1871 Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn

O.J. Fjørtoft

RETTAR ME FEIL ÅRSTAL I AASEN-OPPRAMSINGA?

Te dei norske Bondevenlag

Målmennene gjeng ut ifrå noke, som alle e einige om, og dæ e dette:

Bokmåle e Dansk, Bondemåle e Norsk

Dei hev no i mange År streva mæ å få dæ norske Mål fram i Bøkene, og Bokmåle hev vel i den siste Tia vorte mykje bære og mykje meir norskt hell før nokre År sia; men endå hev dei inkje gjort dæ Slag te at Bonden, som vel mest trengde te å få ei Målreinsking i Bøkene sine, kunde få sitt eie Mål i Ålmuskulen. Men dette må snart gjerast, og at dæ kann verte noke Alvor ta mæ dæ, vil me vende oss åt dokke Bondevenne. Men fyst ska me fortelja ein Grand om Målsaka, korleis ho e oppkomen, korleis ho no stend, kva me vil og kva som no må gjerast:

I dei gamle Dagane, då Norge va eit Rikje før seg sjøl, snakka Storkarane i Norge reint Norsk. Men då Norge kom under Danmark, tok dei te å leggje av sitt goe Mål. Då vart dæ Skjikk å skrive Dansk, og so lærde Storka­rane seg opp å snakke ette Bøkene. Men den store Mugjen i Byane heltt på Gamlemåle sitt og snakka Norsk, og endå den Dag idag bruka dei Norsk i Byane mæ, om dæ kanhende hev vorte noke veikt og fattegslegt ta seg; for dei hev tekje mykje ette Storkarane, som dei hev vore so mykje ihop mæ, og so hev dei no i mange Herrens År vore opptamde te å lesa Bøke, som hev vore skrivne på reint Dansk. Men Bondemåle kring Lande e no like norskt endå. Dæ e då inkje Gamalnorsk førstend seg, men Nynorsk, sameleis som Måle dei snakka i Sverik no e Nysvensk og inkje Gamalsvensk. Men då me i 1814 vart eit fritt Folk og slapp laus frå Danmark og fekk stelle oss te Rettes her oppe i Norge, so kom Storkarane te å tenkje på, at dæ skulde vera gjilt, om me hadde eit norskt Mål, og so gjore dei dæ norskt mæ eingong og kalla dæ Norsk istanfør Dansk. Før dette vart no Danskjen sint, og vilde, at Normannen skulde vera so snild å kalle Måle Dansk, når han skreiv Dansk. Og Normannen måtte stå te, at dæ va Dansk, han skreiv; men likevel kalla han Måle Norsk. Dette kunde Dansk­jen naturlegvis inkje førby, og soleis gjekk dæ før seg, at dansk Mål kom te å heite Norsk, når Boka berre va trykt i Norge. Men kvar Mann skjyna naturlegvis, at Måle vart inkje norskt i Grunnen, om dei alder so mykje kalla dæ so, all den Dag dei skreiv same Måle som i Danmark, mea Lande sjøl hadde eit Mål, som hadde stått og vore norskt, solengje Norge hadde vore te. Dansk skriv dei endå her, og dæ skriv båe Bondeguten og By­guten, for dei hev inkje lært å skrive noke anna i Sku­len. Men likevel, so kann no den norske Naturen inkje so reint førnekte seg heller; dæfør skriv no Diktarane våre Bjørnson og Ibsen eit Mål, som Danskjen slett inkje lika, for der stikk Norsken fram. So hev ein Mann, som heiteKnudsen,som e Overlærar på Latinskulen i Kri­stiania, gjort svert mykje te å få Bokmåle vårt norskare. Han vil ta opp norske Or og norske Orskøp smått i Senn. Men dette Måle e no inkje reint Norsk dæ helde, og sjøl kalla han dæ berre «Dansk-Norsk». Han hev inkje våga seg te å gå so vitt som Bymåla eingong. Men likevel e dæ endå inkje mange, som våga å gå so vitt som Knud­sen. Bjørnson tek vel opp norske Or, som Danskjen inkje hev; men han bruka inkje å gji Ora norsk Skap. Sameleis e dæ mæ den andre norske Diktaren vår Ibsen og. Slike Or som: «Naut» og «Beist» bruka Ibsen på Norsk istanfør «Nød» og «Best». Norsken ska vel vera go nok te slike Or, meina han vel då. – Men i dei siste Åra hev nokre tekje te å skrive reint Norsk, ompass som dette Måle eg no skriv her, og hev mæ Tia tenkt å få rein Norsk in i Bok og Bla atte. I gamle Daga va dæ vel og ein og annan Karen, som skreiv Sanga og Vise på Bondemåle. Soleis va dæ i 1734 ein Student, som heitte Nils Heiberg. Han skreiv den vikjende Brøllopsvisa «I rykandes Ovær og fykandes Vind», Gudbrandsdølen Ed­vard Storm: «Os ha gjort kva gjeras skulde», Tomas Stokflet: «Heimatkomsten: Lengje venta Laurdagskvellen eingong kom», Hans Allum: «E sku au ha Lyst te gjifte me san». Dette va i dæ fyrre Hundertale; men dæ va alder tenkt, at dæ skulde verte noke Alvor mæ å bruke dæ norske Måle. Dei skreiv so før Moro. Men då dæ lei framette i dette Hundertale kring 30-Åra, tok dæ so smått te å verte Alvor i Leiken. HanHenrikVergelandva Mannen, som ga fyste Støyten og som va ute her mæ som i alt anna norskt og gjilt og stort. Sjøl brukte han ofte mange goe norske Or og skreiv om dæ norske Mål. Han ga soleis ut ein Visebundel, som han kalla «Lange­leiken», som va skriven på Norsk i 1842. Mot Henrik Vergeland sto no Finfolkje, som va sint på han og Norskheita hass. Dæ va Velhaven og Sveigaard og Stassrå Stang og fleire andre, som no e Embætsmenn. Velhaven, som va båe den verste Motstandaren og Ovenen hass Vergeland, skreiv mot hass norske Arbei og Mål og sa, at dæ va eit: «til dyrisk Søleri og Vildhed førende ækelt Surogat for dannet Sprog». Men dæ nytta inkje, kva dei kridde og ga vont frå seg før. Vergeland vart folkjekjær over heile Lande. Og mæ Vergeland og hass Tanke hev Norge gått viare fram på den norske Vegjen.

I 40-Åra kom dæ fram ein Bondegut frå Sunmør, som skulde verte Karen te å ta opp dæ norske Arbeie hass Vergeland i Målvegjen. Denne Mannen vaIvar Aasen.No e han ein gamal Mann, men endå sit han mitt oppe i Arbeie. Då han va ein ung Gut å kalle, kom han te ein Prest, som tok seg av han, so han vart Skulemeistar. Han va dygteg i noke, som dei kalla Botanik elde Blomsterlære. På Blomstrane bruka dei Lærde mange latin­ske Namn. Men no syntest han Ivar, som va vel kjend mæ Bonden og kjende Bondemåle sitt, at dæ skulde vera morsomt å koma mæ dei norske Namn på Blom­strane istanfør alle disse latinske. Han kom mæ ei Oprekning båe på dæ og mangt anna frå Folkemåle, og no vart Bisp Neumann var han. Han tok seg av han, då han såg dæ va noke stort mæ Karen. På den Ti va dæ og utsett Løn før den, som kunde greie noke ut om dei norske Bondemål. Bispen fekk Ivar te å fara kring Lande og lære Bygdemåla og fekk Vitskapsselskape i Trondhjem te å koste Færa, og sia fekk han Hjelp av «Oplysningsvesene». Ette at han hadde fare runt Lan­de, kom han mæ dei tvo store Verka sine: «Det norske Folkesprogs Grammatik», som kom ut i 1848 og «Ord­bog over det norske Folkesprog» i 1850. Grammatiken sin hev han omarbeitt sia, og andre Utgåva kom i 1867. Orboka e og omarbeidd, og nett no i disse Dagane e dæ fyste Binde av henne utkome. Om disse tvo store Verk ska alle lærde Menne vera einige i dæ, at dæ e Mønsterarbei. Viare so hev han gjitt ut: «Prøver på Lands­målet i Norge» (1853) og «Norske Ordsprog» (1856), Sangspele «Ervingen» (1855) og «Symra, tvo Tylfter med nya Visur» (1856) som vart omattrykt i 1867. Ellest so hev han skrive mange Stykkje om Målsaka i Bok og Bla, som eg inkje her veit å nemne.

