«Tuntreet» med Stein Versto og Per Anders Buen Garnås

22. februar 2024 kl. 19.00

Foto: Knut Utler

I denne poesikonserten står ordet og tonen i sentrum. Konserten vekslar mellom solo hardingfelespel og diktlesing – krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet ‘tun’ har med det heimlege å gjere. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom. Midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet – i vid forstand. 

Konserten vart framført som ein del av programmet under årets utgåve av Telemarkfestivalen, til stor begeistring for publikummet som var til stades. 
 
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart under FolkeLarm i 2022 kåra til “Årets folkemusikar”! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gonger, vunne FolkeLarm-prisen to gonger, og vore nominert til Spellemannprisen tre gonger. 
 
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene” i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman, ei prosabok om folkemusikk og utvandring, essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant andre Odd Nordstoga. 

Konserten er eit samarbeid med Vinje folkeakademi og Sørnorsk folkemusikksenter. 

Det blir høve til å kjøpe kaffi/te.  

Velkomen! 

Billettar kan kjøpast i døra.

 

Type:
Konsert

Tid:
22. februar kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret