svakt lim, slik at aktivistar kunne klistre dei på bøker i bokhandelen utan at bøkene blei øydelagde. Sjå ei større utgåve her.

Jakkemerke med slagordet «Slepp nynorsken til!» Frå underskriftskampanjen Noregs Mållag hadde i 2005 mot nynorskforboda i riksavisene VG og Dagbladet. Mållaget og Målungdommen bidrog til at det blei samla inn kring 36 000 underskrifter. Sjå ei større utgåve her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Bortkasta tid?» og bilete av nynorskordbokaFlygebladet er truleg frå 2005 og handlar om sidemålFlygebladet var laga av Målungdommen og ungdomspartia som støtta obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Er big bite betre enn pølser? Er kleda billegare på sale enn på norsk? Det trur 7-eleven og Hennes & Mauritz.» Frå ein kampanje mot engelsk i næringslivet i 2003. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Framsida av eit flygeblad som reklamerte for ei studentsamling Norsk målungdom skipa til i Trondheim på 2000-talet, truleg i 2002. Dei årlege studentsamlingane var viktige samlingspunkt for studentmedlemmer frå heile landet. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Jakkemerke med slagordet «Respekt for dialekt». Frå dialektkampanjen Norsk Målungdom hadde i 2009. Sjå ei større utgåve her.

Jakkemerke med slagordet «Dudewhere’s my språk?» Frå kampanjen Norsk Målungdom hadde i 2008 for å få teksta kinofilmar på nynorsk. Kampanjen førte til at det for første gong på 23 år kom ein film med nynorsk undertekst: Den brasilianske filmen Tropa de Elite (2007). Sjå ei større utgåve her.

Plakat med påskrifta «Streik for lik rett til utdanning». Reklame for streiken Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen hadde for nynorske læremiddel 28. september 2000, med streikar over heile landet og store markeringar i Trondheim og på Voss. Sjå ei større utgåve her.

Plakat som reklamerer for sumarleiren til Norsk Målungdom i Fjærland i 2000. Sjå ei større utgåve av plakaten her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 56, 2000). Denne utgåva handlar om streiken for nynorske dataprogram hausten 2000. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av bladet her.

Bladet Lagsposten. Meldingsblad for Norsk Målungdom (nr. 3, 2000). Dette bladet gjekk til tillitsvalde i organisasjonen og kom ut tidleg på 2000-talet. Les denne utgåva av bladet her.

Framsida av Realfagsordlista som Studentmållaget i Nidaros gav ut i 2005. Dette var ei av fleire ordlister for ulike fagfelt studentmållaga laga på 2000-talet. Sjå stor utgåve av framsida her.

Heftet Sidemål – «wasted time?» som Norsk Målungdom gav ut i 2001. Boka er ei samling tekstar med argument Målungdommen brukte for sidemålsundervisning. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Boka Lagshandboka som Norsk Målungdom gav ut i 2000. Dette var ei samling tekstar som var meinte til å hjelpe medlemmene med arbeidet i lokallaga. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les boka her.

Bilete frå ein dataaksjon arrangert på Torgallmenningen i Bergen 13. mai 2000. Bilete er frå biletarkivet i Norsk Målungdom. Sjå ei større utgåve her.

Norsk målungdom på 2000-talet

Åra frå 2000 til 2009 var prega av store politiske kampar, mellom anna om nynorske læremiddel, digital nynorsk, framtida til sidemålsundervisinga og nynorskforbodet i dei store riksavisene. 2000-talet vart særleg prega av avsløringane om medlemsjuks i Norsk Målungdom. Den fyrste Dialektprisen vart delt ut dette tiåret.

Åra frå 2000 til 2009 var særleg prega av avsløringane om medlemsjuks i Norsk Målungdom. Det var òg store politiske kampar, mellom anna om digital nynorsk, framtida til sidemålsundervisinga og nynorskforbodet i dei store riksavisene.   

TV 2-programmet «Rikets tilstand» avslørte i 2002 at Norsk Målungdom lenge hadde juksa med medlemstala sine og slik hadde fått for mykje pengar frå staten. Etter gransking ved Økokrim og dom i Oslo tingrett i 2003 fekk organisasjonen ei millionbot, og seks sentrale tillitsvalde fekk kortare fengselsstraffer. I 2005 inngjekk organisasjonen ein nedbetalingsavtale over ti år som gjorde at organisasjonen kunne leve vidare. Norsk Målungdom fekk no ein mykje trongare økonomi, sleit lenge med eit dårleg rykte og brukte mykje tid på å byggje opp att tilliten. Siste avdrag på gjelda frå bota vart betalt i 2015.  

Målungdommen starta det nye tusenåret med ein ny storstreik for retten til utdanning på nynorsk. Saman med Elevorganisasjonen vekte dei opp att Aksjon for språkleg rettferd i skulen. No var kampsaka digitale verktøy, dataprogram og skriveprogram på nynorsk. 28. september 2000 streika 21 000 elevar over heile landet. Året etter møtte 800 elevar utdanningsminister Trond Giske i Ålesund og stilte dei same krava. Saman med resten av målrørsla fekk Norsk Målungdom under kampanjen «Aksjon nynorsk data» eit viktig gjennomslag hausten 2003, då Microsoft kom med nynorskutgåve av dei fleste kontorprogramma sine.  

I 2007 kom nye læreplanar, men heller ikkje no var dei nynorske læremidla klare til skulestart. Norsk Målungdom mobiliserte fleire tusen elevar til streik og fekk etter kvart gjennomslag for auka løyvingar til nynorske læremiddel.  

Oslo Unge Høgre lanserte i 2000 ein kampanje mot skrifteleg sidemål der den visuelle profilen var flygeblad og plakatar med bilete av ei ku og slagordet «La dem raute nynorsk (bare vi slipper)». Byrådet i Oslo, med politisk fleirtal frå Høgre, søkte same året om eit forsøk med valfri undervising i sidemål på åtte vidaregåande skular. Liknande søknader dukka opp i fleire fylke og kommunar. Berre Oslo fekk gjennomslag og gjennomførte forsøket. Norsk Målungdom og resten av målrørsla lukkast mellom annan med å stogge eit framlegg om å fjerne sidemålseksamen på ungdomsskulen. Eit nederlag kom då utdanningsminister Kristin Clemet i 2004 gjorde sidemålseksamen på vidaregåande om til trekkeksamen. Dermed var sidemålseksamen ikkje lenger obligatorisk for alle vidaregåandeelevar.   

Målrørsla mobiliserte stort mot nynorskforbodet i aviser som VG og Dagbladet. Norsk Målungdom starta i 2003 ein kampanje for nynorsk i Dagbladet. I 2005 gjennomførte Noregs Mållag underskriftskampanjen «Slepp nynorsken til!», der mellom andre Norsk Målungdom bidrog til å samle inn 36 000 underskrifter mot nynorskforbodet i riksavisene.   

Norsk Målungdom knytte kampen for nynorsk til kampanjane mot globalisering og det dei såg på som udemokratiske handelsavtalar. Motstanden mot EU og EØS var stor. Målungdommar vitja elles samarbeidsorganisasjonar i andre land, som Palestina i 2004 og Kviterussland i 2009.   

Norsk Målungdom sette morsmålsopplæring, integrering og innvandring høgt på agendaen kring 2008. Dei jobba mellom anna for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar i nynorskområda. Ei anna viktig nyvinning var Dialektprisen, som vart delt ut til hip-pop-gruppa Tungtvann i 2001 og sidan vart ein årleg pris til gode dialektføredøme for ungdom. 

Kampen for digital nynorsk

Rundt tusenårsskiftet vart nynorsk data ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. Allereie på 1990-talet begynte både Norsk Målungdom, andre nynorskorganisasjonar og aktuelle styresmakter å sjå på korleis dei kunne sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål i den digitale kvardagen. I kampen for nynorsk data var det eit viktig mål å få programvarer i nynorsk språkdrakt.

Målungdommen og resten av nynorskrørsla såg tidleg at internett baud på både sukker og tannverk bruken av skriftspråket. Aldri før har vi hatt tilgang til meir nynorsk tekst enn etter at internett vart allemannseige, men kampen for nynorske programvarer og dataprogram har vore lang. Når vi snakkar om nynorsk digitalt innhald, kan det både vise til menyspråket i eit dataprogram og til redaksjonelt innhald som ein nettartikkel. I kampen for nynorsk data har det primært handla om å få programvarer i nynorsk språkdrakt.  

Allereie på 1990-talet begynte både Norsk Målungdom, andre nynorskorganisasjonar og aktuelle styresmakter å sjå på korleis dei kunne sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål i den digitale kvardagen. Bruken av datamaskiner og program var i sterk vekst, etter kvart også bruken av internett. På om lag 15 år gjekk internett frå å vere brukt av nokre få til å bli allemannseige, og kvardagen vart fulldigital. Ein stor del av det vi møter av tekst kvar dag, er i dag på digitale flater.  

Rundt tusenårsskiftet vart nynorsk data ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. I 2000 tok «Aksjon Nynorsk Data» til for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Bak aksjonen stod fleire av dei store nynorskinstitusjonane.  

Same året streika 21 000 elevar over heile landet for språkleg rettferd også i den digitale skulen. Saman med Elevorganisasjonen blåste Norsk Målungdom nytt liv i Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen, no med krav om at lik rett til læremiddel òg må gjelde programvare brukt i skulen. Året etter aksjonerte 800 elevar i Ålesund då NRK hadde direktesendt folkemøte på TV om utdanningspolitikk. Slagordet var «Nynorsk data no!»  

Eit anna tiltak som sprang ut av Aksjon Nynorsk Data var eit opprop signert av over hundre ordførarar og fem hundre rektorar som kravde at administrativ programvare som skal brukast i det offentlege, skal liggje føre i nynorsk versjon.  

Dei neste åra kom det fleire programvarer på nynorsk. Målungdommen støtta opp om omsetjing av gratisprogrammet Linux til bruk i skulen, som kom med første nynorskversjon i 2001. To år etter kom gratiskontorprogrammet OpenOffice på nynorsk. Dugnadsinnsatsen for å få opne programvarer på nynorsk og oppmodinga frå Målungdommen om å ta dei i bruk, var med på å tvinge fram at også Microsoft lanserte nynorskversjonar av kontorprogrammet Office (2003) og operativsystemet Windows XP (2006).  

Sosiale medium er ein stor del av den digitale kvardagen. I 2017 vart Martine Rørstad Sand kåra til Årets nynorskbrukar for arbeidet med å omsetje Facebook til nynorsk. Gjennom åtte år omsette ho 27 000 ord på fritida si slik at nynorskbrukarane skulle få møte språket sitt på Facebook.  

I 2010 kom mobilspelet Wordfeud, som på kort tid vart veldig populært. Mange sakna nynorsk i ordspelet, og både Norsk Målungdom, Nynorsk kultursentrum og andre nynorskorganisasjonar sette kravet om ei nynorskutgåve av spelet på dagsordenen i 2012. Allereie i september same året vart nynorskversjonen lansert.  

Ei anna sak det har vore jobba lenge med, var å få Google sine produkt på nynorsk og å kunne gjere parallellsøk på nynorsk og bokmål anten du «googlar» eller nyttar andre søkjemotorar. Spesielt etter at fleire skular har teke i bruk Chromebook i undervisinga, har det blitt uttrykt ønske om å få Google-program på nynorsk. I 2021 sende 108 ordførarar, støtta av fleire nynorskorganisasjonar, eit krav til Google om nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen. I seinare år har Målungdommen òg løfta fram språkteknologi, slik at også dialekt og nynorsk kan nyttast innan talestyring, diktering og annan teknologi der tale vert nytta. 

Ung på 2000-talet

På 2000-talet fekk ungdommar ein ny digital kvardag, med nye chat- og biletdelingstenester på nett. Fritidssyslar vart meir styrte av arenaer med inngangspengar, heller enn opne tilbod som fotballbaner og ungdomsklubbar . Ein såg òg ein aukande skilnad på skuleelevane sine prestasjonar.

Den eksplosive auken i vidare skulegang og høgare utdanning var ikkje berre eit gode. I samfunnet såg ein etter kvart eit skilje mellom dei med høgt utdanna foreldre og born av foreldre utan utdanning ut over grunnskulen. Av dei elevane som byrja på vidaregåande i 2004 og hadde foreldre med grunnskuleutdanning, fullførte 45 prosent. Det tilsvarande talet for dei med foreldre som hadde lang vidare utdanning, var dobbelt så høgt. Utdannings-Noreg førte med seg sosiale skilnadar, og for mange vart overgangen til eit stadig meir utdanningstufta arbeidsliv krevjande. Kunnskapsløftet frå 2006 var eit forsøk på å bøte på denne utviklinga: Med systematisk styrking av lese- og skriveopplæring frå 1. klasse og programfag i ungdomsskulen skulle evner og medvit styrkjast og sosiale skiljelinjer viskast ut.  

På 2000-talet tok born og unge for alvor steget inn i ein digitalisert kvardag og møtte med det ein stadig meir engelskspråkleg røyndom. Det norske konseptet Nettby møtte chat på MSN og bilet- og videodeling på Myspace. Likevel gjorde norskspråklege databasar og leksikon, i tillegg til dei første norske nettavisene, at elevar og studentar òg møtte ein norskspråkleg datakvardag både på skulen og heime. E-post vart eit vanleg kommunikasjonsverktøy, særleg i studentkvardagen. Gjennom stadige oppdateringar og i stadig fleire kanalar kunne norsk ungdom følgje dramaet som utspelte seg i New York 11. september 2001, då tvillingtårna vart råka av eit terrorangrep.  

Fritidssyslene til mange ungdommar kom samstundes inn i stadig meir kommersialiserte former, særleg i byane. Sosialt samvær, idrett og generell aktivitet fann no oftare stad på arenaer med inngangspengar, på eit treningsstudio med medlemsskap eller ved bruk av spesialisert og ofte dyrt utstyr. Lommepengar strakk ikkje alltid til. Der dei gamle fotball-løkkene hadde vore, kom det no skinande kunstgrasbanar. 

Bilete frå den digitale utstillinga "Ungt språkengasjement."

Framsida av flygeblad med påskrifta «Nynorsk i nettavisene. Kvifor er det så viktig?» Frå kampanjen Norsk Målungdom arrangerte for nynorsk i nettavisene til VG og Dagbladet i 2010. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Fem ulike jakkemerke. To jakkemerke med påskrifta «Eg [hjarte] nynorsk» i regnbogefargar og gultNorsk Målungdom laga desse mellom anna i fargane til ungdomspartia og hadde dei med på sommarleirar og på landsmøte. Tre jakkemerke med Ivar AasenAasen med trønderbart er logoen til Studentmållaget i Nidaros, Aasen på reinsdyrryggen er logoen til Studentmållaget i Tromsø, og Aasen som oljesjeik er logoen til Studentmållaget i Stavanger.  
Sjå større bilete her.

Framsida til pamfletten Kva skal vi med sidemål? Argument og fakta (Samlaget, 2013) skriven av Janne Nygård og Vebjørn Sture. Boka var ein del av det politiske arbeidet Norsk Målungdom gjorde for å hindre at det vart færre karakterar i sidemål då læreplanane blei endra i 2013. Målungdommen delte ut boka til politikarar, lærarstudentar og andre i fleire år seinare. Sjå ei større utgåve av framsida her.

Heftet Den nynorske draumelæraren. Korleis arbeida med nynorsk i lærarutdanningane? som Norsk Målungdom og Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet gav ut i 2019. Les hefte her.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 2, 2013). Denne utgåva handlar mellom anna om Nynorskstafetten i 2013 og kåringa «Noregs mest sexy nynorskbrukar». Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Medlemsbladet Motmæle, Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 4, 2016). Denne utgåva handlar mellom anna om haustkonferansen Fleirspråkleg framtid, samisk revitalisering og striden av om administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket. Les denne utgåva av avisa her.

Banner med påskrifta «Nynorske læremiddel no!» Banneret blei måla til læremiddelstreikane i 2007. Slike banner blei seinare hengde opp på landsmøte og leirar. Sjå eit større bilete av banneret her.

Plakat med påskrifta «Huga på nynorsk, dialekt og språkmangfald? Kom på PIZZAMØTE!» Norsk Målungdom laga plakaten i samband med eit ope møte på Gol vidaregåande skule som var ein del av Nynorskstafetten 2017. Sjå større bilete her.

Eit flygeblad som er laga som russekortet til Ivar Aasen. Norsk Målungdom laga dette til kampanjen Nynorsk russetid i 2016. Målet med kampanjen var å få Russeservice og Russedress til å tilby russekort og anna materiell til russetida på nynorsk. Sjå større bilete her.