Men va me so lukkelege, at me fekk Målmannen, som gjore Alvor av Tankane hass Vergeland mæ dæ, at han samla alle norske Or i Bondemåle og sette opp ei Møn­sterform før heile Lande, som alle Bondemål liksom kunde gå opp i, so va me helde inkje so uhepne mæ den Mannen, som ette kom, som skulde syne, at dæ gjekk før seg å skrive og syngje og dikte på dette Mål mæ, og denne Mannen va Skalden:Aasmund Olavson Vinje.Å rekne opp alt, han hev skrive, e dæ helde inkje Mei­ninga her å gjera; men dæ vigtigaste bør nemnast. Vinje va frå Telemarken og dæ fine Telemåle va Toe i Son­gen hass. Han va frilynd Politiker, stor Skald, heit Normann, heilhuga Kar og klok Mann. «Dølen» heitte eit Vikebla, som han ga ut på Bondemåle. Dæ kom ut fyste Gongen i 1858, og mæ dette Blåe stelde han so lengje han levde. Her dikta og skreiv han om alt mesta, som dæ stend om Salomon. Dølen va vel dæ morsomaste Bla, som hev kome ut i Norge og syne ein heil ny norsk Tenkjemåte. Her skreiv han dryge Or mot Land­sens Styre, og før dæ mista han Kopistposten sin. Han va inkje meir hell Kopist, og før dæ han skreiv San­ning, so va Tap av den Stakkars Posten Løna han fekk. Han fekk inkje Eignelute her i Væra. Men trudde Re­gjeringa ho skulde stagge Munnen hass mæ slik Åtfær, so kom ho nokk te å forrekne seg; for Dølen levde so lengje han Aasmund levde.Storegute dæ gjildaste Skaldverkje hass. Han kom ut i 1866, og sia e Storegut vorte oppattetrykt. «Ferdaminni», «Blandkonn», «Vår Politik», «Om Sveigaard», «Diktsamling» e allesamen gjilde Bøke frå Vinje skrivne i Bondemåle. Tak og les! Dæ e dæ einaste me kan seie. I Somar døydde Vinje, og når dæ norske Mål eingong e kome te sin Rett, ska Namne hass stå høgt i Jamnbreidd mæ Ver­geland og Aasen. Vergeland tenkte Tanken, Aasen førde han i Buna og Vinje leika mæ han. Ellest hev mange andre trottige Menn arbeitt før Måltanken. Eg ska nemne Eirik Torvaldson Sommer, som i Åre 1860 skreiv ei gjild Noregs-Saga på Norsk endå Måle dengongen va so lite opparbeitt. Denne Mannen hev i dei siste År tekje Avskje, for han e no blind. Dæ va stor Skåe, at han gjekk ifrå, for dæ va norskt Emne i den Karen. So hev me Henrik Krohn bort i Bergen, som hev skrive nokre Bøke på Landsmåle og styrt tvo Årganga av Ferdamannen, eit Målbla, som kom ut ein­gong kvar Vike i 1866 og 1867 bort i Bergen, Diktaren Kristoffer Janson frå Bergen, prestlær, som hev skrive: Frå Bygdom, Norske Dikt, Jon Arason, Han og Ho, Ma­rit Skjølte, 5 Diktarbei på Måle og 2 små morsome Fortellinga: «Slåstkjempa» og «Etter Bjørnen». No før Tia e han Lærar på Folkehøgskulen hass Kristoffer Brun opp i Sell i Gudbrandsdalen.

Kristoffer Brune ein dygtig ung Teolog, som hev vigd seg før Folkehøgskulen og hev gjort seg kjend før sine djerve Or og Tala, han hev kome mæ oppe i Studentersamfunde her inne i Kristiania. I 1866 heitt han ein gjild Tale om Målsaka, som dæ norske Studentersamfund hev kosta i Trykken; og der samla han om Målsaka, heile den nationale Reisingstankjen. Denne Talen heltt han herinne fyrr han drog ut på Lande og tok på mæ Folkehøgskulen sin; men ifjor kom han ne te Kristiania og sa, kva han tenkte om Storkarslive vårt i Norge i Motsetning te Folkelive, som han hadde lært dæ å kjenne. Disse merkjelege Talane hass kom som ein Elding over Kristiania og vart snart bårne ut over Lande. Gji Gud han Livedagane, so vert vist inkje disse Ora dei siste, han hev sagt i Norskesaka og Folkeoplysingsvegjen, og me trur, at fær han arbeie i 20 År, som han sjøl sa, som Folkehøgskulelærar oppe i Gudbrandsdalen, so ska Gudbrandsdalen verte ei andeleg Makt i Lande, der dæ ska gå ut ifrå ei stor norsk Vekkjing, og me vil vone, at mange andre norske Folkehøgskula ska møte han på Vegjen i dæ norske Folkearbeie hass.

