Temakveld: Grunneigars rettar ved offentlege inngrep

30. november, kl. 18.00, Salen, Aasentunet

Kva gjer du når kommunen, fylkeskommunen, staten, kraftselskapet eller andre offentlege instansar vil gjera inngrep på, eller ta over eigedommen din? 

Påmelding på e-post: event@ovgj.no 

Når det kanskje fører til at du må flytte ut av heimen din fordi det skal byggjast veg eller anna der, er det unekteleg ei stor belastning. Dei som skal utføre tiltaket kan få rett til det på ulike måtar, som planbehandling etter plan- og bygningslova – og med vedtak om oreigningsløyve.  

Men kva gjer du då? Og kva er rettane dine?   

Dersom bustaden din – eller fritidsbustaden – må rivast, er det normal praksis at denne blir innløyst. Det er likevel snakk om store, og for mange uoversiktlege prosessar. Samstundes er det tid- og kostnadskrevjande prosessar. Det er med andre ord viktig å ha oversikt over rettane ein har, og å kjenna til både moglegheitsrom og avgrensingar for situasjonen ein står i.    

Dette er ei svært aktuell problemstilling for fleire i Ørsta og Volda for tida, spesielt knytt til ny trasé for E36, men også elles i fylket. Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz arrangerer difor ein temakveld der vi tek opp fleire av problemstillingane som er knytt til slike saker. Vi vil mellom anna sjå på kva ekspropriasjon inneberer, samt fastsetting av ekspropriasjonserstatning.

Type:
Temakveld

Tid:
30. november, kl. 18.00

Stad:
Salen, Aasentunet