Framsida av eit flygeblad med påskrifta «Nynorsk myteknusar». Norsk Målungdom hadde i 2017 kampanjen Nynorsk myteknusar for å skulere medlemmene sine i korleis dei kunne svare på vanlege nynorskmytar. Dei laga videoar og nettstaden nynorskmyteknusar.no, mellom anna inspirert av nettstaden samiskmyteknuser.no. Sjå større bilete her.

To klistremerke.  
Eitt med påskrifta «Bergen lufthaMn Flesland #nynorsk» som Studentmållaget i Bergen laga i 2014 etter at Avinor nekta å følgje mållova og skilte på nynorsk på Flesland. Studentmållaget i Stavanger laga tilsvarande for Stavanger lufthamn Sola.  
Eitt med påskrifta «Oppdater! Ein kampanje for digitale læremiddel på nynorsk» som Norsk Målungdom laga i 2018.  
Sjå større bilete
 her.

Norsk målungdom på 2010-talet

I åra mellom 2010 og 2019 var språkleg mangfald, sidemål og nynorsk i lærarutdanningane viktige saker for Norsk Målungdom. Dei arbeidde aktivt for at aviser som VG, Dagbladet og Aftenposten skulle opne for nynorsk, noko både VG og Aftenposten gjorde dette tiåret. Dei arbeidde òg meir saman med andre ungdomsorganisasjonar som kjempa for andre minoritetsspråk, i tillegg til å få med medlemmer frå alle dei norske ungdomspartia.

I åra mellom 2010 og 2019 var språkleg mangfald, sidemål og nynorsk i lærarutdanningane viktige saker for Norsk Målungdom.   

Norsk Målungdom starta tiåret med å arbeide vidare med ei sak frå det førre tiåret: kampen for nynorsk i dei store riksavisene. I 2010 skipa dei til kampanjen Nynorsk i nettavisene. Dei fekk laga maskinomsetjingar til nynorsk av nettavisene til VG og Dagbladet, med namna nynorskvg.no og nynorskdb.no. Den maskinomsette nynorsken var av dårleg kvalitet, men verkemiddelet fekk merksemd. Dagbladet truga med søksmål med det same, medan VG venta heilt til 2016 med å krevje nettsida fjerna. Argumentet var at Norsk Målungdom brukte innhald og logo ulovleg, noko som førte til at nettsidene forsvann.  

Mot slutten av tiåret kom det nokre viktige sigrar for målrørsla: I 2017 opna VG for nynorsk, og i 2018 kom Aftenposten etter. Dette førte ikkje til dei store mengdene nynorsk i desse avisene, men forbodet var borte. Etter 2010-talet var det av dei største avisene berre Dagbladet som heldt fast på nynorskforbodet.   

Utover på 2010-talet var det eit mål for Norsk Målungdom å få med medlemmer som støtta eller var aktive i alle dei norske ungdomspartia. Det har til alle tider vore medlemmer i Norsk Målungdom som har støtta ulike parti, men i mange periodar har det vore overvekt av medlemmer som har støtta partia på venstresida og sentrumspartia. Tanken no var å leggje vekt på dei språkpolitiske konsekvensane av politiske framlegg dei støtta eller var imot. Målungdommen var til dømes ikkje imot samanslåingar av kommunar og fylke i seg sjølv, men var imot samanslåingar som svekte nynorsk. Då Sogn og Fjordane og Hordaland slo seg saman, vart nynorsk vedteke som administrasjonsspråk etter sterk mobilisering frå målrørsla.   

Eit anna døme var at Norsk Målungdom meinte mindre om utanrikspolitiske tema som ikkje var tydeleg språkpolitiske. Medan Målungdommen i tidlegare tiår hadde meint mykje om Kurdistan, Palestina og Nord-Irland, retta dei på slutten av 2010-talet den utanrikspolitiske merksemda mot språksituasjonen i Norden. Norsk Målungdom vedtok i 2013 at dei ikkje lenger meinte noko om norsk EU-medlemskap.   

Dette tiåret vart kampen for språkleg mangfald ei viktig sak i seg sjølv og eit argument for arbeidet med nynorsk og dialekt. Målungdommen oppretta kontakt med den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Norges Døveforbunds Ungdom og den kvenske ungdomsorganisasjonen Kvääninuoret, vedtok meir konkret politikk for andre mindre brukte språk og kjempa for å syne fram språkmangfaldet gjennom fleirspråkleg skilting.  

Både i 2012–2013 og 2017–2019 vart læreplanane endra, og debatten raste om sidemålet sin plass i norskfaget. Målungdommen kjempa for likestilte kompetansemål i hovudmål og sidemål, sidemålskarakter og sidemålseksamen som før og tidlegare start med sidemål. På slutten av tiåret var resultatet eit delvis gjennomslag: Det var framleis standpunktkarakter og eksamen i sidemål, og skriftleg sidemålsopplæring skulle starte allereie før 5. trinn. Men det vart felles undervegskarakterar, og kompetansemåla vart ulike i hovudmål og sidemål.   

Målungdommen arbeidde mykje med å betre opplæringa i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Det var viktig å betre nynorskopplæringa i lærarutdanningane, sidan alle lærarar skal kunne fungere som lærarar i på både nynorskskular og bokmålsskular. Saman med Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet skipa dei i 2016 til kampanjen Framtidas superlærar kan nynorsk. Organisasjonane heldt fram samarbeidet gjennom tiåret, og gav mellom anna ut eit hefte om saka med tittelen «Den nynorske draumelæraren» (2019).  

Målrørsla drøfta òg kva som kunne gjere det lettare å vere nynorskelev. Eit viktig tiltak var å gi elevane rett til å gå i eigne nynorskklassar på ungdomsskulen, slik som på barneskulen. Inspirasjonen kom frå Odda i Hardanger, som hadde hatt språkdelte klassar heilt sidan 1914 og hadde språkdelte klassar på ungdomsskulen. Då Odda kommune prøvde å fjerne ordninga i 2012 for å spare pengar, tok lokale målfolk og målrørsla opp saka nasjonalt. Norsk Målungdom støtta ideen, arbeidde for å få ungdomspartia til å gjere det same og organiserte lokale ungdommar i lokallaget Sørfjorden Målungdom. 

Kampen for sidemål

Diskusjonar om sidemål har vore harde heilt sidan skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål blei innført for elevar i vidaregåande skular i 1912. Motstanden mot skriftleg sidemålsopplæring vaks særleg då nesten alle elevar skulle lære både nynorsk og bokmål då ungdomskulen blei innført i 1969. Kampen om sidemålet sin plass i norskfaget prega også 2000- og 2010-talet, og i 2019 vart det igjen slått fast at sidemålsordninga skulle verte ståande gjennom dei nye læreplanane .

Det har vore harde diskusjonar om sidemål mellom elevar, lærarar, foreldre og mange andre heilt sidan skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål vart innført for gymnaselevar i 1912. Men først på 1970-talet gjorde kravet om valfritt sidemål seg gjeldande, og Norsk Målungdom måtte gå i forsvarsposisjon for å ta vare på ordninga. Det førebels siste slaget stod i 2019, då læreplanendringa Fagfornyinga vart vedteken.  

I 1892 fekk norske elevar i grunnskulen eit hovudmål og eit sidemål. Hovudmålet skulle elevane både lære å lese og skrive, men sidemålet skulle dei berre lære å lese. Frå 1912 skulle elevar på gymnasa skrive stilar på sidemål. Skriftleg sidemålsundervisning vart frå då av gradvis utvida til å gjelde fleire og fleire elevar. Då ungdomsskulen vart obligatorisk for alle i 1969, fekk alle elevar obligatorisk skriveopplæring i sidemål, og då Mønsterplanen av 1974 vart ny læreplan i skulen, vart det innført eigen standpunktkarakter og eksamen i sidemål på slutten ungdomsskulen. På vidaregåande skular var det berre elevane på dei studiespesialiserande studieretningane som heldt fram med skriftleg sidemålsopplæring med obligatorisk eksamen og standpunktkarakter. På dei yrkesretta studieretningane skulle elevane halde fram med å lese på sidemålet, og dei hadde felles karakter.   

Sakte, men sikkert gjekk sidemålsopplæring frå å vere ei sak for dei få elevane som gjekk på gymnasa, til å vere ei sak som gjaldt så godt som alle elevane i den norske skulen. Motstanden mot skriftleg sidemålsopplæring vaks då fleire bokmålselevar måtte gjennom det, og Norsk Målungdom brukte mykje meir tid på saka frå 1970-talet av enn tidlegare.  

