Nynorsk.no / Vinjesenteret / Arrangement Vinjesenteret
Arrangement Vinjesenteret
Oversikt over arrangement i regi av Vinjesenteret, inkludert arrangement i samband med Litteraturdagane. Sjå opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.
Ingen arrangement
24. oktober
kl. 18.00
VINJESENTERET
Aasta Hansteen-kveld
Vinjesenteret inviterer til kulturkveld torsdag 24. oktober kl. 18.00 om Aasta Hansteen, der du mellom anna kan lære meir om ei av dei første kvinnene som skreiv bok på nynorsk (etter inspirasjon frå ein tur i Telemark i 1852), og kvifor ho måtte reise til Amerika for å kunne meine det ho gjorde om kvinner i samtida.
19. november
kl. 19.00
VINJESENTERET
Litterær samtale - Elin Eika Bringa og Kristin Tveiten
Korleis kan ein sjå tilbake på eit levd liv som ikkje vart slik det skulle? Kva hendingar formar eit menneske? Med dette som utgangspunkt samtaler dei to telemarksforfattarane om bøkene sine, Nålehuset og Snart er eg natt.
Oktober/November
VINJESENTERET
Vinjerevla – forteljinga om Storegut med nål og tråd
Denne hausten kan du vere med å brodere ei 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Ordet ‘revle’ kjem av norrønt, ‘refill’, og tyder ein lang smal strimmel av tøy.