Nynorsk.no / Vinjesenteret / Arrangement Vinjesenteret
Arrangement Vinjesenteret
Oversikt over arrangement i regi av Vinjesenteret, inkludert arrangement i samband med Litteraturdagane. Sjå opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.
Ingen arrangement
Ingen arrangement
25. januar – 5. juni
kl. 18.30
VINJESENTERET
Lesering vår 2023
I vinter startar leseringen opp att! Møt opp på Vinjesenteret desse måndagane for å snakke om, diskutere og lese høgt frå spanande nynorske bøker. Arenaleiar ved Vinjesenteret, Petra Helgesen, har ansvaret for leseringen denne våren.
LITTERATURDAGANE 2023
Programoversikt for Litteraturfestivalen 2023. Du kan allereie no sikre deg festivalpass. NB! Billett til konsert med ISÁK er ikkje inkludert i festivalpass. Sjå også informasjon om menyen under Litteraturdagane nedst på denne sida.
Torsdag 24. august
24. august
kl. 17.30
RAULANDS-AKADEMIET
Folkemusikk som motkultur
- Opning av Litteraturdagane
- Myllarguten og folkemusikken, samtale
- Ulike perspektiv på folkemusikken, samtale
24. august
kl. 20.30
RAULANDS-AKADEMIET
Konsert med ISÁK
ISÁK er eit norsk-samisk band som er kjent for dei energiske liveshowa sine og det intense nærværet dei har på scena. Trioen består av vokalist Ella Marie Hætta Isaksen, produsent Daniel Eriksen og trommeslagar Aleksander Kostopoul.
Johanna Seim og Sjur Nyvold frå Folkemusikkscena på Rauland skal stå for den musikalske oppvarminga
NB! Billett til konsert med ISÁK er ikkje inkludert i festivalpass.
Fredag 25. august
25. august
kl. 12.00
VINJAR
Nynorsk presse og heimlengt
- Fire jubilantar, nynorske lokalaviser, samtale
- Heimlengt 1, samtale
- Heimlengt 2, samtale
- Dei internasjonale perspektiva i A. O. Vinje sin journalistikk, føredrag
25. august
kl. 18.30
VINJAR
Diktarpub og konsert
- Diktarpub med diktlesing ved Agnes Ravatn,
Anders Totland, Stein Versto og Aasmund Nordstoga. - Omvising i Vinjestoga ved Anne T. Romtveit
- Konsert med Stian Carstensen og Ola Kvernberg
Laurdag 26. august
26. august
kl. 13.30
VINJAR
Motmakt
- Vesaas-føredraget
- Vesaas debutantpris, samtale
- Motmakt før og no, samtale
26. august
kl. 18.00
EDLAND
Festkveld
- Utdelinga av Storegutprisen
- Krigsmotstand i Vinje
- Kling og gomme
- Konsertførestilling
Sundag 27. august
26. august
kl. 11.00
VINJE KYRKJE
Festivalgudsteneste
- Kyrkjekaffe på Vinje kyrkjekontor med litterær vandring til Vinje kyrkje
- Falkeriset folkemusikklag
- Preike ved teolog Geir Gundersen
Bjaaland Bygderestaurant
Meny under Litteraturdagane
Småmat for to (kr 250)
Ost og brau frå LEGA, grava elg frå Morgedal. Heimegjort syltety, patè av andelever frå Holte Gård, oliven marinert i Ulivetti olje, grønsaker frå Vinje med brent Kviteseidsmør
Viltsuppe (kr 150)
Vilt frå Morgedal og grønsaker frå Vinje. Kjem med heimegjort focaccia og piska urtesmør med grønt frå Vinje.
Lammeragu (kr 190)
Lam, kvitlauk og urter frå Vinje. Kjem med heimegjort focaccia og piska urtesmør med grønt frå Vinje.
Kyllingsalat (kr 180)
Varm kyllingsalat med quinoa. Økologisk kylling frå Holte Gård og salat frå Vinje.
Søtt
Pasteis de nata – portugisiske terter med egg frå Vehus Blåbærsnurrar med blåbær frå Ordal Pai med rabarbra frå Morgedal og Bringebær frå Vinje. Sitronterte med egg frå Vehus.
Rettane kan også lagast som glutenfri- og laktosefri variantar, og salaten kan lagast som vegetar.
16. september
kl. 12.00
VINJESENTERET
Familiedag på Vinjesenteret
Velkomen til familiedag på Vinjesenteret!
Laurdag 16. september frå kl. 12.00 til 16.00 inviterer Vinjesenteret til familiedag med konsert, forfattarbesøk og fleire morosame aktivitetar.