Her inne i Kristiania hev nokre Studenta og gjitt ut eit Målbla, som gjekk i tvo År og heitte «Svein Urædd». Dæ gjekk inn ve Juletie i Vinter, men istaen kom dæ ut eit anna, som endå gjeng unde Namne «Andvake». Fystemannen før dette e filologisk Kandidat Steinar Schjøtt. – I Bergen e dæ eit stort Mållag, som heiteVestmannalagje,som tell ein fir-fem hunder Mann. Eit Tisskrift, som heite «FråBy og Bygd»kjem ut der bortanifrå. Ellest e dette Lagje mest før Bergjensarane, og dæ e eit mykje vispurt Lag før si Hyggje og Moro i Selskapsmøto, og ifrå dæ vil me vone dæ ska gå ut ein stor Elsk te Måltankjen te Bygdene runt i kring; for inkje rettare hell me skjyna so e Vestmannalagje eit stort Lag, som dreg Folk av alle Stende åt seg derborte, og e dæ einaste større Lag i Lande, som hev vorte eit Folkelag i høgre Meining. I Kristiania e«det norske Samlag»,som hev gjitt ut fleire Landsmålsbøke. Dæ e mest på Lag som eit Folkeoplysingsselskap, som no hev stått i 3 År og vist tell inpå ein 400 Mann. Ellest ska dæ no vera fleire Mållag utover Lande, serleg vil eg nemne eit opp i Gausdal oppe ve Vetlehamar, som PerBøe Formann før.