Men motstanden var ikkje ukjend for målrørsla og målungdommen. Riksmålsforbundet vart skipa då Stortinget i 1907 vedtok å innføre skriftleg sidemålsundervisning frå 1912, og riksmålsrørsla har kjempa mot ordninga heilt sidan då. I 1964 gjekk lektor Arne Roll i Narvik hardt ut i media og sa at han frå då av ville sabotere den skriftlege sidemålsundervisninga i gymnaset. Det vart ein stor debatt der målungdommar markete seg mot Roll, heilt til statsråden skriftleg bad lektoren følgje lovverket. I samband med innføringa av ungdomsskulen i 1969 gjekk debatten på om skriftleg sidemål skulle vere obligatorisk i dei nye ungdomsskulane. Til dømes vedtok Kragerø skoleråd at dei ikkje ville ha skriftleg sidemålsopplæring, og oppmoda andre skuleråd om å vedta det same.   

Utover på 1970-talet var det på landsmøta til Norges Gymnasiastsamband (NGS) og andre elevorganisasjonar harde debattar om obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. Målungdommen mobiliserte stort ved å passe på at deira folk vart valde til å vere utsendingar på landsmøta.   

I 1982 leverte Ungdommens riksmålsforening 25 000 underskrifter mot skriftleg sidemålsundervisning til utdanningsministeren. Same året vedtok NGS med overveldande fleirtal å halde på obligatorisk skriftleg sidemål. Året etter vedtok NGS at dei i perioden november 1983 til mars 1984 skulle ha ei uravrøysting der dei 90 000 elevane på vidaregåande skular kunne røyste over korleis sidemålsundervisninga skulle vere. Norsk Målungdom og Ungdomens riksmålsforbund mobiliserte på skulane og deltok på debattmøte.   

Resultatet vart om lag 60 prosent for valfritt sidemål og 30 prosent for obligatorisk skriftleg sidemål. NGS var frå 1985 mot skriftleg sidemål og for valfritt sidemål. Framstegspartiet og Unge Høgre gjorde liknande vedtak i same perioden, medan Høgre først i 1997 vedtok at dei var for valfri sidemålsundervisning. Tapet i NGS var ikkje nokon sluttstrek for sidemålsstriden i elevorganisasjonane, og Målungdommen heldt oppe diskusjonane både hos NGS og etterfølgjaren Elevorganisasjonen.  

Kampen om sidemålet sin plass i norskfaget prega også 2000- og 2010-talet. Oslo Unge Høgre lanserte i 2000 ein kampanje med slagordet «La dem raute nynorsk (bare vi slipper)». Høgrebyrådet i Oslo søkte same året om eit forsøk med valfri undervisning i sidemål på vidaregåande skular og fekk gjennomslag for forsøket. Norsk Målungdom og resten av målrørsla lukkast med å stogge nye forsøk og eit framlegg om å fjerne sidemålseksamen i ungdomsskulen. Eit nederlag kom då kunnskapsminister Kristin Clemet i 2004 gjorde sidemålseksamen på vidaregåande om frå obligatorisk eksamen for alle til trekkeksamen.  

På 2010-talet kom motstanden frå uventa hald. Sosialistisk Venstreparti (SV) hadde lenge støtta obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning, men det var ikkje til hinder for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i 2012 kom med eit framlegg om lågare kompetansekrav i sidemål enn i hovudmål og forslag om færre karakterar og eksamenar i sidemål. Norsk Målungdom meinte at regjeringa heller burde halde på likestilte kompetansemål i sidemål og hovudmål og på sidemålseksamen og sidemålskarakter, og at elevane skulle starte tidlegare med skriftleg sidemålsundervisning.  

Striden splitta partia i regjeringa, og i SV vart det fullt opprør. Tidlegare målungdom og dåverande bystyrepolitikar i Bergen, Oddny Miljeteig, reagerte med å verve hundrevis av medlemmer til Noregs Mållag. Saka enda med det framleis skulle vere likestilte kompetansemål i hovud- og sidemål, det skulle framleis vere standpunkt- og eksamenskarakter i sidemål, og skriving på sidemålet skulle ta til på 5. trinn. I tillegg vart det sett i gang eit forsøk på vidaregåande skular med felles undervegsvurderingskarakterar i hovudmål og sidemål.   

Hausten 2017 starta prosessen med nye læreplanar i alle fag med tittelen Fagfornyinga, då med regjering frå Høgre og Framstegspartiet. Resultatet kom i 2019. Eksamens- og standpunktkarakterane i sidemål stod ved lag, men det vart ulike kompetansemål i skriving i hovudmål og sidemål. Dessutan vart det i tråd med prøveprosjektet frå 2013 felles karakterar i undervegsvurderingane på 8. og 9. trinn på ungdomsskulen og 1. og 2. trinn på vidaregåande skule. 

Ung på 2010-talet

Kvardagen til både unge og vaksne vart stadig meir digitalisert på 2010-talet, med mellom anna digitale læremiddel, appar og sosiale media og kanalar. Samstundes auka talet på ungdom som fall ut av vanleg vidaregåande skule. Fleire alternative tilbod og linjer vart etablerte for å gje fleire rammer for læring enn klasserommet.

Skulekvardagen utover på 2010-talet vart stadig meir digitalisert. Lærebøker vart lesne på skjerm, og innleveringar på skule og vidare utdanning fann stad på digitale plattformer som til dømes itslearning. Samstundes oppstod det ein helsetrend mellom ungdom. Konsumet av sukkerhaldig drikke og kaloririk mat gjekk ned til fordel for flaskevatn og eit stadig meir vegetarisk kosthald. Talet på 15–16-åringar som røykte sigarettar dagleg, som i 1999 hadde vore på 23 prosent, var i 2019 nede på under 3 prosent. Miljøkampen vart ladd med nye omgrep; «miljø» vart til «klima», og «drivhuseffekt» vart til «klimaendring».  

Samstundes kom ein auke i talet på ungdom som fall ut av vanleg vidaregåande skule. Folkehøgskulane utvikla stadig nye tilbod og linjer, og i Bergen kom den første produksjonsskulen. Hyssingen produksjonsskole var for dei som trong praktisk retta aktivitetar og andre rammer for læring enn klasserommet. Frå statleg hald kom det storstilte prosjektet Ny GIV i 2010, der fleire departement gjekk saman for å løyse problemet med fråfall i vidaregåande opplæring. Det enorme fokuset på vidaregåande utdanning for alle hadde synleggjort at ingen modellar passar for alle.  

For ungdom som for vaksne vart 2010-talet ei tid med dagleg bruk av mobiltelefon, nettbrett og sosiale medium. Mobiltelefonen var ikkje lenger noko ein berre ringde med, men eit app-basert univers der ein kunne sjå filmar, finne informasjon eller få nye venner. Kvardagsøkonomien vart òg digitalisert, og nettbank og Vipps utkonkurerte bankkort og kontantar. Gamle og unge kommuniserte gjennom sosiale kanalar som Instagram, Facebook og Snapchat. Då ein heil nasjon vart skaka av hendingane på Utøya 22. juli 2011, var grufulle oppdateringar og detaljar berre tastetrykk unna. 

« — Jeg skjønner hvorfor vi bør lære nynorsk, men kunne tenkt meg meir kreativ undervisning. Nå sitter vi stort sett bare å pugger grammatikk, kanskje kunne vi heller ha brukt flere lærebøker på nynorsk eller brukt fleire nynorske medier.»

Norsk Målungdom var ikkje den første ungdomsorganisasjonen i Noreg for språk, og sidan 1960-talet har det vore mange organisasjonar som har arbeidd for andre språk. Her er nokre døme på andre språkpolitiske ungdomsorganisjonar som har arbeidd for andre språk enn nynorsk.

Kvensk: Kvääninuoret – Kvenungdommen

Ungdomsorganisasjon Kvääninuoret (Kvenungdommen) har sidan starten i 2008 engasjert kvenske ungdommar med mål om å utvikle kvensk språk, kultur og samfunn. Kvensk har vore brukt i fleire hundre år, men fekk ikkje status som nasjonalt minoritetsspråk før 2005.

