Nynorsk.no / Aktuelt / Nynorsk kultursentrum legg ut på Nynorskstafetten!
Nynorsk kultursentrum legg ut på Nynorskstafetten!
Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet kring tre veker kvar haust for å samle og spreie kunnskap om nynorsk. I år er Nynorsk kultursentrum med som samarbeidspartnar, og tek med seg eit rikt kulturprogram ut på Nynorskstafetten. Årets stafett går mellom 28. oktober til 15. november i Nordhordland, Sunnhordland, Indre Agder og på Haugalandet.
Nynorskstafetten går til randsoneområder der nynorsk er under press. Gjennom stafetten snakkar Noregs Mållag, Norsk Målungdom og andre nynorskorganisasjonar med alt frå ordførarar, bedrifter, rektorar, lærarar til elevar for å høyre kva som skal til for å gjere det lettare å bruke nynorsk i deira område. Målet er å lytte, lære, spreie kunnskap og gje ny kveik i arbeidet for nynorsk.
Nynorsk litteratur til skular i randsonene
I 2024 er Nynorsk kultursentrum med på Nynorskstafetten, og tek sine etappar med eit mangfaldig kulturprogram. – Vi har lagt vekt på å syne fram litteratur og kultur på nynorsk, særleg i skulane. Det er særleg viktig at elevar i områda der nynorsk er under press får oppleve aktuell og sterk nynorsk litteratur, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum.
– Det har òg vore viktig for oss å samarbeide med og stø lokale aktørar, slik som Nynorskdagane i Alver, Blest litteraturfestival i Tysvær og barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord, legg Opsvik til.
I veke 43 i stafetten skal forfattar Inger Johanne Sæterbakk vitje ungdomsskular i Alver, før nynorske barneskular i Bergen og Øygarden i Nordhordland får forfattarbesøk av Erling Braut Haaland-biograf Ørjan Zazzera Johansen. I veke 44 sender Nynorsk kultursentrum, Blest og Falturiltu ut teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde til nynorskskular i Tysvær, Sveio, Karmøy og Vindafjord. I veke 45 reiser Zazzera Johansen til barneskular i Sirdal, Kvinesdal, Lyngdal, Åseral, Hægebostad og Evje og Hornnes. Skulane som får besøk får òg ei bokgåve med bøker av forfattarane.
– I Indre Agder er det fleire nynorskskular i same situasjon, ved å vere mindre skular i bokmålsdominerte områder. Difor er det veldig bra at Noregs Mållag, dei lokale mållaga og Nynorsksenteret skipar til inspirasjonsseminar for lærarar på desse skulane. Nynorsk kultursentrum bidreg med eit forfattarbesøk med Heidi Marie Vestrheim, som skal fortelje om den prisvinnande boka Jenny Fender, fortel prosjektleiar og konservator Fredrik Hope.
Nynorsk i næringslivet og forfattarkveldar
I Haugesund og på Stord blir det forfattarkveldar med Bjørn Sortland, som lanserer ny bok denne hausten. Arrangementa er i samarbeid med Falturiltu og Haugesund Mållag og Ungdomslag.
– I Knarvik og i Ølen samarbeider vi med Nynorsk bedriftsforum og lokale aktørar for å fremje nynorsk og godt språk i næringslivet. Linda Eide held føredraget Klinkande uklart om kor viktig det er med tydeleg språk, og Nynorsk bedriftsforum informerer lokale bedrifter om jobben dei gjer for å gjere det like lett å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift, avsluttar Fredrik Hope.