I disse 20 År hev soleis Målsaka gått snart fram, og me hev alt fått mange Målbøke; men me må stå te, at Måltanken hev vunne lite fram te Bonden og dæ e serleg te han, han skulde vinne fram. Vel e dæ so, at den store Mugjen inkje bryr seg stort om slikt noke og vel må me helde døme Folkje ette dei, som kjem ut frå dei lægre Stende i Lande, som hev arbeitt seg opp te eit høgre vitslegt Stelle hell ette den store Mugjen, som endå inkje hev fått Vett på sitt eie Beste og vel e dæ so og at Måltankjen verkeleg hev vunne mange av dei likaste Menn før seg båe av dei som hev vore opalne i Stormanslive og i Bondestova; men all den Dag slik ein Ting, som me måtte tru kvar Mann måtte ta mot som eit Lette, inkje hev slått ne som ein Elding hos Lægmannen, so må Skulda vera hos Målmennene sjøle. Tanken mæ Målsaka e grei, og ingen kan ha noke vitugt å bera imot han, kjenne ein dæ Slag te Bondemåle, og dæfør hev og mange Kara, som dæ e noke te Tak i, gått in på Måltanken; men Ulukka hev vore den, at Målmennene inkje hev vore dygtege Folk i Norsk. Dei hev i Grunnen skrive Dansk. Me e opplærde i Dansk, optamde te å tenkjeog bera fram Tankane våre i dan­ske Or og Orlag, og om me hev snutt Ora om i norsk Form, so hev me gjort lite likevel. Når soleis Bergjen­sarane ska bruke dæ danske Or «deri», so tenkje dei som so: «der» heite «dar»,«i» heite «i», so e alt færigt, «deri»må heite «dari»;men noke slikt Or finst inkje hos Bonden. «Deri stikker det» omskriv inkje Bonden mæ «dari stikk dæ»;men « i dæ stikk dæ»eller anna slikt noke; men «dari» heite de slett inkje. Slikt noke e so merkjelegt, at dæ bør nemnast, alt mæ dæ mange kunde synest dæ va smått; men dæ e so råkande, kor lettfærigt dei fer fram mange. Dei vri om Ora og so e alt færigt, og so ein Stil Gud hjelpe oss som e verre hell dæ hadde vore skrive ta den argaste Tysk. Fraser som slike: «Er dat slike Synkvervingar i dat Yttre og med Hensyn til Ting, som hava sit ein Gong gjevne likamlege Skap, so kan det so myket lettare gå fyre seg i alle meir åndelege Forhold o.s.v.», kan ein uti Eitt treffe på i Brevsendinga frå dei bergenske Målmenne. At ein Ting er «uden Hjemmel» skriv dei om mæ: «at han er utan nokor Heimild». Men dæ vert lett å skrive Norsk på slik Måte, når ein inkje vil gjera seg Umakje mæ å lye ette korleis Bonden og Normannen sjøl tenkje og snakka. Ein Bymann tessmeir vilde alder snakke soleis; men dæ smaka nokk ta Fugl sa Kjerringa, kokte Supe på Garstauren Kråka hadde sote på, meina vel Bergjen­sarane. Dæ hev vore «dansk And»i norsk Buna berre og her må vist dei flestalle Målmenn stå te: Anda hev vore viljug, men Kjøte veikt. Me fær ta Skjeia i ei anna Hand her ette Dag alle ihop og snakke ut kva me meine og rette og hjelpe kvarandre og inkje sitje og skryte og skreppe ta kvarandre, berre me skriv på Landsmåle og inkje hev noke gott å skrive om og inkje skriv dæ litle, me skriv skjikkelegt helde. Og når eg ska seie mi Mei­ning, so trur eg, Ulukka hev vore den, at mange Mål­menn meir hev tenkt på å få eit Mål, som mæ Pokkers Makt skulde vera norskt på den Måten, at de snarare va gamalt Norsk hell ny Norsk og Ora snarare inkje-danskehell livande norske elde kanhende snarare eit tankerett mål-lappa Mål hell eit Mål, som dæ kunde vera ei Lette før Bonden at få inført istanfør Dansk. Men dæ hev gått ofte so, at dæ hev vore lite vunne på Byte, og her trur eg Bergjensarane hev dei støste Syn­dene på Samvitigheita si. Dæ stikk noke fram av «Musé-tankjen» deira. Men mæ slikt fær me halde opp herette Dag og sjå te å skrive greitt og klårt og so ny-norskt eit Mål, at inkje Bonden berre vinn på Byte, men og sjøl ser, at han vinn og då fær me leggje av alle Gamalnorskheitene våre, som me te denne Ti hev leika oss so mykje mæ og rette oss meir ette Daglegtalen. For dæ e inkje Meininga, som so mange trur, at dæ e Ga­malnorsk som ska in; men dæ e berre den Norsken som leve den Dag idag utyve Bygdene. Gamalnorsken korkje kann elde vil me