Det kvenske språket har vore brukt i hundrevis av år, særleg i Finnmark og Troms, og fekk status som nasjonalt minoritetsspråk i 2005. Kvensk er eit finsk-ugrisk språk i nær slekt med finsk og meänkieli (tornedalsfinsk), og dei som snakkar desse språka, kan derfor stort sett forstå kvarandre. Kvenane vart anerkjende som nasjonal minoritet i 1998. Brukarane av språket vart utsette for eit hardt press om å byte språk til norsk (fornorsking), særleg i perioden 1850 til 1950. Resultatet er at mange kvenar ikkje kan kvensk.   

Norske kveners forbund – Ruijan kvääniliitto – er den største kvenske organisasjonen og vart skipa i 1987. Ungdomsorganisasjonen deira Kvääninuoret (Kvenungdommen) kom til i 2008. Sidan starten har dei engasjert kvenske ungdommar med mål om å utvikle kvensk språk, kultur og samfunn.   

Ungdomsorganisasjonen har hatt årlege samlingar for å skape eit miljø for kvensk ungdom. Dei har brukt sosiale medium både for å halde kontakten med medlemmene og for å gjere kvensk synleg for ungdom. Frå 2014 til 2019 reiste dei rundt på vidaregåande skular og snakka med elevar om kvensk språk og kultur som ein del av prosjektet Kvääniluusit – Kvenske loser. For arbeidet med kvensk språk fekk dei Kvensk språkpris i 2021. Prisen vert delt ut av Språkrådet.   

Kvääninuoret samarbeider med ungdomsorganisasjonar som arbeider for finsk-ugriske språk i andre land. Til dømes har dei arrangert leirar og samlingar saman med Met nuoret, som arbeider for meänkieli i Sverige, og Karjalazet Nuoret Suomes, som arbeider for karelsk i Finland. Organisasjonen har dessutan engasjert seg i få på plass kvenske symbol som det kvenske flagget, noko dei kvenske organisasjonane vart samde om i 2017.   

Samisk: Noereh, Davvi Nuorra, NSR-U og andre

Unge samar har sidan tidleg på 1900-talet vore med i kampen for samisk språk, kultur og næring, mellom anna gjennom samiske ungdomsorganisasjonar som NSR-U (1990-), Davvi Nuorra (1995-2007) og Noereh (2009-). Dei samiske språka er urfolksspråka i Noreg og har vern gjennom samelova frå ÅR, språklova frå 2022 og ei rekkje internasjonale avtalar.

Dei samiske språka er urfolksspråka i Noreg. Det tradisjonelle samiske språkområdet strekkjer seg frå lengst nord i Hedmark til Kolahalvøya i Russland, og her har det vore brukt ti ulike samiske språk. Seks av desse har vore brukte innanfor dei norske riksgrensene. I Noreg er sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk i dagleg bruk, medan pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk framleis vert brukt i nabolanda våre. Brukarane av språka har blitt utsette for eit hardt press om å byte språk og kultur (som fornorsking og forsvensking). Resultatet er at mange samar ikkje kan samisk.   

Unge samar har sidan tidleg på 1900-talet vore med i kampen for samisk språk, kultur og næring. Då byrja samar å organisere seg mot fornorskinga. Særleg i dei sørsamiske områda Hedmark og Trøndelag var dette ein periode då reindrifta var under stort press. Reindrift var og er framleis ei av dei viktigaste samiske næringane og er språkarena og språkberar for samisk. Det første samiske landsmøtet i 1917 var ei storhending. Pionerar som Daniel Mortenson (1860–1924), Isak Saba (1875–1921) og Elsa Laura Renberg (1877–1931) byrja å forme ut samepolitikk allereie i unge år.   

Den første bølgja med samisk organisering la seg i tida før den andre verdskrigen, men etter krigen kom det ei rekkje nye organisasjonar til. Kulturorganisasjonen Norgga Sámiid Riikkasearvi (Norske Samers Riksforbund, NSR) vart skipa i 1948 under namnet Oslo sámi sær’vi. Frå 1950 vart dette ein landsdekkjande organisasjon som skulle arbeide både med kultur og politikk, og i 1968 fekk han namnet han har i dag. NSR har sidan då vore den største samiske organisasjonen.  

Same året byrja det som seinare vart kalla Alta-saka: Det var planar om å byggje eit kraftverk i Alta-Kautokeino-vassdraget som ville føre til at den samiske bygda Máze og store reindriftsområde vart lagde under vatn. Ein allianse mellom ulike lokale krefter, samiske organisasjonar og natur- og miljøvernorganisasjonar organiserte seg og kjempa mot planane både med lobbyarbeid, lovlege demonstrasjonar, svelteaksjonar og sivil ulydnad. Trass i motstanden vart kraftverket vedteke bygd i 1978, og arbeidet for å få handsama saka på nytt fekk eit endeleg punktum då Høgsterett i 1982 avgjorde at utbygginga var lovleg. Ein siger i nederlaget var at utbygginga vart mindre enn planlagt, og bygda Máze vart berga.  

På denne tida vart det ei stor mobilisering og mange nye lokallag i NSR, og samane si sak fekk større merksemd både nasjonalt og internasjonalt. I etterdønningane etter Alta-saka vedtok Stortinget å opprette Sametinget og ei samelov med mellom anna samiske språkrettar. Samisk språk, kultur og levesett vart òg verna i Grunnlova. Dessutan slutta Noreg seg til fleire internasjonale konvensjonar som auka vernet for samisk språk og kultur.  

NSR stilte som politisk parti til det første sametingsvalet i 1989 og har saman med Arbeidarpartiet vore leiande sametingsparti sidan då. NSR oppretta eit ungdomsutval på landsmøtet i 1990. NSR-U er ikkje ein sjølvstendig organisasjon, men organiserer ungdom i NSR. Det har òg vore ungdomsorgan i andre samiske parti. I 2003 vart Sametingets ungdomspolitiske utval (SUPU) oppretta for å styrkje medråderetten til unge på Sametinget.  

I 1995 vart Davvi Nuorra oppretta som den første landsdekkjande og partipolitisk uavhengige samiske ungdomsorganisasjonen i Noreg. Organisasjonen arrangerte møte og leirar, mellom anna saman med samiske ungdomsorganisasjonar i Sverige, Finland og Russland. I fleire år frå 1999 skipa dei til Arctic Youth Camp, ein ungdomsleir for urfolksungdom, saman med urfolksfestivalen Riddu Riđđu 

Ei viktig sak for organisasjonen var å stogge Forsvaret si utvidinga av Mauken Blåtind skytefelt, som organisasjonen meinte ville føre til at 20 prosent av reindrifta i Troms vart vekke. I 2000 gjekk 14 aktivistar frå Davvi Nuorra, Natur og Ungdom og Mauken reinbeitedistrikt til sivil ulydnad då dei gjekk inn i området under ei skyteøving.  

Etter fleire år med ufullstendige rekneskapar kravde Sametinget at organisasjonen skulle betale attende 224 000 kroner. Det makta ikkje Davvi Nuorrat, og hausten 2007 vart organisasjonen lagd ned.  

Det har vore fleire samiske student- og ungdomsorganisjonar knytte til språkområde eller stad. Doajmmasiebrre Julev-Sabme (DSJ) er ein barne- og ungdomsorganisasjon i det lulesamiske språkområdet som starta opp i 1986. Dei skipar til Julevsáme Vahkko (Lulesamisk Uke) og fotballkuppen HellmoCup kvar sommar. Døme på samiske studentorganisasjonar er Sámi studeantasearvi Davvi-Norggas (Samisk studentforening i Nord-Norge, SSDN) i Tromsø og Studeenth Åarjeldajvesne (SÅD) ved Nord universitet si avdeling i Levanger.  

Tomrommet etter Davvi Nuorra førte til at det vart vanskelegare å samle samisk ungdom på tvers av partitilhøyrsle, geografi og religion. I 2009 gjekk samiske unge saman om å skipe ein ny ungdomsorganisasjon: Noereh. Medan Davvi Nuorra hadde namn på det største samiske språket, nordsamisk, var namnet til Noereh på sørsamisk. Noereh har som mål å vere ein trygg møteplass for samisk ungdom, styrkje samisk identitetskjensle og vere eit talerøyr for unge samar på norsk side av Sápmi.  

Noereh har arbeidd mykje mot naturinngrep som dei meiner vil undergrave reindrifta og andre samiske næringar. Det mest kjende dømet er kampen dei har ført saman med Natur og Ungdom og lokale krefter mot gruvedrifta i Repparfjorden i Finnmark. I 2014 bidrog organisasjonen til to nye tiltak for samisk kultur: for å gjere samisk identitet synleg, gjennom kuftedagen Gáktebeaivi, og for at det skal bli lettare å vere samisk på mange måtar, som Sápmi pride. I tillegg til å bruke dei samiske språka har dei kravd meir populærlitteratur på samisk, bidrege til Sametinget sin språkkampanje Snakk samisk te’ mæ (2014) og feira når organisasjonar som Norsk Målungdom og Kristeleg Folkepartis Ungdom vedtok samiske namn.  

Landsmøta har vore viktige møteplassar for samiske unge, og det same har lokallag som Oslove Noereh, Romssa Noereh og Ávjovárri Noereh. Til liks med forgjengaren har Noereh samarbeidd med samiske festivalar som Riddu Riđđu og Márkomeannu. Dei held òg kontakten med Sáminuorra i Sverige (1963–), Suoma Sámi Nuorat i Finland (1991–) og samiske organisasjonar i Russland som Sami Nurash/Самь Нураш (2010–). 

Riksmål: Studentenes Riksmålsforening, Ungdommens Riksmålsforening og fleire

Sidan før den landsdekkjande organisasjonen Riksmålsforbundet blei skipa i 1907, har ungdom og studentar arbeidd for riksmålssaka. Riksmål var fram til 1929 namnet på bokmål, og har etter det vore brukt om ein ikkje-offisiell variant av bokmål. Ungdommens Riksmålsforening vart starta i 1975, men lagt ned på 1990-talet. Seinare har Riksmålsforbundet hatt fleire lokallag for ungdommar og studentar.

Riksmål var fram til 1929 namnet på bokmål, og har etter det vore brukt om ein ikkje-offisiell variant av bokmål. Bokmål, og i endå større grad riksmål, er framhaldet av det danske skriftspråket i Noreg og talemåla som byggjer på denne tradisjonen. Riksmål byggjer på rettskrivinga frå 1917 og skilde seg frå bokmål i 1938. Då fekk bokmål ei rettskriving som likna meir på nynorsk. Etter rettskrivingsendringar på 1980-talet og i 2005 har bokmål og riksmål blitt likare kvarandre.  

Sidan før den landsdekkjande organisasjonen Riksmålsforbundet vart skipa i 1907, har ungdom og studentar arbeidd for riksmålssaka. Før den andre verdskrigen var nynorsk på frammarsj. Riksmålsrørsla hadde som mål å stogge nynorsk der det vart fremja lokalt, og kjempa mellom anna mot sidemål nasjonalt. Seinare var det å gjere riksmålsrettskrivinga offisielt tillaten og å kjempe mot samnorsk viktige mål for unge i riksmålsrørsla.  

Frå starten av har unge målfolk og unge riksmålsfolk stått opp mot kvarandre. Eit tidleg døme er det såkalla teaterslaget, på ei av dei første framsyningane til Det Norske Teatret i Oslo. Teateret hadde omsett Jeppe på Bjerget av sjølvaste Ludvig Holberg frå dansk til nynorsk – eller norsk, som dei skreiv. Dette provoserte unge riksmålsungdommar. Dei mobiliserte om lag 100 menn på teaterframsyninga kvelden 13. oktober 1913. Dei heldt pipekonsert og kom med tilrop som «Graut! Meir graut! Maul! Fjøslugt!». Bondeungdomslaget og målstudentar hadde fått nyss i aksjonen, og utover kvelden vart det slagsmål i teaterlokalet. Dette var starten på ei veke med store demonstrasjonar med opp til 12–13 tusen demonstrantar i gatene rundt Det Norske Teatret.  

Frå 1950-talet var Foreldreaksjonen mot samnorsk i sving. I åra fram mot 1953 samla dei inn kring 400 000 underskrifter mot samnorsk og fekk mange foreldre til å «rette» samnorsk i lærebøkene til elevane. Dei same miljøa kjempa òg mot nynorsk og dialekt i NRK gjennom Norsk Lytterforening for Radio og Televisjon.  

På denne tida var det lokale riksmålsforeiningar for elevar på vidaregåande skular, til dømes på Stabekk kommunale høgre allmennskole i Bærum. Studentenes Riksmålsforening var aktive på 1960-talet og gav ut avisa Vårt Sprog i perioden 1963–1967. På 1970-talet vaks det fram eit ungdomsmiljø kring riksmålsaktivistane Sofie og Knut Wigert og avisa deira Frisprog. Universitetets Riksmålsforening og Osloskolenes Riksmålsforening starta i 1975. Sistnemnde skifta i 1977 namn til Ungdommens Riksmålsforening for å vere ein landsdekkjande organisasjon. Dei fekk fleire lokallag, særleg på vidaregåande skular på Austlandet.  

Engasjementet i sidemålsstriden var stort frå 1970-talet og utover. Norsk Målungdom og Ungdommens Riksmålsforening stod opp mot kvarandre ved fleire høve. Tidleg i 1976 samla Ungdommens Riksmålsforening inn underskrifter mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. Då dei sju utsendingane frå organisasjonen skulle levere dei 25 000 underskriftene til kyrkje- og utdanningsministeren, vart dei møtte av kring 60 demonstrantar frå Norsk Målungdom. Organisasjonen gjennomførte ein tilsvarande underskriftskampanje i 1982.  

Kampen om sidemål stod særleg i elevorganisasjonar som Norges Gymnasiastsamband (NGS). I 1984 heldt NGS ei uravrøysting der elevane på vidaregåande skular kunne røyste over korleis sidemålsundervisninga skulle organiserast. Ungdommens Riksmålsforening argumenterte for valfritt sidemål eller munnleg sidemålsundervisning og møtte Målungdommen til debatt kringom på skular. Riksmålsungdommen vann røystinga med om lag 60 prosent. Frå 1985 fekk dei i periodar NGS som støttespelar i kampen mot sidemålsordninga.  

Det var òg partipolitiske skilnader mellom organisasjonane. Målungdommen var prega av radikale ungdommar som gjerne stod langt til venstre i politikken, medan det i Riksmålsungdommen var mange som gjerne høyrde heime i Unge Høgre.  

Å gjere riksmålsrettskrivinga til offisiell bokmålsrettskriving var ei anna viktig sak. I 1979 gjennomførte organisasjonen ei spørjeundersøking blant 5500 elevar, der 90 prosent svara at dei støtta å gjeninnføre såkalla levande riksmålsformer i bokmål. Same året samla dei inn 1500 underskrifter «for riksmålets rett».  

På 1990-talet sovna Ungdommens Riksmålsforening inn. Det unge riksmålsengasjementet vart vsvakare no som ein av dei viktigaste kampane var vunne. Med rettskrivingsendringane i bokmål på 1980-talet vart bokmåls- og riksmålsrettskrivingane likare kvarandre. Sjølv om målet om samnorsk heldt fram med å vere offisiell norsk språkpolitikk til 2002, var dette ein viktig siger for riksmålsrørsla.  

Seinare har Riksmålsforbundet i periodar hatt fleire lokallag for ungdommar og studentar. Bergenstudentenes Riksmålsforening var i 2021 eit av fire lokallag i Riksmålsforbundet. Studentlaget vart starta på nytt i 2017 og arrangerte i hausten 2021 ein konferanse om norsk fagspråk og engelsk i høgare utdanning.

Norsk teiknspråk: Norges Døveforbunds Ungdom

I over hundre år blei bruken av teiknspråk undertrykt. Den landsdekkjande ungdomsorganisasjonen Norges Døveforbunds Ungdom (NDFU, 1984-) kjempar for døve og tunghøyrte born og unge sine rettar til mellom anna gode opplæringstilbod og tilrettelegging på teiknspråk. Ein stor siger kom då norsk teiknspråk fekk statusen sin som nasjonalt teiknspråk då dette vart skrive inn språklova i 2021.

Norsk teiknspråk har status som det nasjonale teiknspråket og er førstespråket til døve i Noreg. Det finst over 300 teiknspråk i verda. Norsk teiknspråk slektar attende til fransk teiknspråk via dansk teiknspråk. Noreg fekk sin første døveskule i Trondheim i 1825, og fram til 1880-talet var norsk teiknspråk brukt som undervisningsspråk på skulen. På den tida rådde ideologien om at døve helst burde lære talespråk. I om lag hundre år vart bruken av teiknspråk undertrykt og i beste fall sett på som eit hjelpemiddel i undervisninga på døveskulane. Frå 1970-talet av fekk norsk teiknspråk høgare status, og fleire såg at norsk teiknspråk var eit fullstendig språk uavhengig av norsk tale- og skriftspråk. I tillegg til døve er det mange høyrande som har teiknspråk som eitt av sine språk, til dømes høyrande born av døve.  