ha; dæ vilde vera Tull å gå soleis attlengs. – Dæ seie seg sjøl, at ette dæ eg hev sagt om Aasen og Vinje, dæ alder hev vore mi Meining, at inkje dæ Måle dei hev skrive, skulde ha vore norskt og gjilt og gott. Hev dæ i Bøkene deira ender og då stått Bokstava, som e utdøydde mest alstaen i Lande, so hev dæ likevel inkje gjort noke viare, for deihev kunna Måle te Gagns, og Bondemåle hev vore deira Morsmål; men sia so hev dæ og mesta berre vore dei, som te denne Ti hev skrive so båe Målmennene sjøl og andre kunde ha vore nøgd mæ dæ. Do må eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix,som hev skrive nokre gjilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne på Flekken, at ein hev mæ ein norsk Målmann å gjera. Men han e og Bondegut. Men bortanifrå Bergjen hev dæ somenn vore smått; og Grunnen te dæ ligg vel i dæ, dei e Byguta, som inkje kan skrive noke anna Lands­mål hell dæ dei hev studera seg te. Dæ e so fritt før all norsk Stil, at dæ e snodigt dei inkje hev sett dæ sjøle. Når ein les Ibsen og Janson, so må ein sant å seie stå te dæ, at Ibsen skriv mykje meir norsk. Men e dæ då mi Meining, at Bymennene inkje ska skrive norsk, men berre Bokmåle vårt? Nei slett inkje. Eg trur dæ, at vilde Bymålmennene berre stikke Fingeren i Jora og lukte der dei e, so hadde dei go Rå te å skrive gott Norsk; for i kvar By ne på Gata snakka dei gott Norsk og Anda elde Stilen om eg kan kalle dæ so i eit Mål, som vert snakka, e so norsk, at me no før dæ fyste hev mange Gange meir hell nok mæ å gjera Bok­måle vårt so norsk; men dæ hev vore Ulukka, Mål­mennene og då serleg Bergjensarane hev støtt blåst åt Byane og tenkt dæ alder kan koma noke gott frå Na­saret. Der hev Janson sote og skrive og lært seg nokre norske Or utenat ette Orboka hass Aasen, og hev han so some Tie treft te å skrive Norsk, so hev dæ inkje vore eie, men Ettelikning. Han våga alder rive seg laus og vera seg sjøl og tenkje ette kor dei snakka ne på Gatene; dæ e so liten Vågna; men Ulukka hev vel vore, at Mesteparten av disse Bergjensarane alder hev snakka Norsk, då dei va små, Mesteparten e Storfolks Søne, som hev gjort Bykse mæ eingang frå Salongmål [1] og te Bondemål og dæfør hev dæ gått som dæ hev gått mæ. Og so e dæ dæ merkjelege mæ alle disse bergensiske Målmenn, enten snakka dei i Live ompass kav Dansk elde so knota dei eit kunstigt Normalmål kvar Gong dei stend opp og ska halde Tala i eit Mål, som korkje finst på Himel elde Jor, korkje inne elde ute. Dæ e so merkjelegt å høyre slike Folk seta fram den Læra: Snakk enten fint Dansk heilt ut elde so heilt Norsk heilt ut; men på slik Måten vinn inkje Måle seg fram. Ska me vente te Bymålmennene, som tek dæ, som dei no gjer, tek te å snakke norsk te andre Tie hell dei e oppe og held dundrande Tala i eit sprikjande Mål, so fær me vente lengje. Dei stend opp og snakka eit naragtigt Mål, som ingen vil kjennast ve, på Talarstolen, og snakka du te dei, når dei hev stige ne, so gjeng dæ i den gamle Trallen på Dansk; berre du ender og då kan treffe te å få høyre gamle utdøydde Or som å «kvessa Tjodskapshugen» og «Stjorni» og «gamle Bjørgvin» og mykje anna rart, som kvar Mann inkje kann kalle anna hell Affektation. Nei Bymålmennene må her ette Dag gå meir ut på Gata, vil dei hjelpe oss elde so kan dei gå heim og leggje seg mæ eingong. At dæ kann koma noke gott frå Nasaret hev me i dæ siste havt Merkje på. I Andvake hev Kandidat Schjøtt some Tie skrive nokre små Stykkje og av dei vil eg serleg peike på eit, som heite «Til Fjells». Der hev me ein Bykar frå Skien, som hev tekje Fotafeste sitt i sitt Gatemål, og dæ Stykkje e dæ eit makelaust gott norskt Mål i. Dæ kan mesta setast jamsies mæ dei beste Stykkja hass Aasen og Vinje. Vil Bergjensarane hjelpe oss her ette Dag, so fær dei vera meir seg sjøl hell no, ifall dei hev noke norskt sjøl å by då å seie. Dei fær lye meir ette Bryggjesjauaren. Dæ e den Råa eg vil gji dei, ifall dei vil høyre ette noke som kjem her austanifrå.