Døveskulane i Trondheim, Bergen, Oslo og andre byar har frå 1800-talet av vore svært viktige for døve. Her vart born, ungdommar og vaksne frå heile landet samla. Storparten av dei fekk for første gong lære eit språk dei kunne bruke til å kommunisere, lære og formidle. I miljøet kring desse skulane kom det til organisasjonar der døve kunne drive med idrett og kultur.  

Landsorganisasjonen for døve vart starta under namnet Norske Døves Landsforbund i 1918 og skifta namn til Norges Døveforbund i 1977. Organisasjonen har arbeidd med viktige saker for døve og teiknspråkbrukarar i over hundre år. Dei har starta viktige tiltak som teiknspråkteateret Teater Manu, Døves media og Ål folkehøyskole, der all undervisning går føre seg på teiknspråk.  

Den landsdekkjande ungdomsorganisasjonen Norges Døveforbunds Ungdom (NDFU) vart skipa i 1984. Mange av lokallaga har lengre historie, som Stavanger Døves Ungdomsklubb (1974) og Ungdomsklubben PAFF (Oslo Døves Ungdomsgruppe, 1969). NDFU arbeider for å skape miljø for døve og tunghøyrte born og unge. Dei har ofte samarbeidd med Ål folkehøyskole om leirar.  

Frå om lag 1880 til 1970 var den styrande ideologien var at døve skulle lære talespråk, ikkje teiknspråk. Då var kampen for å auke statusen til teiknspråk viktig for mange døve. Eit døme på dette kom i 1924. Norske Døves landsforbund vedtok då ei fråsegn på landsmøtet sitt i Trondheim. Der kravde dei at elevane på døveskulane måtte få lære teiknspråk, og at lærarane på skulane måtte meistre og forstå språket. Dei døve møtte ofte motstand frå høyrande i forbundet.  

Seinare har det vore ein kamp å sikre eit opplæringstilbod på teiknspråk. Tidleg på 1990-talet skulle alle spesialskular leggjast ned og elevane overførast til nærskulane. Storparten av døverørsla meinte at dette ville ta knekken på ein av dei viktigaste språkarenaene for teiknspråkbrukarar, og i 1990 demonstrerte 800 demonstrantar i Oslo under slagordet «La døveskolen leve!». Dei klarte ikkje å stogge reforma, men døveskulane ikkje lagde ned. I staden dei omorganiserte til heilårsopne ressurs- og kompetansesenter. Frå om lag 2017 var det ikkje lenger eigne, statlege døveskular. No driv i staden eit knippe større byar kommunale skular der døve og høyrande går i lag, og der døve elevar får undervising på teiknsspråk i eigne klasser. 

På 1980-talet tok døverørsla nye tiltak i bruk for å krevje meir teiknspråk og teksting i NRK. I 1988 gjekk om lag 1200 inn for lisensstreik og nekta å betale lisens til NRK før dei fekk eit betre tilbod. NRK lova bot og betring: 80 prosent av programma skulle tekstast og det kom nyheiter på teiknspråk. I 1989 sende NRK julekalenderserien «Vertshuset Den Gyldne Hale» med både teikn og tale.  

Rørsla har kjempa lenge for at norsk teiknspråk skal få status som offisielt språk av staten. Under Tegnspråkdagene i Oslo 1.–3. oktober 2007 demonstrerte 2000 personar for ei teiknspråklov med slagord som «Uten tegnspråk – ingen deltakelse», «Tegnspråk er identitet og kultur» og «Rett til språk – barn, unge, voksne og eldre». Det vart aldri ei eiga teiknspråklov. Men ein stor siger kom i språklova som gjeld frå 2022, der norsk teiknspråk fekk lovfesta statusen sin som det nasjonale teiknspråket.

Målfront, Vestlandsfa'n og Motmæle er tre aviser frå Målungdommen. Digitalisert av Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.

Kampen for språkmangfald

Arbeid med det språklege mangfaldet i Noreg har lange tradisjonar i målrørsla. Sjølv om Målungdommen hadde «Nynorsk som einaste riksmål!» som slagord på slutten av 1980- og 1990-talet, har Målungdommen fleire gongar nytta posisjonen sin til å støtte andre språk og organisasjonar rundt dei gjennom samarbeid og støtte.

Språkmangfaldet i Noreg er stort. I språklova som gjeld frå 2022, står det at den norske staten har ansvar for dei likestilte skriftspråka nynorsk og bokmål, dei samiske urfolksspråka nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, og norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Kvensk, romani, romanes og dei samiske språka er innmelde i Den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk, og Europarådet overvaker korleis Noreg handsamar desse språka. Dessutan vert det arbeidd med å revitalisere pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk. Desse språka var tidlegare brukte i Noreg, og har språkbrukarar i nabolanda våre. I Noreg vert det òg brukt ei rekkje nyare innvandrarspråk som polsk, somali og svensk.  

Arbeid med språkmangfaldet i Noreg har lange tradisjonar i målrørsla. Saka heng saman med det internasjonale engasjementet Norsk Målungdom. Ein startskot for dette var «Minoritetsspråk i Europa»-konferansen i 1967, som Studentmållaget i Oslo skipa til. Særleg samiske spørsmål var ofte tema for artiklar i medlemsblada til Norsk Målungdom og lokallaga allereie frå 1960-talet av. Målungdommen meinte dessutan at rettferdskravet om læremiddel til same tid og pris òg måtte gjelde for samiske læremiddel. Sjølv om Målungdommen hadde «Nynorsk som einaste riksmål!» som slagord på slutten av 1980- og 1990-talet, støtta dei samisk og såg solidarisk på samane sin strid. Dei var motstandarar av bokmålet, men ville stø andre språk. Til dømes vedtok både Norsk Målungdom og andre i målrørsla at dei støtta samane som kjempa mot utbygginga i Alta-Kautokeino-vassdraget.  

Men trass i støttefråsegner og artiklar i medlemsblada arbeidde Målungdommen lite med samisk språkpolitikk dei første tiåra. Det var heller ikkje gjort mykje med kvensk, norsk teiknspråk, romani og romanes. På same vis var retten til morsmålsopplæring for innvandrarar inga stor sak i målrørsla. Målungdommen var meir opptekne av internasjonale saker, som språkstridar i andre land. 

Utover på 2000-talet endra dette seg. Innvandring, integrering og morsmålsopplæring kom på toppen av arbeidsprogrammet til Norsk Målungdom. I 2008 markerte Målungdommen Mangfaldsåret med ein mangfaldskonferanse, med innleiingar om kviterussisk, katalansk og språkpolitikken i EU.  

Eit startskot for eit meir omfattande arbeid for språkmangfaldet i Noreg kom med Språkåret 2013. Dette var ei markering av alt språk i Noreg, med utgangspunkt i at det var 200 år sidan Ivar Aasen fødd, og 100 år sidan nynorskteateret Det Norske Teatret vart skipa. Då skipa Norsk Målungdom til konferansen Nordisk språkmangfald med deltakarar frå både Målungdommen, Norges Døveforbunds Ungdom og dei samiske organisasjonane Noereh og NSR-U. Konferansen bidrog til å skulere Målungdommen i stoda for andre språk i Norden, i tillegg til at medlemmene vart kjende med andre ungdomsorganisasjonar som arbeidde for språk. I åra etterpå freista Norsk Målungdom å bruke posisjonen sin som den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg til å støtte dei andre organisasjonane og styrkje dei andre språka.  

Fleirspråkleg skilting og fleirspråklege namn var viktige saker for å gjere språkmangfaldet synleg. Målungdommen starta med seg sjølv: I 2015 vedtok dei «Program for Noreg som fleirspråkleg samfunn» og fekk samstundes på plass organisasjonsnamn på lulesamisk, sørsamisk, nordsamisk og kvensk. Året etter fekk studentmållaga gjennomslag for at Noregs Mållag òg skulle ha namn på desse språka. Målungdommen kravde at kommunar med samiske og kvenske namn gjorde desse namna offisielle, og pressa på for å få ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti til å vedta namn på nynorsk, samisk og kvensk. I kampanjen Fleirspråkleg framtid – Máŋggagielalaš boahtteáig – feira dei på sosiale medium kvar gong kommunar og organisasjonar gjorde vedtak om namn på fleire språk.

Medlemsblad i Norsk Målungdom: frå Apropos til Motmæle

Å gi ut eit eige blad har lenge vore ein effektiv måte for organisasjonar å spreie meiningane sine på. Blada til Målungdomen sentralt og lokallaga hadde ein leiande funksjon i målrørsla og nådde ut til fleire enn dei som var aktive i eit lokallag, mellom anna ved at dei blei spreidde til skular og bibliotek.

Å gi ut eit eige blad har lenge vore ein effektiv måte for organisasjonar å spreie meiningane sine på. Likevel gjekk det over ti år frå skipinga i 1961 til Norsk Målungdom fekk si eiga avis.  

Studentmållaga og elevmållaga hadde i årevis handskrivne blad som dei las høgt på lagsmøta, og nokre av dei byrja alt før krigen å gi ut blad og aviser. Men på 1960-talet auka talet på blad markant: Studentmållaget i Oslo gav ut bladet Apropos frå 1959, Studentmållaget i Bergen gav ut Vestlandsfa’n frå 1964, og Studentmållaget i Nidaros gav ut Måltrasten frå 1965. Seinare kom fleire til.  

Bladet Mål og Makt er det einaste av desse som, med nokre få avbrot, har kome ut samanhengande heilt fram til 2020-talet. Bladet starta med tittelen Sentrum og periferi i 1971, men skifta året etter namn til Mål og Makt. Namnet var inspirert av eit blad Studentmållaget i Oslo gav ut på 1930-talet. Mål og Makt har hatt som mål å vere eit politisk og kulturelt tidsskrift heller enn ei dagsaktuell avis. Blada til lokallaga hadde ein leiande funksjon i rørsla og nådde ut til fleire enn dei som var aktive i eit lokallag, særleg ved at dei vart spreidde til skular og bibliotek.  

I 1972 skipa Noregs Student- og Elevmållag, som Norsk Målungdom heitte då, det første bladet sitt: Målfront. Før dette hadde bladet Apropos frå 1962 òg vore medlemsblad for landsorganisasjonen. Dei første tre åra hadde Målfront fleire fellesnummer saman med Apropos og Vestlandsfa’n, men frå då av og fram til 1979 stod avisa på eigne bein. I 1980 skifta bladet namn til Folkemål. Ein periode kom blada ut i Bergen, og tidvis hadde bladet redaksjonen spreidd utover heile landet – noko som kunne vere krevjande i ei tid utan internett og e-post.  

I 1985 skifta bladet namn til Gygr, som var eit gammalt namn på ei jotunkvinne. Dette namnet forsvann fort, for etter berre eitt nummer var namnet endra til EG. Namnet EG vart brukt heilt fram til 1997, då bladet skifta namn til Motmæle. I 2021 kom Motmæle ut med tre nummer i året, og ein del av tekstane frå bladet vart òg publiserte på motmæle.no.  

I tillegg til å nå enkeltmedlemmene har det vore eit mål å spreie informasjon frå sentralleddet til dei ulike lokallaga. Lokallagsblad har vore ein måte å gjere dette på. Lokallagsbladet med lengst soge er NMU-nytt, som starta opp i arbeidsåret 1976–1977 og vart gitt ut fram til det gjekk inn som ein del av Folkemål i 1982. Lagsposten var eit tilsvarande blad som kom ut tidleg på 2000-talet. Dei seinare åra har Norsk Målungdom brukt andre måtar å halde kontakten med lokallaga på, til dømes e-postlister og grupper på Facebook.

Medlemsjuks-saka: «Idealisme på ville vegar»

TV 2-programmet Rikets tilstand avslørte i 2002 omfattande medlemsjuks i Norsk Målungdom. Dermed viste det seg at organisasjonen hadde fått meir i offentleg støtte enn dei skulle ha, som førte til at andre organisasjonar fekk mindre. Etter avsløringane stod Norsk Målungdom svekt att, men i åra etter la medlemmer og støttespelarar ned ein stor innsats for å berge organisasjonen.

TV 2-programmet Rikets tilstand avslørte i 2002 omfattande medlemsjuks i Norsk Målungdom. Organisasjonen hadde fått meir i offentleg støtte enn dei skulle.  

Støtteordningane for organisasjonar var laga slik at organisasjonane fekk meir pengar jo fleire medlemmer og lokallag og jo meir aktivitet dei hadde. Jukset til Norsk Målungdom førte til at dei fekk meir pengar enn dei skulle, slik at andre organisasjonar fekk mindre. Det førte igjen til at Norsk Målungdom fekk meir makt og påverknadskraft.  

Økokrim sette i gang etterforsking etter programmet og sikta organisasjonen for medlemsjuks. I 2003 vart organisasjonen og seks sentrale tillitsvalde sikta og dømde for lovbrota i Oslo tingrett. Norsk Målungdom som organisasjon vart dømd til å betale attende 2,88 millionar kroner og fekk ei bot på 100 000 kroner, medan dei seks medlemmene fekk kortare fengselsstraffer.  

Ingen av dei som vart straffa, hadde tileigna seg pengar til eiga vinning. Fungerande leiar i Noregs Mållag, Håvard Teigen, skildra medlemsjukset som «idealisme på ville vegar» i tala han heldt på mållagslandsmøtet i 2003. Medlemsjukset var berre kjent mellom nokre få i leiinga av organisasjonen og avsløringane sjokkerte både vanlege medlemmer og tillitsvalde.  

Fleire andre ungdomsorganisasjonar har òg blitt etterforska for medlemsjuks, til dømes Oslo AUF i 1995. Mykje tyder på at overrapportering av medlemstal var ein ukultur som prega store delar av den unge frivilligheita fram til desse sakene vart avslørte i 1995. Økokrim rekna eventuell overrapportering av medlemstal i Norsk Målungdom før 1997 som forelda, og det er aldri granska når medlemsjukset i Målungdommen starta.  

Noregs Mållag evaluerte saka i 2004. I evalueringa såg dei det som truleg at medlemsjukset starta lenge før dei som vart dømde, var aktive i organisasjonen. I evalueringa nemnde Noregs Mållag tre potensielle moment som kunne forklare kvifor Norsk Målungdom heldt fram med medlemsjukset etter at AUF vart avslørt i 1995:  
– Dei hadde eit avansert system for overrapportering som var vanskeleg å avsløre.  
– Å slutte med medlemsjuks ville føre til dårlegare økonomi og kunne potensielt avsløre at forgjengarane hadde drive med medlemsjuks.  
– Tilhøvet mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom var dårleg på denne tida, noko som gjorde det lite truleg at Mållaget ville gi dei hjelp til å kome ut av situasjonen.  
Noregs Mållag understreka at korkje desse momenta eller det at andre hadde drive med medlemsjuks, fritok leiinga i Målungdommen for ansvaret dei hadde hatt for å stoppe medlemsjukset.  

Etter avsløringane stod Norsk Målungdom svekt att: Dei mista statstøtta ein periode, sentrale medlemmer vart fengsla, og med ei ventande milliongjeld måtte dei kvitte seg med så mange utgifter som råd. Dei hadde ikkje lenger råd til å lønne tilsette og vart avhengige av Noregs Mållag for å ha råd til å ha kontor. Bota og tilbakebetalingssummen skulle i formelt sett betalast på 14 dagar, men i 2005 inngjekk organisasjonen ei nedbetalingsavtale der dei betalte ned gjelda over ti år.  

I åra etter la medlemmer og støttespelarar ned ein stor innsats for å berge organisasjonen. Dei fekk verva medlemmer slik at dei kom over kravet om 1000 medlemmer for å få statstøtte, og starta arbeidet med å byggje opp att tilliten til organisasjonen. Det siste avdraget på gjelda vart betalt i 2015.

Fotografi frå arkivet til Norsk Målungdom. Biletet er teke i Bergen under ein dataaksjon 13. mai 2000. Foto: ukjend

Trykk på knappen under for å sjå meir frå Norsk Målungdom på Digitalt Museum.

Nynorsk kultursentrum 2021 

Medverkande
Ansvarleg redaktør: Gaute Øvereng
Prosjektansvarleg: Tone Slenes
Fagansvarleg og prosjektleiar: Fredrik Hope
Forfattarar: Fredrik Hope, Øystein Hide, Stina Aasen Lødemel
Bidragsytarar: Siri Beate Gjerde, Stine Stennes Hovdenakk
Formgiving: Line Omland Eilevstjønn
Teknisk tilrettelegging: Anders Kalvatn
Språkvask: Språkverkstaden

Innspel og tilbakemeldingar kan sendast til fredrik.hope@nynorsk.no.