Men so vert dæ og ein annan Ting, som no må skje snart: I dei høgre Skulane i Byane hev dei fått Lærebøke, som i dei seinare År hev vore skrivne på eit«norskare»Mål hell i gamle Dagane. Men som eg sa fystna i dette Stykkje mitt, før Bonden e dæ endå inkje gjort dæ Slag i denne Leia, og dæ e då før Bonden Målsaka i Grunnen hev vokse fram i desse Åra likevel, dæ må me merkje oss hev vore Tanken, om dæ some Tie liksom Gud bære oss e gått i Gløymeboka. Kakjisma e skriven på slikt eit gamaldags Dansk, at dæ e ei Skam å vite dæ; og på sine Kante i Lande bruka dei endå den gamle Forklaringa: «Sandhed til Gudfrygtighed», som Eirik Pontoppidan sjøl skreiv i fyrre Hundertale og slik Stygheit te Mål ska Bonden vera nøydd te å lære. På dette må dæ snart skje ei Omvøling. Mea Storkarane, som då mest snakka Dansk, fær Lærebøke, som båe e ein grand norske og e skrivne i Norgje og nokaleis nye, so ska Bondebonna, som snakka reint norskt Mål vera nøydde te å bruke gamle kavdanske Bøke, so danske, at dæ alder kan gå før seg å få dei danskare. På dette må dæ bøtast, og her trur me, Bondevennene må ta te Mæle og før dæ e dæ og me sende ut denne litle Boka te å greie ut om Målsaka før dokke og te å arbeie før, at dæ endeleg må verte Alvor mæ dæ, at Norsken kjem in i Bondeskulen. De ska kreve, at den fyste litle Leseboka (A-B-C Boka) og Kakjisma ska vera skrivne i Bygdemåle, so at Strilen fær Strilemåle, Vos­sen Vossemåle, Sunmøringen Sunmørsmåle og so viare framette. Dei flestalle Bøke, som hev vore skrivne på Norsk te denne Ti, hev vore skrivne i Normalmåle, som liksom skulde vera eit norskt Sammål før heile Lande. Men eit norskt Sammål vert inkje skapt på ein Dag, ska dæ vera so, at Bonden, som inkje mykje e bokvand, ska verte tent mæ dæ, og so kan me skjyne, at Storkarane, Prestane, Prostane, Bispane og Regjeringa endå inkje vil kjennast ve eit Mål, som dei mæ«einSlags Rett» kan seie e skapt aveinMann (Ivar Aasen) og berre vert brukt av oss Målmenn, som endå e ein liten Flokk. Eg trur, at me Målmenn endå fær drive på og skrive Bøke på dette Sammåle og flikke på dæ alt dæ me kan, so dæ endeleg mæ Tia kjem istand eit Mål, som då eingang kan verte slått fast som Landsens Mål. Men dette vert vist inkje i dei fyste Åra. Tia gjeng og Bonden fær Søne og Døtre kvart År, som ska ta på og lesa, og han, som dæ va tetenkt skulde få eit Lette ve Målsaka, fær dæ inkje, og kor mykje me Mål­menn skriv Bøke, so hjelpe dæ han lite og dæ hjelpe Bonna lite at den Mugjen, som no kan lesa og helde vil lesa Bokmål hell Normalmål, som Motstandarane våre seie, kan lesa Dansk. Møa vert den same over alt Lande iår som ifjor og neste År som iår; for om Bon­den skjyna Bymannen og te Nø kan lesa i ei dansk Bok, so snakka han alder Dansk sjøl korkje heime elde ute, ifall han e noke te Kar, so dæ hjelpe lite dette, at deikanlesa i Bok no Bonden. Den same Vanden ligg der endå den Dag idag i Skulen; for kvart År ska Tusenvis av Småbonn te å lesa. Dei vert då inkje fødd mæ Gåve te å tale og lesa i framande Tungemål likevel Bondebona meir hell andre Bonn, om Foreldra alder so mykje kan lesa Dansk, når dei alder snakka dæ i Live. Dæfør vil eg, at den fyste litle Leseboka og Kakjisma ska skrivast i Bygdemåla no so lengje te eit Landsmål før heile Lande liksom fær skapa seg ta seg sjøl. Bygdemåla leve, dæ kan då ingen nekte, enten han e Bisp elde Klokkar, og dei vil me, de Bondevenne ska krevje ska verte tekne i Bruk på Ålmuskulen Lande runt. No e dæ vel mange Bygdemål i Lande; men dæ vert inkje so vanskelegt endå. Fyst so kunde no svert mange Bygde slå seg ihop og hjelpe seg mæ eit Sammal, og sia so kunde no ein dygteg Målmann skrive ei Kakjisme tenkje eg meg på eit Landsmål åt heile Lande, som då natur­legvis må liggje so nær in te Bygdemåla som dei vert snakka, som mulegt. So kunde Skulelærarane ut yve Lande velja seg ein ut or sin eien Flokk i kvart Prosti for Eksempel te å skrive Boka om i Bygdemåle deira. ABC-Bøke og Kakjisme ska kvart lite Bån ha. Kvar Bygd treng slike Bøke i Tusenvis, so dæ kan inkje verte so dyrt å trykkje opp Bøke før kvart Prosterikje te Dø­mes. Inkje anna me veit, trykkjest no disse Bøke opp ialleBya og då kunde kvar trykkje opp før dei Bygdene, som låg omkring dei på deira Mål. Og fekk me dette te, at Bonna fekk Lov te å bruke Bygdemåle sitt i Sku­len, so va me ovapå, so hadde me i Grunnen vunne og Målsaka va snart avgjor. Når Bondeguten fekk sjå Måle sitt på Prent, so vilde han få Mot te å bruke dæ på Prent sjøl mæ og på Kjyrkjegolve båe før Prest og Bisp, og so vilde Skulemestarane snart våga seg te å snakke norsk båe i Skulen og ute i Live ellest og inkje snakke eit Mål, som korkje e Fugl elde Fisk, korkje Finmål elde Bondemål, som dei ofte bruka no før Tia, når dei ska fara mæ å snakke «fornemt». Eg tek dæ opp att: De Bondevenne ska ta denne Sak før dokke og sjå te å gjera Alvor ta dette. Ifall eit slikt Krav kjem frå Bondevensamlaga runt Lande, so vert nok enten Re­gjering elde Storting nøydd te å ta seg ta Saka. Eit Or frå 20 000 Bondevenne i Lande e inkje so lett å blåse åt, som some no lest tru. Tak Mot te dokke, tenk over Saka, dryft henne, skriv so in te Jaabæk, kva de meine om disse Tankane, so ber nok han dei fram, når Tia kjem. Men dry inkje og ver inkje rædd Storkarane:

Tak Verkty i Hand, gott Folk, uten Votte,

Mæ Handska i Labb tek Katt inkje Rotte,

seie Henrik Vergeland. Dæ gjeng inkje minder Ståk i slik ei Sak; for her vil nok Storkarane bera imot, når dei ser dæ vert Ålvor av, for då vert dæ eit Storslag, de kjem te å slå mot dei. Lika inkje Storkarane dokke no, so Jean de vera stø på, dæ vert minder Brorskap, når Bon­den vert so stor, at han vil ha Rett te å lesa og be og syngje og skrive på sitt eie Mål. Men tap inkje Mote, gakk berre på og Segren ska vera vår. Jaabæk kom og hjelp! Vinn me dette Slagje, so vinn me i Grunnen dæ støste Slag, som Storkarane hev bua seg mot alt frå Dagane hass Velhaven, då dei budde seg te å kjøyve Norskheita og Henrik Vergeland. Vinn me her, so vert Drau­men hass Vergeland førd fram te Sanning, og kva bære kan me få te Siglestein hell Henrik Vergeland?

Eg ska no mæ få Or ta opp dæ eg hev sagt her:

1. I mange År hev dei no trottigt arbeitt på å få eit norskt Mål i Bok, som me hev dæ i Live og mange nor­ske Bøke e komne.

2. Men endå e inkje den norske Tankegang komen te sin Rett. Eit Fotfeste før denne finn Bymålmannen på Gata og Bondemålmannen på Lande og inkje i Gamalnorsken. Bymåla ne på Gata e norske og, og dei må helde inkje vanvyrast.

3. Og endå e dæ inkje gjort dæ Slag te å få Norsk in i Ålmuskulen, der han mest trengst.

4. På dette må dæ bøtast, og her må Bondevennene ut og seie Regjering og Storting og Skulestyre beint ut, at dei Bøkene, som kvart Bån skal lære utenat i Sku­len, ska vera skrivne på Bygdemål liksom den fyste litle Leseboka.

Dette te å tenkje på norske Bondevenne. Hald berre ihop, så ska dæ nokk gå, ska de sjå. Vårt norske Bonde­mål e liksogott som dæ danske Storkarsmål, som ska jagast at ende te dei Stelle, dæ eig heime, og me, som snakka Norsk vil og ha Rett te å bruke dæ i Skulen i Bok og Bla. Og so te Slutt berre dette gott Folk:

Snakk Måle ditt Bonde og gji inkje Sonen din Lovte å danske.

Dette bør stå i Logjene åt kvart Bondelag ut yve heile Lande likso vel som dæ andre de vil ha fram om Spa­ring og norskt Stell ellest før vårt fattige Fjelland. Me må helde inkje gløyme dæ andelege, gott Folk. Vert me sterke i dæ, so kjem dæ hitt lettare, om me inkje vågar å seie som some, at dæ då kjem ta seg sjøl. Dæ eine må gjerast og dæ hitt inkje gløymast.

FOTNOTAR

[1] Salongmål e dæ Mål Storkarane snakka når dei e på dæ finaste. Salong e ein fin Sal i ei fin Lån mæ fine Stola og Greie og fine Manfolk og Kvinfolk.

Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn av O. J. Fjørtoft fraa Samlagje «Fram» i Kristiania. Kristiania 1871. På omslaget står: «Dæ gjeng ei Bok fritt te kvart Bondelag i Lande.» Her frå Kjell Haugland (red.): Målpolitiske dokument 1864-1885. Det Norske Samlaget. Oslo, 1971, s. 81-94. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006